Meir boksar; Rim

Eg har jo skrive om boksar her tidlegare. Hjå meg finst det mange boksar, blant anna ein boks med Rim og rimord. Leik med rim og språkrytme er ein kjekk aktivitet, rim og regler er ein del av barnekulturen og det er nyttig som førebuing til lese- og skriveopplæringa. Det er ikkje nokon føresetnad for å lære å lese og skrive, men det er ein ferdigheit som godt kan oppmuntrast. Viss eit barn får gris til å rime på fis, har dei oppfatta at orda sluttar på same måte, dei er vortne merksame på formen til orda. Når du leser rim og regler for barnet, er det lurt å legge litt ekstra trykk på sjølve rimordet. Eller du kan stoppe opp litt og la barnet komme med forslaget, slik som me gjer i Gåtevisa til Torbjørn Egner. I ein startfase kan det vere enklare å lage tullerim enn å finne ordentlege rim. Tøysing med språk kan finne stad i alle kvardagssituasjonar der det vert naturleg. Det er vanleg at barna begynner å rimer sjølv ved 4-5 års alderen. Å leike med språket må vere lystbetont, noko barnet har lyst å vere med på.


Døme på morsomme rim;


Attmed ein do stod det ein….SKO
Ris er ikkje betre enn…IS
Ein katt fann ein…SKATT
Ein drage gjekk tur i min…HAGE
Ein dusj spruta vatn på ein…TUSJ
Ein hest kan ikkje bruke…VEST

Inni boksen ligg det to boksar med rimkort og songtekstar. Oppe i loket har eg skrive opp forslag til songar. (Teksten ligg vedlagt i boksen)


Sangar som går på rim

  • Gåtevisa
  • Haba haba
  • Hvor bor du lille råtte
  • Hvis dine ører henger ned
  • Er det ikkje rart?
  • Giraffen Laffen (Favoritt :D)
Kos dykk med tullerim og språkleik i veka som kjem 🙂

-Gudrun-


·        

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *