Ups….eg smiler ikkje til alle…

Eg har virkeleg prøvd å smile masse til alle eg møter no dei siste dagane, nesten. Men kom eg fram til at eg smiler ikkje til alle, eg smiler ikkje til pene, unge menn og pene, eldre menn. Og ikkje til kjendisar, lokale eller meir kjente. Og heller ikkje tilsynelatande vellukka, pene jenter eller damer.

Fekk meg ein i fleisen der, ja. Kvifor gjer eg ikkje det? Dei treng sikkert eit vennleg smil like mykje som alle andre.

Eg trur dette har med barne- og ungdomsskulen å gjere, igjen. Eg var ikkje blant dei kuule på skulen, som eg var innom i innlegget om mobbing. Men det er jo mine eigne fordommar mot kuule folk som gjer at eg ikkje smiler til dei som eg tykkjer ser vellukka ut.

Eg og jentungen møtte Kurt Nilsen utanfor apoteket på senteret (lokalkunnskap, men du skjønnar biletet uansett om du aldri har vore på Sogningen storsenter). Det er mange år sidan, 9-10 reknar eg med. Han hadde hatt konsert her i bygda og var innom senteret dagen etter. Og han snakka til jentungen, som var ca 2,5 år. Det normale hadde jo vore å smilt og snakka til han, men det gjorde ikkje Gudrun. Neidå, då slo Jante til for fullt inni meg. «Han trur nok han er noko svært!» Hallo!!?? Eg likar jo i utgangspunktet Kurt Nilsen! Både musikken og fyren. Godt mogeleg eg gav han eit avmålt smil, sikkert av dei sure, reserverte eg ikkje likar å få sjølv, dei som får meg til å tenkje «Kvifor hatar du meg? Kva har eg gjort mot deg?»

Låner denne teksten for å minne meg sjølv og dykk andre på dette viktige bodskapet.

Anti-janteloven
– Tekst og musikk av Peter Bjaastad og Grete Karin Hovde

1.
Du har noko ingen andre har
Ingen er som deg
Du kan mykje, har litt av kvart å lære meg
Glad for at eg møtte deg

2.
Eg er glad for at du lever.

No skal eg jobbe med å smile til alle, ikkje berre dei eg tykkjer fortjener det. For eg veit ikkje korleis den eg smiler, eller ikkje smiler, til har det inni seg den dagen.

Les det forrige smile-innlegget for å få med deg bakgrunnen for dagens innlegg.

Smil og ver glad for kvar dag som går,
så skal du sjå kor mange venner du får.
Sjølv om du gløymer at ei og ein er to,
så må du ikkje gløyme å vere snill og god.

Det skreiv me i minnebøkene til kvarandre før i gamle dagar. Minnebøker, det er forresten heilt vekke.

Nok ein gong;
light and love to the people! Og SMIL!

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *