Julesangar

Hjå oss har Juletrallen vorte ein hit, 2 åringane syng «Her er nok å gjera for….» Heime er det framleis lenge til jul, så me har ikkje begynt med julesangar, julebakst eller noko anna julete, bortsett frå at eg spraya grønsåpe i gangen då, slik at det skulle lukte nyvaska… Men det må eg nok gjere mange gonger før jul 😉

Juletrallen omsette eg jo galant til nynorsk, tidlegare har eg brukt salmeboka eg fekk til konfirmasjonen for å få rett versjon. I mi salmebok, står begge versjonane, både på bokmål og nynorsk. Eg tykkjer det er viktig at me held på dei nynorske. (Sler eit slag!!)

(Men eg fekk refs av sjefen hin dagen, for eg sang Indianarsangen på bokmål…. Lovar det aldri skal skje igjen, og skal grave fram ein bedre, og nynorsk, versjon)

Men, sjølv om det kan virke slik, er ikkje Juletrall min favoritt julesang. Det er EIN sang som utmerkar seg, som er min absolutte favoritt, og som er fantastisk å syngje, VISS ein treff rett stemmeleie… Og ein kjekk bonus er at den er DEN nynorske julesangen, over nokon.

Mange har nok allerede gjetta det; Julekveld. Eg kan dei fire første versa på rams, mens det siste oppdaga eg for nokre år sidan. Eg har egentleg valgt å sjå bort i frå det siste verset, fordi eg har høyrt av Sande ikkje likte det sjølv. Prøv å syng den av hjartans lyst, det er heilt fantastisk! Eg føler meg som ei superstjerne når eg trykkjer til.

(Og eg har ikkje berre fått positive tilbakemeldingar på sangstemma mi, nei 😛 Men det er ikkje sangstemma som er avgjerande, det er engasjementet! Ver heilt skikkeleg tilstades, då eig du ungane! Me hadde tre sangstunder i barnehagen i dag, ungar elskar å synge dersom du elskar det! Det er heilt sant!!)

Ein sang som høyrer med i jula, og som ALLTID kjem for brått på, akkurat som alle 17. mai sangar. Eg begynner ikkje å øve på 17. mai sangar i april liksom, men plutseleg er 17. mai der! Kva sang tenkjer eg på? Det er den sangen som har bortimot flest versjonar i barnehagane rundt om; Santa Lucia sangen!

Denne skal me bruke (trur eg, den er skriven ned frå mitt hovud):

 

Santa Lucia
Natta går tunge steg,
kring hus og låve.
Sola ho gjekk sin veg,
jorda skal sove.
Brått her i stova vår,
lys over mørke rår.
Santa Lucia
Santa Lucia
Då eg ein gong for lenge sidan, var det denne versjonen me brukte
Santa Lucia
med den kvite kjolen.
Kom til oss alle,
lær oss å vere snille.
Skinner i små små lys,
heime og i andre hus.
Santa Lucia
Santa Lucia
Det kjem fleire julepostar i tida framover. Legg igjen din favoritt-julesang!
Ha ei flott førjulstid <3
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.