Kategoriarkiv: sosial kompetanse

Sei hei med eit smil!

Sjølvfølelse og sosial kompetanse er som ein muskel, det hjelper ikkje å gjere armhevinger ein gong, du må gjere det litt jevnt over heile tida. Det gjeld òg din eigen sjølvfølelse, altså, men i barnehagen og i skulesamanheng, må dette jobbast med kontinuerleg, heile tida.

Eg jobbar for tida i ei gruppe med 19 fem-seks åringar. Eller, for tida, me har aller siste innspurt no, eg skal sende ut min siste vekeplan. Det er ein herleg gjeng, som eg har fulgt lenge, ein del av dei i heile barnehageløpet deira.

No etter påske, har me jobba masse med sosial kompetanse, eg har henta inspirasjon frå Kari Lamer sitt opplegg, Du og jeg og vi to, og brukt verktøy eg har lært som kurshaldar for Diameta og eg har brukt Mikkel og Bamse sine historier når eg har hatt samlingsstund eller grupper med ungane om temaet.

Her er min beste venn <3

Me laga oss tre reglar:

1. Sei hei med eit smil!

Eg fortalte dei ei praksis forteljing frå mitt eige liv, og forskjellige måtar å verte møtt på. Eg går på kjøpesenteret, og møter ei dame eg kjenner, som er hyggelig å snakke med og som eg egentlig likar å prate med. Men når eg møter ho på butikken, så seier ho alltid hei, men sekundet etter ho har sagt hei, vert ho alvorleg, ser sur eller sint ut. Og eg sit aldri att med ein god følelse etter eg har møtt ho. Og så har eg slike som denne, som ser oppriktig glad ut, og gir meg ein Kvikk Lunsj på ein fredagsettermiddag. Ungane har null problem med å skjønne kven eg får best følelse av å møte på.

Så vår første regel er at me skal seie hei til kvarandre, og andre me møter, med eit smil. Eg øver meg på å seie hei til både barn og foreldre i garderoben. Det er enkelt å seie hei til ungane sjølvsagt, men no er eg god vorten på å seie hei til alle foreldra òg, det er jo viktig at dei skal føle seg bra òg. Foreldra er med på laget, og er veldig flinke til å seie hei, både til vaksne, til andre barn og til andre foreldre.

2. Sei noko fint

Igjen, ei historie fra mitt eige liv, eg har levd lenge i landet, og hatt mange møter med forskjellige folk. Eg var på puben, eg sa ikkje det til ungane, altså. Eg hadde hatt på meg ein fin kjole. Eg gjekk på doen, og der møtte eg to jenter, som eg aldri har møtt før. Dei var sikkert 20 år yngre enn meg. «Så fin kjole du har!» sa dei. Gjett om eg vart glad? Så vår regel nummer to, vart til «Sei noko fint!». Gled andre med å seie noko fint til dei.

3. Ver ein god venn

Den tredje sa seg litt sjølv. Me jobba masse med vennskap og korleis vere ein god venn i forbindelse med Barnehagedagen 2022. Ungane veit så utruleg godt korleis det skal vere, dei er rett og slett veldig gode i teori om korleis vere ein god venn. Og det er me vel alle. Me veit korleis ein skal vere mot kvarandre, likevel opplever mange å verte mobba, både i skulen og i arbeidslivet. Kor er det det går gale? Eg har skrive om mobbing tidlegare, det kan du lese her og her.

Bjørn og rev i korg.

Lykke til med arbeidet med sosial kompetanse, stjel gjerne våre reglar, både til barnehage- og skulearbeid, og til privatlivet ditt. Eg tenkjer at viss me alle seier hei til kvarandre med eit smil, så er me komne langt!

Klem,
Gudrun