Barnesongar på nynorsk.

Eg både les, og tildels syng, på nynorsk, eller når eg les høgt, er det som regel på sognamål. Her er nokre dømer på songar eg har omsett.

Ballongen

Opprinneleg ein dansk song, som begynner slik «når jeg puster en ballon op og sender den afsted», men eg lærte den på bokmål, og har vidare oversett han til nynorsk. Gjorde litt om på teksten for at rimet skulle verte bedre.

Når eg bles opp ein ballong,
og sender han i veg,
er det også meininga,
at du skal ver’ med meg.
Og så set me to oss ned
ein plass me kan ver’ i fred.
Og ballongen svevar fint og flott i veg.

 

Apekatten Bongo Bongo

Denne lærte eg av ein student, og ungane elskar denne songen!

Apekatten Bongo Bongo,
veit du kva (her syng me ke’ på sognamål) han kan?
Han kan klatra, Bongo Bongo,
heilt til topps han kan.

Apekatten Bongo Bongo
sitter i eit tre .
Når han rista, Bongo Bongo,
detter nøtter ned.

Denne har med bevegelsar, noko av det som gjer det til ein artig song. (Takk Lena for at du lærte meg denne!)

Kom og leik

Dette er òg ein song eg lærte på lærarskulen, me hadde, som tidlegare omtalt, ein super-duper musikklærar.

Kom og leik med meg,
eg leikar so godt med deg.
Du kan gå i min hage,
og klø på min mage,
viss du vil leika med meg.

Og så byter du berre ut leik med andre ord, som syng, hopp, vink osv.

Navnesang

Lært av Kirsti (musikklæraren) på lærarskulen. Spørsmål – svar sang, lært på bokmål (Bærum-dialekt) oversett til nynorsk.

Kva heiter du?
Eg heiter Gudrun.
Kva seier du?
Gudrun.
Åååå – du heiter Gudrun.

Det er så lite som skal til for å få inn meir nynorsk, ein treng berre byte ut eit og anna ord, liksom.

Korleis er det hjå deg i din barnehage? Les og syng de på bokmål eller nynorsk?

Klem, Gudrun.

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.