Kvifor vert det bra?

Samlingsstunda er hovudgrunnen til at eg jobbar i barnehage! Kanskje litt flåsete sagt, men det er dagens høgdepunkt, utan tvil. Eg har skrive mine beste tips til samlingsstunda tidlegare, men tenkjer at ein god ting ikkje kan seiast for ofte.

Du gjer eigne val, du lukkast ikkje utan trua.

Kva med deg?

Det er ikkje alle som gler seg vilt til samlingsstunda. Nokon vert stressa av det, gruer seg til det er sin tur. Kanskje du ikkje finn på noko spennande, kanskje du ikkje får med deg ungane, kanskje du gruer deg for at andre vaksne skal sjå på deg, du føler deg ikkje flink nok. Dette har eg tenkt på i det siste. Og nedanfor skal du få tipsa mine/her skal du få høyra korleis det gjekk.

Kvifor vert det bra? Kva gjer eg rett?

Eg tenkjer tilbake på ei samling eg hadde rett etter ferien. Eg jobbar tre dagar i veka, og dette var første veka tilbake i jobb, det var framleis litt sommarferie. Litt kaotisk, slik det ofte er rett etter ferien. Ferien er slutt, men barnehageåret er ikkje byrja. Kor høyrer eg til no? På avdelinga eg gjekk på før ferien, eller på avdelinga eg skal gå på no når det nye året byrjar? Det trur eg både ungar og vaksne tenkjer.

Måndagen var me mange ungar og mange vaksne på ei avdeling, me gjorde det som var enklast; Me gjekk ut! I staden for å samle ungane til samlingsstund.

Onsdagen kom, eg byrja så smått å få samlingsabstinensar. Eg rota litt rundt i boksen, og me samla dei 35 ungane og alle vaksne, ca 10, sikkert. Inn på fellesrommet og samling vart det.

Og det er moro!!

Eg har stjerner i augo, og i hjarta, når me er ferdige. Ungane er mellom 2 og 6 år, og alle er med i samlinga. Alle sit i ro og har fokus på det eg gjer. Ungane har liksom litt stjerner i augo dei òg.

Så når kvelden kom gjorde eg noko korkje eg eller du gjer for ofte, eg begynte å tenkje på kva er det eg gjer bra? Kvifor vert dette vellykka?

Det var eit ord som blinka seg ut frå starten av

Merksemd!

«Minne-monne-manne-minne-monne-manne-minne-monne-manne-maaaa»

Eg ventar ikkje til det er stille. Eg ventar ikkje til alle etternølarane har sett seg. Eg berre startar.

Denne onsdagen starta eg med oppvarming; «Minne-monne-manne…» Eg brukar stemma mi hardt i samlingsstunda, og er ofte litt sår i halsen etter samling. Så onsdag, for å fange barna (og dei vaksne) si merksemd, byrja eg med ei oppvarmingsregle eg lærte på eit kurs ein gong.

Alle skjønte at no byrjar det, viss eg ikkje vil gå glipp av noko, så må eg sette meg, og ha fokus framover.

Og ein annan hemmelegheit, merksemda må gå begge vegar. Du som er leiar og sit framme og forventar fullt fokus frå ungane, må gi fullt fokus tilbake.

Du må sjå alle ungane, kvar og ein, i augo, heile samlingsstunda.

Viss du ikkje viser at du kosar deg, kosar heller ikkje ungane seg. Sjå på dei, og SMIL, hank ungane inn med blikket ditt, vis at du ser nettopp den ungen, og gi han eller ho eit anerkjennande blikk. Sjå her eit innlegg eg skreiv i vinter om viktigheita av å smile til ungane, og andre.

Eg ser deg!!

Klarar du dette, har du langt på veg ei vellukka samlingsstund. Lukke til, og del gjerne bloggen vidare viss du likar han.

klem,
Gudrun

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.