Gått i gløymeboka?

Eg kjøpte meg ei (haha, kven trur på at det berre var ei?? Prøv heller tre) ny sangbok att i ferien. Ei bok om ting som ikkje måtte gå i gløymeboka. Eg bladde litt i den, og begynte å tenkje på kva sangar eg «hadde» som er gått litt i gløymeboka. Eg kom på to som var skikkeleg in då eg var nyutdanna førskulelærar, men som eg ikkje har høyrt att no i den seinare tid.

Ingen av desse er det eg vil kalle favorittar for meg, men det er enkle sangar som passar godt for små barn.

Den første kan nok sikkert mange allerede, men ikkje mange som brukar den no, kanskje?

La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
Med krøllet hale
Med krøllet hale og nese vis,
i bingen springer ein gris.
I søla den rullar seg rundt,
og trampar med alle dei fire små beina
i maten sin,
du store min.
Å fysj, fysja meg for ein gris du er.
(NB: denne har bevegelsar som eg kan skrive opp viss nokon ønskjer det, berre skriv ein kommentar)Denne trollsangen har eg berre høyrt i ein barnehage, den første eg jobba i og den ungane mine har gått i.


Det var ein gang eit troll

(melodi; Napolion med sin hær)
Det var ein gong eit troll som gjekk ut i måneskin.
Det var ein gong eit troll som gjekk ut i måneskinn.
Men så kom morgensola,
og skinte ned på jorda.
Og trollet sprakk og alle dyrene dei ropte TAKK!!
Eg vert veldig glad viss du kommenterer i bloggen. Kom gjerne med forslag til gløymde sangar, og forslag til ting/sangar eg kan skrive om. Eller berre sei hei, slik at eg veit du har vore innom 😉
-Gudrun-

2 kommentarer om “Gått i gløymeboka?

  1. Hei Gudrun!
    Fin blogg dette, skal ta med adressen til jobb, så kan jeg bruke noen av sangene der:) Da jeg kom over denne sangen med melodi ifra «Napoleon med sin hær», kom jeg på denne versonen som barna synger i min barnehage. Det er bare å bytte ut med de navnene som måtte passe:) Kan brukes i ei garderobestund for å få ungene inn til matbordet f.eks.

    «Napoleon med sin hær over kjøkkenbenken dro
    Ho Trine datt i vasken, og ho Marianne satt på do
    Han Oskar datt i renna og slo ut alle tenna
    og ho Beate satt på taket og spillte rock n roll»

    Klem fra Veronika

  2. Takk, Veronika <3 Napolion på kjøkkenbenken har me her i Sogn òg, ein av favoritt-navnesangane mine, passar "alltid" på at eg sjølv sit på loftet og spelar rock n' roll... Ungane gir meg alltid eit mot-vers der eg dett i do 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.