Som dei som kjenner meg sikkert veit, så er gravemaskiner noko som er viktig for familien. Eg hadde egentleg ikkje tenkt å skrive blogginnlegg på ein laurdagskveld, men så kom ei venninne på døra med ei bok ho hadde kjøpt til meg; Storeting og andre barneviser av Nils Slettemark og Peter Plenne. (Tusen takk, Oddrun!! <3 ) Boka er frå 1977 og er eit utval av dei beste barnedikta til Nils Slettemark. Det er lyriske viser, skjemteviser, glade og alvorlege viser. Det var spesielt eit dikt (som er sett musikk til av Peter Plenne, så eg må lære meg melodien etterkvart!!) som eg fall for; Stor-eting. Eg er usikker på om det er lov å skrive det ned, men sidan eg har fått lov av eit forlag å bruke tekstar frå sangbøkene deira, dersom er ikkje skriv mange, så skriv eg ned dette. Eg har aldri høyrt om desse dikta før, og dei fortjener å komme fram i lyset!
Kategoriarkiv: bok
Skumringstimen
Skumringstimen-boka!! Her fann eg endeleg boka eg snakka om. Eg har ikkje lært sangar frå denne boka, eg har lært dei slik folkemusikken skal lærast, frå person til person, og så vert sangen rett slik du hugsar den 😉
Mange av dei gamle folketradisjonssangane som eg har skrive om, finst i denne boka. For dei som bur i Sogn og Fjordane, finst sikkert boka på ein lokal bokhandel, så støtter du opp om ein butikk i nærmiljøet samtidig 😉
For ordensskuld så får eg ikkje betalt for å anbefale boka 😉 Men sidan ho er så fin, så anbefaler eg ho lell 😉
Kos deg med boka <3
Enkel sangbok
Mottoet mitt er som Rema sitt; «Det enkle er ofte det beste», så her kjem det eit enkelt, billig og morsomt ferietips. Då me skulle på vår første sydentur med barn, laga eg ei eiga sangbok med dei 5 mest brukte sangane våre. Jenta vår var 10 månadar gammal, så det var enkle sangar som gjalt, «Olle Bolle», «Ro din båt» osv. Eg laga boka slik; teikna ein enkel «fyrstikk»-illustrasjon på framsida og teksten på baksida (ikkje det at eg ikkje kunne teksten, men…), putta dei inni ein plastlomme og knytta saman alle 5 arka med tråd. Eg brukte A5-storleik på plastlommen. Den hadde stor underhaldningsverdi på den 5,5 timars lange flytiden. Ho kunne sitte og bla sjølv, og kunne velgje ut sangar me skulle synge.
Ynskjer alle ein flott kveld i sola.
-Gudrun-