Matsangar

Kanskje ikkje eit heilt passande bilde då, men eg er så skjeldan ute og eter på restaurant, og bestiller endå skjeldnare dessert, så eg må ta bilde av desserten dei  gongene eg gjer det 😉 Eg pleier heller ikkje syngje for maten når eg er på restaurant, eller heime, for den saks skuld, men i barnehagen syng me alltid for maten.

Alle kan jo «Å du som metter», men den vert mykje artigare dersom de syng den på «Emil i Lønneberget»-melodien. På avdelinga mi syng me ein for-sogna versjon av Kua mi, jeg takker deg:

Kyri mi
Kyri mi, eg takkar deg.
God’e mjelk du gjir til meg.
Kår ein dag, eg til mitt brø’,
drikke mjelki di so søt.

Pulverheksa er ein sang det finst mange versjonar av, eg trur ikkje eg har høyrt den lik i to barnehagar, den går noko slikt som dette:

Pulverheksa
Pulverheksa Abelone
ete uten takt og tone
sim sum
sim sum
et i ro, verse go’

Store små er ein «småbarnsavdelings»-matsang, enkel og grei.

Store små (evt Alle små)
Store – små
sit her no
for no er det mat å få
et i ro, verså god

 

Gutar og jenter har eg lært med teiknspråk, eg jobba på ein avdeling der det hadde gått eit barn med høyrselshemming, og dei hadde behalde teikna.

Gutar og jenter
Gutar og jenter,
sit her og venter.
Magen er svolten
og halsen er tørst.
No skal me ete,
men først må me visa,
at me kan syngja sangen vår først.

Og eg må ta med sangen, dei gamle misjonskjerringane frammi Dalen sang i misjon.

Gud signe maten
Gud signe maten på vårt bord,
og mette kvar ein munn på jord.
Gud signe oss med faderhand,
Gud signe heim og folk og land.

Gud signe maten har jo òg eit takk for maten vers, som begynner slik «I Jesu’ namn me sat til bords» Wikepedia hadde ikkje rette versjonen, så viss nokon hugsar den, så må de skrive ned fortsettelsen.

Og tilslutt matsangen me hadde på Jubileumskonserten i Kulturhuset då barnehagen eg jobba i fyllte 30 år. Har berre høyrt den der.

Nokon har mat
Nokon har mat,
men dei kan ikkje eta.
Nokon kan eta,
men har ikkje mat.
Me takkar deg Gud,
me er so glad,
me kan eta og me har mat.

Å syngje for maten, er egentleg ein fin tradisjon. Er det nokon som synger for maten heime? Og dersom de har fleire matsangar, så veit de kva de skal gjere <3

God helg!
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.