Den viktige starten

I dette innlegget vil eg ta føre meg den viktige starten. Ein viktig del av samlingsstunda, starten legg grunnlaget, er grunnmuren for at samlinga skal verte god.

Det er ikkje alle som gledar seg til å ha samlingsstund i barnehagen. Nokon vert stressa av det, gruer seg kanskje til det vert sin tur. Kanskje finn du ikkje på noko spennande, kanskje får du ikkje med deg ungane, kanskje gruer du deg for at dei andre vaksne skal sjå på deg. Du føler deg ikkje flink nok, ikkje god nok.

Korleis kan du får det til?

Når eg evaluerer kva som gjer samlingsstunda bra, så er det alltid eit ord som blinkar seg ut;

MERKSEMD

Eg ventar ikkje på at det skal verte stille. Eg ventar ikkje på at etternølarane skal finne seg ein plass. Eg ventar ikkje på at alle skal sjå på meg.

Eg berre startar.

Ei klar opning er viktig. Det gir trygge rammer, er forutsigbart og klart, ungane veit kva som skal skje, rammer gjer det tryggare og meir oversiktleg for dei. Som eg skreiv i starten av innlegget, så er dette grunnmuren for ei god samling, du har fokuset og slepp å hente inn att merksemda.

Oppstartssong

Dei fleste barnehagar, eller barnehagearbeidarar, har ein oppstartssong som markerer starten av samlinga. Det kan vere «God morgon alle saman», «God morgon, god morgon», «Her i barnehagen» eller ein annan song.

Eg har barnehage-pause dette halvåret, men i haust brukte eg denne mest;

Hei alle saman!

Hei alle saman, vil de vera med å syngja?
Ja, det vil me gjerne.
Kanskje me får heile barnehagen til å gynga?

Ha ha ha ha
He he he he
e-i-o, e-i-o.
Å sjubbedubbe dubbe dua
Ha ha ha ha
He he he he
Hi hi hi hi
E-i-o, e-i-o

På småbarns avdelinga pleier eg å bruke ein fast opningssong for å markere starten på samlinga kvar gong heile året, akkurat som at eg brukar ein fast song for å markere måltidet kvar dag. På storavdeling pleier eg ha det litt meir flesibelt, då kan me bytte litt på.

Korleis tenkjer du om starten av samlingsstunda? Har du tenkt over kor viktig del av samlinga det er? Skriv gjerne ein kommentar <3

Klem, Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *