Gründer søstre
Syster mi er god på språk, og ho har ei forfattarspire i magen. No prøver me så smått (eller egentleg veldig stort, sjølvsagt) å skape oss noko eige. Eg med samlingsboksen og ho med si bedrift www.helviktekst.no. Me hjelper kvarandre og heier på kvarandre. Me gir kvarandre tips og oppmuntring.
Eit av Rønnaug sine tips til meg, var å dikte mine eigne historiar til dokkene mine. Eg tenkte opplegg i samlingsstunder med ein gong, og skreiv innlegget om Bjørnen og Reven og følte meg stolt. Jau, sa ho då, men du må gi dokkene liv, gi dei karakter, dikte dine eigne historiar.
Eg har funne 4 historiar om Bjørnen og Reven, som er på planleggingsstadiet, og har funne ut korleis Sjiraffen Laffen egentleg er, han er litt sjenert, men likar godt samba (Berre spør Karin og Veronika, som tykte det bar over i samlinga i dag.)
Dei tre små griser
OG eg har dikta oppatt eventyret om dei tre små grisene og ulven. I går las eg det for min eigen fire åring, og i dag las eg det for 35 ungar i barnehagen, mellom 2 og 6 år. Og det gjekk rett heim! Det var so moro. Både ungane og dei vaksne var med.
Eg starta med å presentere grisene, Puslegrisen, Sporty Bust og Pelle Gris. Og så ulven, som har fått det flotte navnet Missjø Knit Grybin, du skjønnar at han er fransk, sant?
Og så bygde eg opp historia, stal litt frå Bukkane Bruse og litt frå historiar eg høyrde då eg var lita, om korleis Ola (min granonkel) lurte tyskarane under krigen. Og slutten var ei stor overrasking på meg, sjølv om det var mi historia. Slik er det nok å dikte, å vere forfattar, du veit liksom ikkje kor det endar før det er slutt.
Og det er moro å legge inn litt overraskelsespunkt her og der. Flette inn litt som ungane gjenkjenner, og dei vaksne. Som laurdagsgodteri og økologiske grønnsaker, utan å røpe for mykje….
Og du heilt til slutt, ungane gav meg spontan applaus når eg var ferdig, og ville ha meir… Lever på den ei stund!
Kor du kan få tak i eventyret, seier du? Jau, du får det med når du bestiller i butikken.
Kos deg, og lykke til med eit nytt barnehageår!
Klem,
-Gudrun-
Én kommentar til “Dikte sjølv – om dikt og fanteri”