Eg er Gudrun Helvik Stenehjem, gift, har tre barn, katt og hund. Jobbar som barnehagelærar i ein seks avdelingsbarnehage, akkurat no på småbarnsavdeling. Eg vil komme med tips og idear som kan hjelpe deg til ei kjekkare samlingsstund.
Eg har sidan eg var liten, alltid likt å synge, eg nynnar alltid vidare på den siste songen eg har høyrt. Det var litt plagsomt den gongen eg jobba spes-ped og alltid begynte på jobb kl 8.00. Eg høyrde på p1 i bilen, og litt før 8 var det alltid andakt, slik at eg kvar dag vart nynnende på ei salme. Eg likar salmar, altså, men det var litt slitsomt å nynne på det heile tida.
I samlingsstunda med ungane, prøver eg å alltid vere fokusert og engasjert, slik at eg får med meg barnegruppa.
Org nr 997258843
Telefon nr 97170239
Adresse Lauvhaug, Sogndal
Mye inspirasjon å finne her! Du er flink!
Takk for det, detsmartebarnet! Fin side du har òg! Skal lese meir på den! <3