Båtsangar

Båt er litt kjekt, sjølv for ein innbarka daling som meg (med litt, eller mykje, bømlablod). For dei som lurer, så er bildet av båten teke på verdas vakraste øy, Bømlo <3 Når eg var liten og gjekk på søndagsskulen, sang me jo ofte sangar som eg ikkje kunne, men det løyste eg glatt med å syngje «Min båt er så liten» inni meg og gjere ørsmå bevegelsar med hendene.

Min båt er så liten
Min båt er så liten, og havet så stort, men Jesus har grepet mi hand.
Når han styrer båten, då går det så bra, på vegen til himmelens land.
Når han styrer båten, då går det så bra, på vegen til himmelens land.
Men no kan eg jo sjølvsagt mange fleire sangar, blant anna denne;
Ro din båt
Ro, ro, ro din båt,
ta din åre fatt.
Vuggende, vuggende, vuggende, vuggende,
over Kattegatt.
Ro din båt er kjempe enkle bevegelsar til, først ro og så vugge. Det er ein perfekt sang for babyar og små barn. Dette var godnatt-sangen til mellomstemann i lange tider.
Ein god, gammal sognesang er «Ro til Siraland». Denne kan dei fleste barnehageungar i Sogndal, takka vera Toneskrinet som turnerte barnehagane for nokre år sidan.
Ro til Siraland
Ro, ro til Siraland,
femtan kake og fira mann.
Men dao dei kom til Siraland,
aott ikkje dei ein mata grand.
Eple, pære og plomme,
putta dei i lomme.
«Ro til Baltanskjer» er ein annan Toneskrinetsang om båt, den er morsom å syngje, viss ein ikkje høyrer for mykje på teksten 😉
Ro til Baltanskjer
Ro, ro til Baltanskjer,
der sat ei kjerring og fraus ihel.
Ho var so krokut i fotan, ho kund’ ikkje dansa til notan.
Laona meg ein hammar og laona meg ei tang,
so skal eg nok snart fao dan kjerringi på gang.
Kjerringi opp og dansa, so føtene begynte å svansa.
Det er kjekt å ta vare på gamle sangar frå lokalområdet. Her i vårt område har me ei eldsjel som lærer sangane vidare til ungane i bygda. Slike finst sikker òg rundt om i landet, desse gjer ein viktig jobb.
Eg har vore på Frelsesarmeen med alle tre ungane, på babysang, og ein av mange favorittar der, har vore denne;
Store bølger, små bølger
No sit me her og ror,
i vår vesle båt.
Sjøen er stor, veldig stor,
og det kommer bølgjer.
Stor bølgje, liten bølgje.
Stor bølgje, liten bølgje.
Stor bølgje, liten bølgje.
Sjøen går i bølgjer.
Mens me synger denne, ligg alle babyane på golvet mens mammene held tynt, tynt blått og kvitt stoff over dei og lager bølgjer i takt med sangen. Ungane ligg som spikra!
Dette var eit knippe av båt sangar, det kjem nok fleire etter kvart. <3
-Gudrun-

Én kommentar til “Båtsangar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.