Hjelp til sjølvhjelp…!!

Det er ferietid for mange, også for oss. Me er då ein familie med ei mamma (meg), ein pappa, ei storesøster på 11, ein mellombror på 8 og minsten på tre. Planen er då å reise på ferie, alle fem samla, i ein bil og med ei campingvogn.

Kom med dine all-time-favoritt tips for at foreldra skal overleve bilturen, i ein trang bil med høglydt krangling.

Frå min eigen barndom hugsar eg lange bilturar med storebroren min i midten, sikkert som buffer, og eg og veslesyster mi på kvar si side i baksete. Me hadde (vekselsvis, trur eg) glaset ope, og eg og syster mi (2 år yngre enn meg) sang ganske samstemt (*knegg*) alle sangane me kunne, mens mamma, pappa og broren vår (6 år eldre enn meg) antakeleg rett og slett overlevde.

Men korleis skal eg og gubbis overleve?
Eit tips er å køyre om natta, då søv antakeleg iallefall to av ungane, problemet her er at gubbis (som har lov å køyre med campingvogn, noko eg ikkje har) også pleier sove/sovne på natta… Altså utgår det alternativet.
Eit anna tips kom storesyster på 11 med i dag; spel ein cd som både eg og mellombror likar… Ja, det var jo enkelt å finne, og kva då med tre åringen, som skriker minst like masse som søskena?
Eit tredje tips er evt å legge ferien til Kjørnes camping (dvs 15 min køyring frå heimen) Men då vert det jo ikkje særleg mykje nytt å sjå…

Har du noko andre gode tips? Dvd-spelar, kanskje? Må i tilfelle ha tre stk med tre forskjellige filmar 😉 Ein ting eg iallefall har lært den harde vegen; IKKJE for dei med snop og chips! Det betyr KRIG i baksete. Satsar nok heller på bær, frukt og grønsaker.

Elles så kan jo eg og 11 åringen byte plass i bilen, men mor i huset er den som taklar bilkøyring dårlegast med tanke på bilsjuke.

Har du tips som er heilt geniale og funkar som fjell på bilturar? Ver snill og del dei med ei små-desperat mor, og alle andre som treng det.

Med takknemlegheit,
-Gudrun-

3 kommentarer til “Hjelp til sjølvhjelp…!!

  1. Ta ein tur til Kinsarvik! Der e da ein liten og kosleg camping i tillegg til verdens beste Mikkelparken! Va i Mikkelparken på onsdag, og hadde da AWESOME! Mikkelparken passa for alle, tru da eller ei 🙂

  2. Mikkel Parken og Kinsarvik kan jo gå, iallefall viss me har ei overnatting eller to på vegen 😛 Har tenkt å besøke Mikkel Parken «i alle år». Tusen takk for tips,og så kika eg no nett innom bloggen din 😉 Fin <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.