Eg (og minsten) har dikta ny sang, eller vidare ført «Tre små griser» til «Tre små bukker» og fått ein ny eventyr sang!
Tre små bukker
Tre små bukker,
la lu la lu la lu.
Dei sang på brua,
la lu la lu la lu.
So kom trollet,
la lu la lu la lu.
Bukkane vart redde,
la lu la lu la lu.
Kva trur du så dei gjorde?
La lu la lu la lu.
Dei stanga trollet i fossen,
ha ha ha ha ha ha.
Stilig sang? Eg har berre sunge den saman med tre åringen, men ser ikkje vekk frå at eg tek den med i barnehagen. Trur denne funkar fint!
Lik gjerne Samlingsboksen på Facebook. Postar ein del andre ting der òg.
Klem, Gudrun, som fortsatt er stolt over klatringa på tysdag..!!
Hei Gudrun, kjekk blogg du har! Kva er melodien til denne sangen?
Alise.
Hei Alise! Alt bra med deg? Melodien er samme som ein sang av Sanne Agatz. Eg fann den på youtube, men no er den vekke derfrå. 🙁 Det er ein veldig enkel melodi, kan lære deg den neste gong du er heime 🙂 Berre gi ein pip 😉
Ja, eg har det godt. Litt tåpeleg å bu ein plass utan fjell og vinter, men men. Eg tykkjer du kan filme deg og legge den ut på YouTube sjølv! 😉
Jepp, spørs om eg må da 😉