Juleførebuing

I morgo (eller i dag då, for dei andre, men eg hadde fri i dag ;)) startar me med juleførebuingar i barnehagen (MERK dette gjeld kun i barnehagen, her heime er det leeeenge til jul 😛 )

I min barnehage deler me alle barnegruppene (4 avdelingar) i 4 nye, blanda grupper. Og 4 dagar i veka er me anten på baking, utegruppe, lesing/synging og forming. I morgo har eg ansvaret for lese/synge-gruppa (eg skal, hinsides all fornuft, òg ha ansvar for eit par formingsgrupper og ei utegruppe, men den tid, den sorg…) Synge- og lesegruppa eg skal ha i morgo, har eg planlagt i dag 😉

Tenkte å lese/dramatisere Alf Prøysen si historie om «Bygda som gløymde det var jul«, det er ei koseleg og morosam historie. Og så skal eg lære dei ein julesang som eg lærte for mange, mange år sidan. Eg googla den, og fann ein variant på bokmål, eg har skrive den på nynorsk, slik eg hugsar den frå då eg lærte den. Men dette er nok litt min versjon dette her. Men den er inspirert av Ingeborg Björk/Carl-Bertil Agnestig sin sang.

Ein juletrall

Tekst; Ingeborg Björk/Carl-Bertil Agnestig


Me skal pynta huset med sprake og med blad.
Me skal laga stakar og sette dei på rad.
Me skal baka bollar, store og små.
Me skal laga snippar med melis på.


For her er nok å gjera for
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann.
Ja, her er nok å gjera for
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann


Me skal felle grantre når me i skogen går.
Pynte det med lenkjer når det i stova står.
Me skal sette lys på, raude og blå.
Me skal møta nissen som bankar på.


For her er nok å gjera…


Me skal danse ringdans, syng hopp tra-la-la-la
Putte i oss godteri, so mykje me vil ha.
Me skal feira jula, skjønar du no.
Me kan ikkje unna oss rast eller ro.


For her er nok å gjera…


Ein morosam og fengjande sang! Kjekt med litt andre sangar no til jul, eg har alltid tenkt at denne skal eg bruke, og i år dukkar den opp 😀 

Håpar alle får ei kjekk juleførebuing, ikkje stess for mykje! Likar du bloggen min, så del den gjerne på Facebook, Twitter eller andre stader 😉 Kjekt å få fleire lesarar! Og kom gjerne med idear til postar.

-Gudrun-


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.