Pusekattar

Legger ved eit bilde av Minipusen vår, som me ikkje har sett på eit år. Han forsvann i fjor sommar, men han var ein gammal pusemann, så me kunne ikkje forvente å ha han evig. Men me sakna han veldig, og tenkjer fortsatt på han. <3 Men posten skulle handle om pusesangar. Dei fleste kan vel, eller har iallefall høyrt, om pusen som stjal mjølk frå mammaen sin.

Lille Pusekatt.
Lille pusekatt kor har du vert?
Eg har vert hos mammaen min.
Lille pusekatt kva gjorde du der?
Eg stjal mjølk frå mammaen min.
Lille pusekatt, kva fikk du da?
Eg fekk ris på halen min.
Lille pusekatt, kva sa du da?
Mjau, mjau, halen min.
(for ordensskuld, så veit eg at det er knota mellom nynorsk og bokmål, men slik går sangen inni mitt hovud, eg har nok lært den på bokmål og omsett den delvis til nynorsk)
To andre pusekattsangar, som eg ofte syng til minsten når han skal legge seg, og som begge dei store òg har vore veldig glad i er desse:
Pusekatt
Pusekatt, kest laog du i natt?
Laog du pao putao ti’ …. (ungen sitt navn el andre)
Aot du opp … sin mat?
Dao lyte du fao pisk i røvi.
Denne er litt lik på den forrige, handlar om stjeling og rising 😉 Denne sangen har eg òg sett på vossadialekt, men denne er sjølvsagt på sogning. Men viss du vil bruke den og ikkje synge den på mi dialekt, så kan du oversette den til di eiga 🙂
Den siste pusesangen i kveld, handlar om ein litt lat pus.
Katten bad pusen.
Katten bad pusen kveikja opp eld.
Ånei, sa vetle pusen, da vert’ ikkj’ i kveld.
Ånei, sa vetle pusen, da vert’ ikkj’ i kveld.
Katten bad pusen koka seg mat.
Ånei, sa vetle pusen, eg hev ikkje fat.
Ånei, sa vetle pusen, eg hev ikkje fat.
Katten bad pusen sauma seg sko.
Ånei, sa vetle pusen, da vert ikkje no.
Ånei, sa vetle pusen, da vert ikkje no.
Katten bad pusen reia si saing.
Ånei, sa vetle pusen, eg e’kje din draing.
Ånei, sa vetle pusen, eg e’kje din draing.
Begge desse siste sangane står òg omtrent slik i Skumringstimen, men eg har skrive dei opp slik eg lærte dei.
Kattar er fine dyr, me har alltid hatt pus her i huset eg bur no, bortsett frå eit halvt år frå då Minipusen, som budde med oss i 14 år, forsvann og til me fekk ny pus, Karamell. Me har aldri vore plaga med mus i huset 😉 Karamell er ein jaktar av rang, så ho treng iallefall ikkje stjele mat nokon plass 😉 (Ho får mat her heime òg, altså)
Eit lite bilde av Karamell då ho var kattunge <3 Sant ho passar godt til navnet sitt?
Ha ein fin kveld!
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *