Hender – vekedagar – fargar.

Dette innlegget posta eg heilt i starten av blogginga mi, men no, når eg har starta med videoblogging, resirkulerer eg det. Songen handlar om hender, fargar og veke dagar.

Eg har laga eit ark for kvart vers, og tegna enkle illustrasjonar som penser ungane inn på kva verset handlar om. Som eg har sagt før, eg er ingen kunstnar, men det er det heller ikkje behov for, ein fyrstikktegning er god nok illustrasjon. Det skal vere enkelt og greit. Illustrasjonane fungerer som ark med tekst på for ungane, dei ser illustrasjonen og kjem på korleis verset går. Beveglesar fungerer på samme måten, viss du gjer bevegelsen litt på førehand 😉

Kven som har skrive tekst og melodi er ukjent for meg, viss du veit det, så gi ein lyd.

 

Fargerike hender

Måndag

So svart eg vart på hendene på måndag, på måndag.
So svart eg vart på hendene på måndag.
Eg helsa på ein feiar.
Han var ein artig kar.
So svart eg vart på hendene på måndag.

(illustrasjonen her er ei svart hand og ein flosshatt)

Tysdag

So brun eg vart på hendene på tysdag, på tysdag.
So brun eg vart på hendene på tysdag.
Eg rørde rundt i sausen,
men hadde ingi skei.
So brun eg vart på hendene på tysdag.

(illustrasjonen er ei brun hand og ein kjele)

Onsdag

So blå eg vart på hendene på onsdag, på onsdag.
So blå eg vart på hendene på onsdag.
Eg fann ein kopp med blåbær,
men koppen han gjekk sund.
So blå eg vart på hendene på onsdag.

(illustrasjon er ei blå hand og ein kopp)

Torsdag

So raud eg vart på hendene på torsdag, på torsdag.
So raud eg vart på hendene på torsdag.
Eg ville hjelpa mormor å laga syltetøy.
So raud eg vart på hendene på torsdag.

(illustrasjonen her er berre ei raud hand)

Fredag

So grøn eg vart på hendene på fredag, på fredag.
So grøn eg vart på hendene på fredag.
Eg skulle måla stolen,
men fargen kom på meg.
So grøn eg vart på hendene på fredag.

(illustrasjon er ei grøn hand og ein stol)

Laurdag

So kvit eg vart på hendene på laurdag, på laurdag.
So kvit eg vart på hendene på laurdag.
Eg baka fine bollar
med veldig mykje mjøl.
So kvit eg vart på hendene på laurdag.

(illustrasjon ei kvit hand og ein bolle)

Søndag

So rein eg vart på hendene på søndag, på søndag.
So rein eg vart på hendene på søndag.
No har eg vorte stor
og no vaskar eg meg sjølv.
So rein eg vart på hendene på søndag.

(illustrasjon ei kvit hand som «skin», dvs gule strekar rundt 😉 )

Eg skal hugse på denne sangen, og bruke den både heime og på jobb. Tøff sang!! 😉

Kos deg!

klem, Gudrun <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *