Korleis kan ein gjere tilvenninga i barnehagen best mogeleg?
Dei fleste ungar byrjar i barnehagen når dei er rundt eitt år, og eg vil ikkje gå inn på diskusjonen om barnehage er bra for eittåringar eller ikkje. Eg vil heller fortelje litt om kva me gjorde i fjor haust, då me ved oppstart fekk 11 eittåringar på avdelinga, alle heilt ferske barnehagebarn.
1. Me gira ned. Alle dei vaksne sette seg ned på golvet, og laga plass til dei som trong det på fanget, det kunne til tider verte trongt. Me hadde overhovudet ingen fancy planar om ting me skulle gjennom. Me hadde eit mål og ein plan; å gjere ungane sitt møte med barnehagen så godt som mogeleg.
2. Song. Me song for ungane, heile dagen. Me skapte gode augneblikk. Er det eit oppstartstips eg vil trekke fram, så er det; SYNG!
3. Leikar med lyd. I starten så hadde me leikar med lyd i overflod. Funka fint som avleiing. Høyrest rart ut, men lydleikane var til god hjelp i oppstarten.
4. Tid og rom. Bruke barnehagen, uterom og innerom. Me skifta beite, var det mykje skrik inne, kledde me på oss og gjekk ut. Når ungane var leie og skreik ute, gjekk me inn. Eit sceneskifte hjelpte ofte på humøret.
5. Tilpassing. Med 11 ungar på mellom 11 og 16 månadar, hadde dei sjølvsagt ikkje like rutinar. Me hadde mat og soving heile dagen den første tida, slik at alle skulle få mat, og alle skulle få sove når dei trong det. Me prøvde ikkje å få ungane inn i same rutine, men let dei behalde si rutine, sjølv om me hadde matservering heile dagen.
6. Tilknyting. Så langt det let seg gjera, fekk ungane velje kven dei ville vere med. Så la me vaksne av oss alle våre såre kjensler, kontakten med alle kom etterkvart.
Lykke til med oppstarten alle søte små, alle foreldre og alle tilsette. Kjenner du nokon som kan ha nytte av tipsa? Del gjerne bloggen vidare! Og del i kommentarfeltet om du har gode tips andre treng.
Klem
-Gudrun-
Denne vil eg gjerne skrive ut og dele til mine assistentar 🙂
Hei Elisabeth Ingeborg! Versågod, bruk gjerne lista. Lykke til med oppstart!