Kven er eg?

Eg var hjå ein ny frisør ein gong, og dei sender ut ein forhaldsvis hyggeleg sms nokre gonger i året. Relativt hyggeleg, seier eg, og det er fordi min sms alltid startar med; «Hei Gudsun!» Og deira potensielle kunde forsvinner umiddelbart, eg vert irritert og sur fordi dei skriv navnet mitt veldig feil, sjølv om dei berre har bytta ut ein bokstav. Gudrun er eit navn, men eg har aldri høyrt om nokon som heiter Gudsun.

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Dette fekk meg då til å tenkje på kor mykje navnet vårt betyr for oss. Eg jobbar i år med toåringar, og me har brukt desse første vekene til å pugge navn, kvar einaste samling har me ein til to navnesongar, me har navnelappar ved matbordet og gebursdagslarvene er komne på veggen. Desse er kjekke å gå gjennom ved matbordet, kva heiter dei forskjellege larvene? (Ein av sommarfuglane skal heite Gudrun, så du skjønnar kva larvene heiter. Dei vart veldig søte, klipte ut larver og limte på hovudet til ungane, utruleg fine larver, dei aller finaste!)

Men det er ikkje berre ungane sitt navn som er viktig, foreldra har òg eit navn. Eg trur foreldra føler seg meir sett dersom me brukar deira navn. Her skal du få eit super-duper- tips hjå meg, korleis jukse seg til navnet til foreldra; I garderoben har me hengt opp bilde av ungane på plassen deira, på bildet har me skrive navnet til ungen OG navnet til foreldra. Smart, ikkje sant?

Dale Carnegie, han med Lev livet uten bekymringer-boka, veit du, har skrive fleire bøker. Blant anna klassikaren Hvordan vinne venner. Han skriv dette om navn;

«Hvordan du skal få folk til å like deg.

Prinsipp 3. Husk at en persons navn er for ham eller henne den vakreste lyd i språket.» (s 140)

Då er vel navn viktige, då, ikkje sant?  Tips til oppstarts-navnesongar finn du her. I oppstarten er det fint med eit vers til kvar.

Eg har òg brukt Sjiraffen Laffen no i samlingane, han helser på alle ungane, og dei fleste gir han ein klem. Handdokker er eit flott redskap i samlingsstunda. Ungane henvender seg til dokka og vert meir aktive (på ein positiv måte, altså), dei snakkar til dokka, og høyrer på det dokka seier. Sjiraffen Laffen er jo veldig beskjeden, så han pleier berre å kviskre til meg, men han er glad i kos og klem. Og så syng dei til Laffen kvar gong, kva song dei syng? Sjiraffen Laffen, sjølvsagt.

Hugs at «sharing is caring», likar du bloggen, så del den med andre.

Klem,

-Gudrun-

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *