Kategoriarkiv: Uncategorized

Januar og februar sal <3

Eg vart litt sein med januarsalget mitt, men here it goes!!

Megapakken koster kun 2222,- mot normalpris kr 4054,-

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Den store dokkepakken kostar kun kr 500, mot full pris 1000,-

Dessutan er Mikkel, Bamse og Laffen på sal til 125,- pr dokke, mot full pris på 200,-

Salet varer ut februar, eller så langt lageret rekk, viss det vert tomt før 😀

Løp og kjøp <3

Klem Gudrun

Megapakken

Fram til neste torsdag, 31.8., er megapakken på tilbod. Kva er det egentlig inni den?

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Du får med alle fire handdokkene; Mikkel Rev og Bamse Brakar, Sjiraffen Laffen og Lille Larven Aldrimett Dokkene er super fine teaterdokker som du kan ha masse moro med!

I tillegg får du med pakken med fingerdokker; Dei tre små grisene og ulven.

Alt dette sender eg i posten.

Men du får òg tilgang til mine to onlinekurs;

Sju steg til ei spennande samlingsstund – dette er eit kurs på sju moduler, der eg fortel deg kva som fungerer i ei samlingsstund. Eg har slakta ei samling og delt opp i desse sju læringsmodulane; start, spennande, sjå og smil, saker, song, skodespel, slutt.

Felles opplevelse – dette er eit kortare inspirasjonskurs, der eg tek føre meg samlingsstund som felles opplevelse.

Salet varer til 31. august. God barnehage-oppstart!

Klem Gudrun

Kan du ta med boksen i samling?

«Er du her i morgo?» seier ei fem år gammal jente til meg på turen vår i dag. «Jepp, eg er her kvar dag!» seier eg. «Kan du ta med boksen i samling? Den med gull og kvitt?» er neste spørsmål. «Det lovar eg!» svarar eg.

Ho gleder seg allerede til samling i morgo! Kor kjekt er ikkje det? Eg har sagt det før – eg får energi av å ha samling. Så når eg er sliten, har murrende hovudverk og er lei jobben min, så samlar eg ungane til ei forrykande samlingsstund med masse liv. Og går ut av den med ein litt bedre dag.

Og så gir det meg godfølelse på jobben eg gjer. Det er ikkje til å stikke under ein stol, det er masse krav fra alle kantar mot ein barnehagelærar no om dagen. Og det gir eit psykisk stress og press. Så du føler ikkje alltid at du strekker til, tenkjer av og til at er eg egentlig noko god på dette? Då er det godt med tilbakemeldingar som «Du er jammen god til å ha samling!» Som ein femåring som ikkje var på min avdeling sa til meg etter ei fellessamling ein gong.

Er det vanskeleg?

Tid er berre heilt magisk! Du gir ungane tid til å respondere, og du eig dei! Eg kan bruke mange minuttar på å opne den magiske boksen. Men vert det kjedeleg for det? Nei, eg har ungane i mi hule hand – det er ingen som ikkje følgjer med!

Her er ein kjapp inspirasjonsfilm om konkreter og samlingsboks i samlingsstunda.

Viss eg skal oppsummere

  1. bruk tid!
  2. ha med konkretar.
  3. og sjølvsagt fokus og engasjement.

Hugs – det er sal i nettbutikken! Sjå her på Megapakken, som inneheld omtrent alt eg eig og har. Og her på onlinekurset Sju steg til ei spennande samlingsstund. Salet varer ut august, og er mitt bidrag til eit godt nytt barnehageår. Masse lykke til, det er ikkje vanskeleg å ha gode samlingsstunder. Du trur kanskje at eg alltid har likt å stikke hovudet fram? Men det er laaangt fra sanninga, som sagt tidlegare, så sa eg knapt eit ord høgt i klassen fra 4. klasse. Men eg har lært meg nokre triks og verktøy etter 26 år i barnehage, og dei vil eg lære vidare til deg!

Klem, Gudrun

Kva er det som fungerer?

Eg har som eg kanskje har fortalt, begynt i ein ny barnehage. I den gamle barnehagen min hadde me aldersreine grupper, og oppstarten i fjor var med 12 nye eit åringar, der 8 begynte 15. august. Berre dei som har opplevd det, kan forestille seg det.

I år har eg oppstart på ein stor avdeling, med 18 ungar, i aldersblanda gruppe, der den yngste er 2,5 år og den eldste er 5,5 år. Det er berre tre nye på avdelinga, to fire åringar og pedleiaren. Trur kanskje det er mest utfordrande med pedleiaren.

Men denne omtalte pedleiaren har hatt fleire samlingar med gjengen allerede, mange nok til at dei samlast med forventning. Mitt aller aller beste hjelpemiddel er samlingsboksen. Boksen min er fylt opp med samlingsglede, og har fått ein eigen modul i kurset mitt Sju steg til ei spennande samlingsstund .

Samlingsstund fra tidleg 80-tal

Eg diskuterte samlingsstund med mannen min forrige veke. Eg har jo ein grunntanke om at ungane ikkje skal sitte stille og følgje med for min del. Det er eg som leiar som skal lage ei samling som ungane vil ha med seg. Det er eg som får betalt, og dei som betalar for tilbodet. Magen min vrenger seg når ungar får kjeft for å ikkje følgje med i ei uinspirert samlingsstund.

Sjølvsagt skal ungane lære å sitte stille og følgje med på ting som ikkje er så spennande, men kanskje ikkje samlingsstunda er rette forumet? Eg skreiv om dette tidlegare ein gong, etter ei utviklingssamtale i barnehagen, du kan lese innlegget her. Å ha samlingsstunder med startsett «Hysj!» og «Sit i ro!» er ikkje moro for nokon – ungane vert leie og den som leier samlinga føler seg dårleg.

Men tilbake til diskusjonen med min mann. Hans einaste erfaring med samlingsstunder er frå då han sjølv gjekk i barnehagen. Han hadde eit mål – å lure seg unna samlingsstunda – for det var kjedeleg! Han og kompisen sprang ut og gøymde seg – for då hadde dei vertfall øydelagt den samlinga – eller tok med seg snø inn og kasta rundt. Eg får ein følelse av at samlingene ikkje var så inspirerande. For sjølv om han alltid har vore ein rebell, vil han vere med på kjekke ting.

Fokus – engasjement – tilstadeverelse

Det er sjølvsagt ikkje berre samlingsboksen som er mitt hemmelege våpen – eg har sju hemmelege våpen – som du kan lære om i kurset. Men Fokus – Engasjement – Tilstadeverelse kjem eg ikkje unna. Du må vere med på samlinga sjølv – med hud og hår! Og du må ha det moro! Det smittar! Eg seier alltid: Du kan ikkje tenkje på kva du skal ha til middag når du har samlingsstund, då må du vere akkurat her og akkurat no.

Eg skal spele inn att ei ny samlingsstund om ikkje så brått. Inntil vidare får du kose deg med «Heimebarnehagesamlinga» fra 2020.

Lykke til med barnehageåret 2023-24! La det verte eit år med mange kjekke samlingsstunder!

Klem Gudrun

Oppstart

Eg hadde gløymt kor slitsomt – og kjekt – det var med oppstart. Sist eg hadde skikkeleg oppstart i barnehagen var for 4 år sidan. Då hadde me 10 to åringar som starta i barnehagen samme dagen, to var uerfarne barnehagebarn, mens 8 hadde gått i ein annan barnehage tidlegare. Dei tre neste åra har eg surfa gjennom og fulgt gruppa mi gjennom barnehageløpet og sendt dei over i skulen. Sidan eg sende gullungene mine fra meg i vår, var det sjølvsagt at eg skulle begynne med ei ny gruppe gullunger denne hausten.

Frå femårigar til eitt åringar

Og ny gruppe vart det. Dette året skal eg kose meg med 12 eitt åringar. Når så mange små skal begynne i barnehagen, så vert det ei slitsom tid, for ungane, for foreldra og for personalet. Men det er òg ei koselig tid. Får muligheten til å verte kjend med 12 små individ, 12 små mennesker med humor og vilje, 12 små som lærer meg nye ting kvar dag.

Eg har skrive om oppstart tidlegare, sjå her. Dette innlegget er erfaringane mine fra forrige gong eg jobba med eitt åringar. Dette òg.

Song er meir framtredende på småbarnsavdeling

Eg jobba jo med fem-seks åringane i fjor, og då gjekk det mest i prat. No går det i song, eg syng heile tida. Du trur kanskje at eg er super god på å syngje, det er eg ikkje, men eg er god på å hugse tekst og delvis melodi, og eg er ikkje redd for å by på meg sjølv. Eg bryr meg ikkje om kven som høyrer på, eg syng, og det roer ungane.

Me har nettopp starta med samlingsstund, tidlegare i veka hadde eg samling med samlingsboksen og eventyrkofferten vår med Bukkane Bruse. Her er eit innlegg fra forrige gong. Eg trur nok desse eit åringene vert like glade i å synge som desse var. Det lovar vertfall godt, når me seier; «Skal me syngje?» så springer dei til bingen der me pleier ha samling.

Eg har alltid sunge masse, eg har sikkert snakka om det før. Eg og søstera mi sang alltid – ALLTID – på bilturer og når me huska. Me hadde nok verdas mest tolmodige storebror og foreldre.

Men det er sant, det hjelper masse på tilvenninga å synge for ungane. Eg hugsar sist tilvenning, med dei 10 to åringene, veit du, då var det berre sang som roa dei ned, så me hadde samling tre gonger for dagen. Kvar dag kl 9.30, som var vanleg samlingsstid, før mat ca kl 11 og før frukt slik litt før kl 14.

Sjekk gjerne ut nettbutikken, her er min aller største pakke, med to online-kurs og alle hand- og fingerdokkene mine.

Klem, Gudrun

Sju steg

Sju steg til ei spennande samlingsstund er eit onlinekurs om det kjekkaste i barnehagekvardagen – samlingsstunda.

Her er samlingsstund koronastyle. Barnehagen var stengd, men eg trengde samlingsstund.

Sju steg er ei god, morosam samling som er delt opp i det som eg meiner er viktige komponenter for å lukkast.

Bjuda på 😉

Sju steg kostar 999,- til eg har fått nok prøvekaniner, uvisst kor lang tid det tek, og kor mange eg definerer som nok.

Eg har òg eit kurs som eg laga for fagnettverket mitt, som eg i ettertid har digitalisert. Det heiter Felles opplevelse og handler om store samlingsstunder. Dette kostar berre 199,- ut juni, deretter aukar prisen til kr 499,-

Klem frå Gudrun

Vi er alle sammen ville

På fredag hadde eg ein dårleg dag. Hadde hatt hovudverk i fleire dagar, kom på seinvakt, me mangla vikar, det var byttedag (dvs me skulle bytte fra inne- til uteavdelinga), ungane var heilt oppunder taket. Alt var liksom i mot meg. Kva gjer eg når dagane vert slik?

Jau, eg letar etter energi!

Kva gir meg energi?

Jau, samlingsstunda!

Eg jobbar som pedagog 2 på ei avdeling med 22 fire åringar, som då betyr at eg har ein pedagogisk leiar til å bestemme på avdelinga. Men stressa-sure-dårleg-dag-Gudrun spør ingen, ho overkøyrer alle og tek samling. Samling med rytmeinstrument! Kanskje ikkje det du ville valgt på ein dårleg dag, men for meg funker det fjell!

Det høyrer med historia at me ikkje har brukt rytmeinstrument før dette barnehageåret, men det går akkurat slik eg hadde håpt det skulle.

Korleis?

Eg fekk ordenssjefane til å dele ut eit instrument til kvar. Når alle hadde fått sitt instrument, byrja me å spele. Me spelte so høgt me kunne! Og so spelte me so lågt me kunne. Og so spelte me så høgt, og ja, du skjønnar teikninga.

Når me hadde spelt litt slik, så byrja eg å syngje «Vi er alle sammen ville»

Vi er alle sammen ville.
Elle ville med å spille.
Prøv om du kan vere stille nå!/Det er alle som skal spille nå!/Det er Nyperusti/Vetlebekken/Gudrun/alle ungane/dei vaksne….osv som skal spille nå

Lært på Sogndal Lærarhøgskule av Kirsti Ese ein gong på 90-talet.

Vi er alle sammen ville er ein lett sang å bruke instrument til, og eg valgte den sidan det som sagt var første gong me brukte instrumenta i år. Det er ein improvisasjonssong som du kan lage så mange vers til som du berre klarar å komme på.

Etter me hadde spelt instrument ei stund, pakka me dei ned att og tok litt «vanleg» samling. Eg har litt annleis vanleg samling, eg synger og underheld, det er ikkje mykje «Kva dag er det i dag» i mine samlingsstunder. Eg fokuserer på felles opplevelse framfor kjedeleg innlæring. Kva dag det er i dag, passar godt å snakke om i påkledninga til dømes, det passar ikkje like godt med 22 ungar som tykkjer det er kjedeleg å høyre på.

Det gjekk fint

Eg unnskylde meg til ped-leiaren min, for at eg overkøyrde, eg trur ikkje det var eg som skulle ha samling ein gong. Men ho tilgav med ein gong, og det var bra, for det var akkurat det eg trengte denne dagen, å ha ei samling det virkelig spruta av.

I tillegg til Felles opplevelses-kurset, er Sju steg-kurset som eg òg har digitalisert. Dette kurset kostar 999,- på intropris, og fullprisen vert 2499,- når eg har lært nok teknisk. Prisane gjeld for enkelt personar, ta kontakt for tilbod til barnehagar. Nettbutikken finn du som alltid her.

Samlingsboksen på Facebook

Kva er det som gir deg mest energi i barnehagekvardagen?

Gudrun

Felles opplevelse

Eg har digitalisert eit kurs eg laga for fagnettverket kunst, kultur og kreativitet.

Dette snakkar eg om, og lærer deg meir om, i kurset. 

Eg tek utgangspunkt i ei fellessamling med mange barn og stor aldersspreiing. Men det eg lærer deg, kan du sjølvsagt også bruke i ei lita språksamling med tre barn. Eg er sikker på at du kan finne noko du kan bruke. 

Køyrereglar for samlingsstund – tre nyttige tips. 

Rammeverk til ei fellessamling – mal for samlingsstund, dei sju s-ane.

Varer i 40 minuttar – perfekt som inspirasjonsøkt på personalmøte.

Kurset kostar 199,- på intropris, og vert 499,- på full pris. Til eg får litt meir teknisk innsikt, bestiller du på mail; gudrun@samlingsboksen.no

Klem,

Gudrun

Nyttårssal

Godt nytt år alle saman! Håpar du kom sterkare ut av 2020 og at 2021 kjem til å stelle fint med deg. Me feirer med nyttårssal!

Eg ønskjer å gi deg eit fantastisk nytt års tilbod;

i samlingsboksen sitt nyttårssal får du

Stor pakke til kun 499,-

Stor pakke inneheld;

Bamse Brakar
Mikkel Rev
Sjiraffen Laffen
Larven Aldrimett

Og

Tre små griser og ulven

Salet varer til og med 4. januar, eller så langt lageret rekk. Normalpris er 875,- kjøpt enkeltvis, eller 750,- i pakke. Men no på nyttårssal er det

Kun 499,-

Godt nytt samlingsår!

Klem, Gudrun