Min adventskalendar; 3. desember – juleverkstad

I dag trur eg rett og slett det vert julemusikk, julekaker og julegodis frå 1. og 2., gløgg og juleverkstad med mine tre små/store. Me har funne fram glanspapir og perlebrett og skal lage julepynt.

snø

Det er koseleg å ha både små og store ungar saman. Dei store kan lage litt meir utfordrande pynt, og dei kan hjelpe dei små.

Desse papirstjernene til BareBeppe har gått som ein farsott på instagram. Dei er kjempe enkle, og svært dekorative.

juleverkstad1

Slik ser det ut på bordet når me startar.

juleverkstad2

Men det eskalerer fort.

juleverkstad3

Her er litt av resultatet; ein boks, eit kort og tre deler til stjerna.

Det vart fem av BareBeppe sine stjerner, to boksar (kjem forklaring i ein seinare post), 4 julekort og sikkert noko meir som eg ikkje kjem på.

(Eg skal vere ærleg; me gjorde dette i går 😉 For å få med bilder ligg me ein dag føre. Tysdagar er ikkje dagar der me har tid til noko ekstra. Ungane kjem att med skulebussen kl 15, og me skal gjere lekser, levere veslebror til barnevakt og komme oss på trening til kl 17. Storesøster har tae kwondo-trening, mens eg og storebroren har, som eg muligens har sagt noko om før…, klatring. No er det øyeblikkeleg Bratt-kort på a’ mor!)

Kos dykk i førjulstida. Juleverkstad er kjempe moro, iallefall etter at me har lagt den yngste 😉 Kva lagar du til jul?

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.