Kategoriarkiv: tankespinn

Å rose barna, og korleis gjere rosen meir effektiv.

Eg driv og les ei veldig nyttig bok for tida, «De utrolige årene» av Carolyn Webster-Stratton. Ho gir mellom anna råd om å rose barna og korleis gjere rosen meir effektiv.


  1. Ver spesifikk; beskriv åtferda du likar.
  2. Gi ros på rett stad til rett tid.
  3. Vis entusiasme; energisk, omsorgsfull og ærleg.
  4. Unngå å kombinere ros og irettesettelse.
  5. Gi ros straks; ofte og konsekvent.
  6. Åtferda treng ikkje vere perfekt for å fortjene ros.
  7. Oppmuntre barna til å rose seg sjølv.
Denne boka gir ei rekke tips på korleis du kan løyse daglegdagse utfordringar med barna dine, og får mi anbefaling.

-Gudrun-

I møte med sorg.

Eg har skrive om sorg tidlegare, men denne siste veka har vore hendelsesrik, og eg har funne fram nokre nye tekstar.

Ferien er no ubønnhøyrleg over. Me har fått gjort masse saman som familie, først ei god veke med campingtur, med stopp i Hønefoss, Uddevalla og Drammen. Me hadde flott vær heile turen. Så var me heime nokre dagar, med nydeleg vær og fleire fjellturar i nærmiljøet. Siste veka hoppa me på ein tur til Bodrum i Tyrkia, for værmeldingane for Sogn var skikkeleg dårlege.

Då me kom heim, kom me oppi køen i Gudvangen, der vogntoget brann i tunellen. Eg trøsta meg med at me ikkje hadde muligheit å komme borti det, fordi me for frå Bergen så fort me kunne og køyrde nesten i eitt, og var der ein time etter brannen starta. Dessutan var eg glad for at det gjekk bra med alle som vart fanga i ein brennande tunell. I går var me i gravferd i Vik, etter onkelen til mannen min, ein mann som har hatt eit langt og godt liv. Men på veg heim att, kom me i ein ny bilkø. Buss-kollesjon i Fardal. Me brukte fem timar, mot normalt ein, på heimvegen, og vart litt lei av å stå i bilkø. Men likevel, eg var glad for at me kom oss heim, for med to så store ulykker så nært innpå, kjem tankane om kor tilfeldig alt er. Så derfor kjem denne posten.

Ein sang som ofte er i gravferder, er Ein fin liten blome, omset frå svensk av Anders Hovden. Det er ein nydleg sang,

Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Ånei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom han vil sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Ånei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogsblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din?
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

I går lærte eg to nye vers på denne sangen, det siste her var ikkje med.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled deg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel, ho er heime hos Gud.

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus ein gong
i morgonen æveleg klær,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når.

Ein annan song me song i går er Å, eg veit meg eit land, skriven av Elias Blix. Ein kjempe flott song, som eg song for første gong i går.

Å, eg veit meg eit land.
Å, eg veit meg eit land
Langt der oppe mot nord,
Med ei lysande strand,
Mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
Der mitt hjarta er fest
Med dei finaste, finaste band
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å , eg minnest så vel dette land :/:

Der eit fjell stig mot sky
Med si krone av snø,
Og i lauvklednad ny
Det seg speglar i sjø.
Og det smiler mot strand
Med si bringe i brann
I den solklåre, solklåre kveld.
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette fjell :/:

Å eg lengtar så tidt
Dette landet å sjå,
Og det dreg meg så blidt
Når eg langt er i frå.
Med den vaknande vår
Vert min saknad så sår
Så mest gråta, mest gråta eg kan
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette land :/:


Denne er òg ein sang som er god å synge, eg tenkjer alltid på Besten min når eg syng den, for dette verset betydde mykje for han:

Eg er ein fattig ferdamann,
må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland,
Gud, meg på vegen vara!

Eg er i full gang med å planlegge hausten, og er takknemleg for tips og idear til tema, me blir bedre av å stå saman <3 Skriv ein kommentar i bloggen eller ta kontakt på Facebook. Gledar meg til ein flott haust, der me må hugse på å leve i augneblinken, alle saman. <3 <3 <3

– Gudrun-





Wiiiii!! Eg har gløymt 1 års dagen!

4. juli hadde bloggen eit års dag! Gratulera til meg sjølv! Det har vore eit spennande år, der eg har prøvd meg fram med forskjelleg på bloggen. Tusen takk til deg som leser trufast innpå her, og til dei som dumpar innom. Eg er både på facebook, twitter og instagram, viss du vil følgje med.

Ha ein fantastisk, varm og god sommar, slik me pleier på Vestlandet… 😉
-Gudrun-

Ta på deg den grøne arbeidsbuksa.

Eg og min andre (vil slett ikkje kalle han bedre) halvdel var i by’n (Bergen, ja) og henta ei gravemaskin i helga. Der var me òg på shopping (jaaa, særleg!!) og min mann kjøpte seg ei ny arbeidsbukse. Ei grøn arbeidsbukse. Han er 37 år, har drive eige firma i 15 år og jobbar no saman med to gutungar på nokon-og-20, begge har teke fagbrev hjå han. Det seier litt om maktfordelinga, ikkje sant, kven er sjefen, trur du? Men allikevel var han litt bekymra i dag, for å reise på jobb med den nye, grøne arbeidsbuksa. Han kom til å verte mobba, meinte han.

Dette fekk meg til å tenkje på «å tore å skille seg ut». Kvifor må alle vere like? Kvifor må me passe inn i ein boks? Eg skal ikkje påstå at eg skiller meg ut heile tida, men eg er ikkje så redd for kva folk meiner. Eg likar å skille meg litt ut, av og til, iallefall.

Men korleis skal me få ungane til å tore å skille seg ut, tore å vere seg sjølv? Tore å ta på seg den grøne arbeidsbuksa? Korleis skal me utfordre oss sjølv til å vere litt annleis? Er det ikkje der kreativiteten startar? På utsida av komfortsona?

Skal verte eit av mine forskingsprosjekt i sommar. Vert du med? Skal me forske litt saman?

To be continued….

Sommarklem,
-Gudrun-

Endå ein ekstra post ;)

Eg har student no, spennande og ganske nytt for meg, tiltross for 16 års fartstid i barnehagen. Har hatt jobbar som ikkje har passa saman med student-rettleiing. Dei to første åra eg jobba, hadde eg deltidsstillingar i to forskjellege barnehagar. Dei neste tre åra, var det heller ikkje rom for rettleiaroppgåver pga forskjelleg. Og så vart det mange år med spes.ped., men no er eg pedagogisk leiar på den vesle, fine gruppa mi, og har då altså fått meg student 😀

Og då må eg jo lese meg opp litt, og kom over dette i Temaheftet

Eg skulle ha skrive kor eg hadde henta det frå, men det gjer eg altså her 😉 Det var eit fint sitat, som passa utruleg godt til bildet av mi eldste og min yngste. Kva er vel bedre enn å ha verdas beste storesøster? Her er ho åtte år, mens broren er nyfødd. Framleis er ho verdas beste storesøster til denne vesle broren, sjølv om han no snart er tre år og kan irritere ein gråsten 😉

Ha ein fin kveld!

-Gudrun-

Bilder, kurs og slikt ;)

Eg har teke eit online kurs, og driv framleis å jobbar med det, som heiter Skap din drømmejobb Det er ein lærerik og utviklande prosess, som stadig presser meg ut av komfort sona. Målet er jo då sjølvsagt å skape sin eigen draumejobb. Eg er ikkje kommen så langt endå, men det er takka vera Skap din drømmejobb at eg har begynt med blogging. Og om det ikkje vert draumejobb ut av det (for eg har egentleg ein draumejobb allerede, i kommunen som pedagogisk leiar), så håpar eg at eg tilfører «verda» noko, opnar opp fleire auger for morosame barnesangar og det å bruke seg sjølv for det du er verdt i samhandling med barna.

Vel, gjennom SDD har eg vorte kjend med ei mengde kule gründerdamer, og nokre menn, og lært masse nytt då, veit du, blant anna var det «in» å lage slike flotte bilder med tekst som vert delt på facebook Så her er mine første spede forsøk 😉

Eg driv og les ei bok av Dale Carnegie, og har henta den viktigaste leveregelen derfrå. Det er lett å tenkje at dette er Jesus sine ord, men i følgje Carnegie, er dette ein regel som mange har snakka om lenge før Jesus tid, Zarathustra, i Persia for 2500 år sidan, Konfucius, i Kina for 2500 år sidan, Lao-Zi, grunnleggaren av taoismen, Buddah forkynte det på bredden av Ganges. Og det er jo den finaste og vikigaste leveregelen me kan ha!!

Måtte nett ta med sauene og Bæ bæ-sangen som eg og ungane i barnehagen laga for meir enn ti år sidan 🙂 Improvisasjon er topp <3

Thorbjørn Egner og Kardemommebyen har jo òg den samme leveregelen som omtala over her!!

Og heilt tilslutt favorittsitatet mitt frå Hakkebakkeskogen!! «Man kan ikke dø av det heller» Ubetaleleg!! Og sant! Eg, lærlingen min, studenten min og dei 8 fantastiske 2-3 åringane mine gjorde ein super prestasjon som revar i dag! No har me hatt finalen, og Hakkebakkeskogen-perioden er over for denne gongen, eg kjem til å sakne det litt, men eg virkeleg klar for nye ting no, etter ein månad med veldig intensiv Hakkebakke-fokus 😉

Vart ikkje sang i dag, men ein liten ekstra post, ut av det blå. Og i dag er det den store kompliment dagen, hugs å gi skryt til dei som fortjener det <3 Og viss du finner noko å beundre hjå dei du føler ikkje fortjener det, så gi dei eit kompliment òg. Alle treng skryt og anerkjenning! Sender ut mange klemmar til alle på ein fredagskveld! -Gudrun-

Eg treng litt hjelp

Eg har laga ein liten spørjeundersøkelse, som eg håpar du tek deg tid til å svare på, dersom du føler du fell innanfor målgruppa.

Den handlar om kreativitet og sangglede, og passar for dei som jobbar med barn. Du finn den her, og som takk for hjelpa, sender eg deg «Enkle tips til ei kreativ, leiken og energisk samlingsstund»

1 månad, 1000 besøkarar :)

Yuhuu!!
Bloggen min har ein månadsdag i dag! Og i dag nådde han 1000 treff! Kjempe kjekt at so mange likar barnesangane «mine»! No har eg hatt ferie, i 4 veker, og på måndag er det tilbake til barnehagen! Gledar meg!

Eg har planar for bloggen framover òg. Ein sjølvsagt augustpost er sangar som passar til oppstart i barnehagen. I august og september pleier eg å syngje mest navnesangar, der alle ungane får eit vers med sitt navn, og full merksemd frå alle. Det er ikkje alltid like enkelt å finne att seg sjølv og sin plass i ei stor, ny barnegruppe, so då er det godt å få bekrefta at eg er her! Eg høyrer til! Det andre temaet eg har på sangane i august og september er, sjølvsagt, venner og vennskap. Gruppa er ny, alle ungane skal finne sin plass på nytt, og venner og vennskap er viktig! Eg greier sjølvsagt ikkje å halde meg til berre navnesangar og vennskapssangar, men eg har litt fokus på det i oppstarten. (Og så syng me alle dei kjekke, morsomme, vanvittige sangane som me pleier) Eg får heilt ny barnegruppe til hausten, 7 skjønne 2 åringar, og gledar meg til oppstart!

Oppstartssangane kjem i ein seinare post, eg måtte berre lage ein HURRA post for at bloggen var ein månad og hadde nådd 1000 besøkande. Viss du har ønskjer om noko eg skal skrive i bloggen, så ikkje nøl med å leggje igjen ein kommentar <3 Ha ein strålande laurdagskveld!! -Gudrun-