Kva er målet med samlingsstunda i barnehagen?

Eg har hatt «Utviklingssamtale» i barnehagen til min yngste son. Og eg og pedagogen begynte å diskutere samlingsstunda. Kom vel innpå det når ho sa at han ikkje alltid sat i ro i samlinga… Og eg har vore med på min del av kjedelege samlingar, og då har eg virkeleg problem med å sitte stille. Og for ikkje å snakke om kjedelege førelesingar, korleis oppfører du deg då?

DSC01292 (600x800)

Er samlingsstunda rette settingen å lære om dyrelydar og planteartar? For meg er det viktig å ha det moro i samlinga. Ungane skal elske samlingsstunda. Og dei kan lære masse sjølv om dei har det moro! Mine toåringar (treåringar) var (heilt ubeskjedent) dei som sang «best» i fjor. (Jaudå, de var flinke på dei andre avdelingane òg, men ungane mine var berre 2-3 år, hugsar de kor flott dei sang?)

For all del, du må berre lære ungane planteartar, det kan dei ta nytte av når dei er med på ein bildequiz som 38 åring, og nailar (nesten) alle tresortane 😉 Men det må gjerast moro! Og KORT!

Egentleg meiner eg at samlingsstunda kan vere fri for slike teoretiske læringar. Viss det sit 15 ungar i alderen 3-6 år, klarar du ikkje å fengje alle lell, og nokon byrjar å bråke, og du eller andre vaksne byrjar å kjefte. Ungane er ikkje skapte for slikt. Du KAN lage samlingsstunda magisk! Og moro for alle, både ungar og vaksne. Og eg VEIT at alle kan få det til. Det har eg vore så heldig å få oppleve. Det er kjekt det, å sjå ein vaksen blomstre opp frå kjedeleg og monoton til å bruke seg sjølv med stemme og fakter.

Viss du vil lære ungane om tresortar, som eg altså tykkjer er nyttig allmennkunnskap, og heilt naturleg, for meg er det ei sjølvfølgje at alle kan slikt, men eg har jo sett på den nemnde quizen at slett ikkje alle kan slikt, faktisk berre ein (meg) av åtte. Men altså, viss du vil lære dei tresortar, så kan du jo gjere det i grupper etter samlinga? Eller litt meir naturleg, når du går i skogen saman med ungane og kan vise dei det? Så kan du jo trekke eit blad opp av boksen neste samling, og spørje om nokon hugsar kva tresort det er…

DSC01295 (800x600)

Ja, for boks må du ha 😉 Eg fekk forresten støtte for mitt syn på samlingsstunda hjå pedagogen i barnehagen til sonen min, berre so det er sagt 😉

Samlinga brukar eg til å synge sangar, som er flott språktrening BTW, og til drama. Elskar dokketeater! Og det fengjer ungane, frå 1 til 6. Eg hugsar før i «gamle dagar» då me jobba med Kari Lamer sitt opplegg «Du og jeg og vi to». Då jobba me mykje med rollespel for ungane. Me hadde dette som tema i kommunen for mange år sidan, flott program, som er nyttig i dag òg! Lamer gav forslag om forskjellege rollespel til kvart av emnene i programmet. Når dei vaksne spelte kvardagsproblem for ungane, fekk dei eit anna perspektiv, og kom med løysingar til problema. Det vert som å høyre på ein god førelesar, eller stand-up komikar, du kjenner deg att i det som vert sagt og ler, egentleg av deg sjølv….

Kva meiner du, er eg heilt på viddene? Eller kan samlinga vere gøy, utan at du får dårleg samvit for at du skulle lært ungane om dyre ekskrementer? Korleis brukar du samlingsstunda? Har de det moro, du og ungane?

(Dette innlegget sat litt langt inne, har redigert det x antal gonger, og vurdert å slette det, men Here It Goes! Eg meiner Leik, Glede og Humor treng større plass, og at læring er mykje forskjelleg… Ikkje skyt meg, eg er eit fredselskande vesen, av og til, iallefall…)

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *