Ein fager jolasong

Nest etter Julekveld (Det lyser i stille grender), er dette min favoritt julesang. Eg kan han til og med på blokkfløyte (slapp av, skal ikkje halde nokon blokkfløyte konsert nokon gong, lovar!!)

Det finst mange morosame, nye julesanger, men det er fint å kunne dei gode, gamle julesalmane òg. Eg skal ikkje skryte på meg at eg kan alle versa av denne her, men eg kan eit par.
Muligens ikkje det mest passande bildet, men det er iallefall blå himmel 😉 Bildet er frå ein tur eg gjekk med jenta mi, og på himmelen dukka det opp ei bamsesky! Det var sommar, og ikkje 13 minus som det er i dag..
Fager er den himmel blå
Nikolaj Grundtvig, til nynorsk av Anders Hovden
Fager er den himmel blå,
sælt det er å skoda på.
kor dei gylne stjernor blinkar,
kor dei smiler,
kor dei vinkar
oss frå jordi opp til seg,
oss frå jordi – opp – til – seg.
Det var midt i julenatt
kvar ei stjerna blinka radt,
so med eitt på himmelboge
stråla det so bjart ein låge
som ei liti stjernesol,
som ei liti stjer – ne – sol.
Når den stjerne ljos og blid
synte seg ved midnattstid,
gjekk frå gamalt ordi slike,
at ein konge utan like,
skulle fødast på vår jord,
skulle fødast på – vår -jord.
Vise menn frå Austerland,
ferdastaven tek i hand,
denne kongen vil dei finna,
denne kongen vil dei vinna,
og for honom bøygja kne,
og for honom bøy – gja – kne.
Og til Davids by dei kjem,
finn han der i Betlehem,
utan kongestav og krona,
der det sit ei fattig kona,
voggar barnet på sitt fang,
voggar barnet på – sitt – fang.
Stjerna leidda sant og visst
vise menn til Jesus Krist.
Me har òg den same stjerna
vil me berre fylgja gjerne,
finn me til vår Frelsar fram,
finn me til vår Frel – sar – fram.
Denne stjerna bjart og mild,
som kan aldri leia vill,
er det glade og det store
fagnadbod i bibelordet
til å lysa for vår fot,
til å lysa for – vår – fot.
Trur eg skal ha som mål å lære heile Fager er den himmelblå no i desember. Det er god hjernetrim og lære seg ting på rams. Denne finst sjølvsagt òg på bokmål, då med tittelen Deilig er den himmelblå, eit tittel eg tykkjer lyder veldig fint på dansk! Så til alle dykk som egentleg bokmål til vanleg, er ikkje denne versjonen mykje finare? 
Del gjerne i kommentarfeltet din favoritt, eller nest favoritt, julesong. Likar du dei gode, gamle salmane?
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.