A-B-C, so lett som berre gravemaskin…

Eg og poden på 8, og faren, har litt problem med lesebøkene på skulen. Me finn det litt meiningslaust og lese desse tre orda i fire forskjellege samansetningar, men me har slite oss gjennom det i heile andre klasse. Og det har gått greit nok, bortsett frå at me har fått beskjed om å lese i sommarferien òg.

So kjem utfordringa då; kva kan me lese? Når 8 åringen veldig bestemt kunngjer at han ikkje skal lese noko som helst. Læraren føreslo at me kunne lese Leseløve-bøker om fotball, for det var han interessert i. (Åååjaaa? Er han interessert i fotball?? Det kom som ei overrasking på meg!)

Men ein barnepsykolog gav meg eit mykje bedre tips; google og lag tekstar sjølv utfrå interesser. Han ville forresten lage jonsok-bål av lesebøkene som skulen brukte òg; Eg diggar han!

Eg kom heim og begynte å google, og fann ein liten, kort tekst på bokmål, om gravemaskiner på wikipedia. MEN nederst stod det noko om at teksten var kort og mangelfull, men at ein kunne lese meir (og oversetje viss ein ville…) på nynorsk wikipedia **Yuhuu**!!!! Eg hadde fundert litt på korleis eg skulle gjere det, for eg tykkjer det er litt viktig at han les nynorsk, og her ligg det jo masse spennande på NYNORSK!!

Så no har eg altså, ved hjelp av wikipedia og word, laga nokre ark, som me kan lese på i sommar. Eit tips til alle andre som treng litt lesetrening i sommar! Eg har tips til dei som treng mattetrening òg 😉 Men det får du berre på førespørsel.

Ha ein flotte sommar, med masse lesing. Eg og dotter mi på 11 leser nok for heile nabolaget, har laga meg ei lita leseliste i sommar, for å få litt meir oppbyggande litteratur enn den vanlege kiosklitteraturen eg ofte fell tilbake på 😉 Kanskje eg skal lage eit lite innlegg om leselista mi òg? Det er bøker om både sjølvutvikling og sjølvinnvikling, så det kan verte spennade, og litt om små barn 😉

Klem,
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.