Eg driv og les ei veldig nyttig bok for tida, «De utrolige årene» av Carolyn Webster-Stratton. Ho gir mellom anna råd om å rose barna og korleis gjere rosen meir effektiv.
- Ver spesifikk; beskriv åtferda du likar.
- Gi ros på rett stad til rett tid.
- Vis entusiasme; energisk, omsorgsfull og ærleg.
- Unngå å kombinere ros og irettesettelse.
- Gi ros straks; ofte og konsekvent.
- Åtferda treng ikkje vere perfekt for å fortjene ros.
- Oppmuntre barna til å rose seg sjølv.
Denne boka gir ei rekke tips på korleis du kan løyse daglegdagse utfordringar med barna dine, og får mi anbefaling.
-Gudrun-