I forrige post, dikta eg ein ny sang, på sparket, inspirert av Forut sin Landsbybarna i Bawatele-aksjon.
Kategoriarkiv: kreativitet
Mine beste samlingstips :)
- Vær GLAD, SMIL, ha eit «VAKE» blikk
- Syng HØGT, KLART og SAKTE
(med KLART meiner eg klar uttale, gjer ingenting om du syng som ei kråke, berre du er engasjert)
- Rørslesangar er moro! Gjer rørslene STORE og ENERGISKE.
Rørslene gjer at det vert enklare for ungane å hugse teksten, gjer rørsla pitte litt i forkant, då hugsar ungane teksten lettare.
- SJÅ ALLE UNGANE INN I AUGENE!
Hank dei inn med blikket, la kvar og ein føle seg spesiell. HEILT TIDA!
- Drama er moro!
Du treng ikkje vere skodespelar eller ha eit fansy kostyme, ein skeiv hatt på hovudet, og du er eit troll. Og du får ungane med på ein heilt anna måte. Endre litt på stemma di, og du er plutseleg ikkje Gudrun meir, men ei gammal heks, eller ein liten frosk.
- Kom aldri tomhendt til ei samling.
Ha med eit eller anna, noko for å få ungane fokusert. Ei lita kiste med spennande ting, nokre sangkort for å illustrere det du vil ha fokus på.
- Slutt mens leiken er god.
Har du ikkje lenger fokuset til ungane, så avslutt, eller finn på noko sprøtt for å hente dei innatt.
Eit av dei viktigaste råda er faktisk det siste! Har du ikkje ungane med deg lenger, så avslutt. Du er ei servicebedrift, du skal gi ungane service, det er IKKJE dei som skal gjere noko for deg. Har du klart å underhalde dei i berre 5 minutt, slutt likevel! Har du ikkje fått lese alle bøkene du tenkte, slutt likevel!
Og GLØYM dei vaksne som er med deg, det er heller ikkje dei som betaler for å høyre på deg 😉
KOS DEG! Ungane merkar det, veit du! Ver tilstades mentalt.
Likar du mine samlingstips? Del dei gjerne vidare.
-Gudrun-
Enkle tips
Føler at eg må få inn ein post i dag, men det har vore ein veldig lang dag, med tidlegvakt på jobb, personalmøte etter stengetid og foreldremøte etter det igjen. Men som sagt føler eg for å skrive ein pitte liten bloggpost, og tek med litt av dei enkle tipsa mine til samlingsstunda, som du kan få ved å svare på spørjeundersøkinga. Undersøkinga er heilt anonym, eg får ikkje opp enkelt svar som er knytta til evt. mailadresse!
Mottoet mitt er visst; det enkle er ofte det beste;
- Ver GLAD og SMILANDE!! (enkelt og genialt)
- Rørslesangar er MORO! Store og energiske rørsler!
- Sjå alle ungane inn i augene.
Sangkort
Vart inspirert på jobb, igjen, i dag, og reiste (jeps, sogningar reiser frå stova og ut på kjøkken, live with it) heimatt og laga meg sangkort.
Eg har sagt det før, og seier det igjen, det enkle er ofte det beste. Eg klipte ut farga litt tjukt ark, og tegna og skreiv tekst for hand, på vanleg kvitt ark.
Deretter for dei gjennom lamineringsmaskina, og vips har eg 4 kjekke sangkort, med sangane eg elskar <3 (Det vert nok veldig mange etterkvart, ettersom eg elskar mange sangar) Desse fire slapp gjennom nålauga denne gongen; «Gå ein tur i jungelen», «Ford Escort», «Kom og leik» og «Kaffikoking». Med enkle, veldig enkle, illustrasjonar, slik at ungane kan «lese» kva song det er me skal synge. Kaffisangen og Ford Escort står i andre postar på bloggen, men eg dristar meg til å skrive ned «Gå ein tur i jungelen» som eg lærte på engelsk på Barnehagekonferansen på Alexandra for stygg-mange år sidan, den er oversett til god sogning, og er ein sang som fengjer eit breitt spekter av ungar. (Bevegelsessangar er moro!!)
Meir boksar; Rim
- Gåtevisa
- Haba haba
- Hvor bor du lille råtte
- Hvis dine ører henger ned
- Er det ikkje rart?
- Giraffen Laffen (Favoritt :D)
Bæ bæ lille lam
Bæ bæ lille lam er ein sang som ungar er veldig glad i å syngje. I starten er det sjølvsagt den vanlege versjonen, men etterkvart som dei vert eldre, kjem dei til tiss- og besjfasen, ein fase som fengjer ei stund 😉 I barnehagane er det av og til konkurranse om kven som kan flest versjonar, og eg har til og med dikta eit vers sjølv, saman med ein gut i barnehagen. Guten er 15 år gammal no, og har sikkert gløymt verset vårt for lengst.
Her er vårt vers;
Bæ bæ lille lam,
klatra i eit tre.
Vesle treet knekte,
vesle lammet brækte.
Bæ bæ lille lam,
klatra i eit tre.
Vanlege bæ bæ lille lam
Bæ bæ lille lam,
har du noko ull?
Ja, ja, kjære barn,
eg har kroppen full.
Søndagsklær til far
og søndags klær til mor.
Og to par strømper til bitte vesle bror.
Nei-verset
Bæ bæ lille lam,
har du noko ull?
Nei, nei, kjære barn,
eg har ikkje ull.
Bonden var i går,
og klypte sine får,
så no har eg ikkje ull før til neste år.
Rømme-verset
Bæ bæ lille lam
ramla i ein dam.
Kunne ikkje svømme,
berre ete rømme.
Bæ bæ lille lam, ramla i ein dam.
Fise på restaurant-vers
Bæ bæ lille lam,
gjekk på restaurant.
Ville ikkje spise,
berre sitte å fise (eller grise)
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.
Onkel Skrue på fotballkamp-vers
Bæ bæ lille lam,
gjekk på fotballkamp.
Møtte onkel Skrue,
sparka han i hue.
Bæ bæ lille lam, gjekk på fotballkamp.
Skogsmaskin/akebrett-vers
Bæ bæ lille lam,
køyrde skogsmaskin (eller akebrett)
Skogsmaskina/akebrettet kresja
lille lammet besja.
Bæ bæ lille lam køyrde skogsmaskin.
Bleie på fotballkamp-vers
Bæ bæ lille lam gjekk på fotballkamp.
Kunne ikkje heie,
berre bruke bleie.
Bæ bæ lille lam, gjekk på fotballkamp.
(Takk til Gunnveig)
Tusse-tuss-vers, eit skikkeleg tabu-barnekulturvers.
Bæ bæ lille lam, møtte tusse-tuss.
Kutta av han tissen, gidde den til nissen.
Bæ bæ lille lam, møtte tusse-tuss.
Onkel Skrue på restaurant-vers
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.
Møtte onkel Skrue, berre spiste flue.
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.
Vesle Petter Edderkopp
Boksar
Boksar.
Eg er glad i boksar, så her kjem eit barnehage-tips, evt eit heime tips for dei som ikkje likar bøker. For ganske nøyaktig 15 år sidan, var eg ferdigutdanna førskulelærar, dessutan er eg samlar av rang, så eg har etterkvar litt utstyr å velge mellom. I ein del år har eg jobba med spesialpedagogikk, og der kom idèen om boksar dukka opp. Eg skal ikkje påstå at eg har funne det opp sjølv, men eg føler likevel det er litt Mitt 😉 Det starta med ein pose eller boksar med diverse ting oppi, og har no enda opp i ein boks med «Gudruns munnmotoriske krumspring» som er fyllt med munnmotorikk. Den er fyllt med munnmotoriske aktivitetar, som eventyr (Herr Tunge, Trollkjerringa som vasker huset osv), sangar (td. MÆ sa ein liten grøn frosk) og andre munnmotoriske øvelsar. Eg har ein auditiv boks, fyllt med lytteaktivitetar. Og mange fleire…
Viss barnet ditt ikkje likar å lese bøker, er ein boks eller ein pose eit godt hjelpemiddel for å få i gang ein samtale. Putt oppi noko spennande, ta det som interesserer barnet ditt akkurat no, så trekker de opp forskjellige ting og pratar om det. Ikkje still spørsmål, det er ikkje noko intervju, prøv å få i gang ei samtale, der de pratar saman. Det er forøvrig òg eit godt tips viss ungen din ikkje fortel noko frå barnehagedagen/skuledagen; prøv å få i gang ei samtale ved å fortelje kva du har gjort i dag, i staden for å stille spørsmål.
Nyt sommaren <3 -Gudrun-
Enkel sangbok
Mottoet mitt er som Rema sitt; «Det enkle er ofte det beste», så her kjem det eit enkelt, billig og morsomt ferietips. Då me skulle på vår første sydentur med barn, laga eg ei eiga sangbok med dei 5 mest brukte sangane våre. Jenta vår var 10 månadar gammal, så det var enkle sangar som gjalt, «Olle Bolle», «Ro din båt» osv. Eg laga boka slik; teikna ein enkel «fyrstikk»-illustrasjon på framsida og teksten på baksida (ikkje det at eg ikkje kunne teksten, men…), putta dei inni ein plastlomme og knytta saman alle 5 arka med tråd. Eg brukte A5-storleik på plastlommen. Den hadde stor underhaldningsverdi på den 5,5 timars lange flytiden. Ho kunne sitte og bla sjølv, og kunne velgje ut sangar me skulle synge.
Ynskjer alle ein flott kveld i sola.
-Gudrun-
Velkommen :D
Velkommen til bloggen min 🙂
Eg brenn for barnesangar, har alltid likt å syngje, og som førskulelærar og trebarnsmor, får eg syngje masse kvar dag. I bloggen min vil eg legge ut tips, linkar osv. Og startar med «Hiten» i barnehagen før tida. «Lille Petter Edderkopp» er ein sang alle ungar, alle som jobbar i barnehage og dei fleste foreldre kan, men har du høyrt om «Pitte vesle edderkopp», «Kjempe digre edderkopp», «Gamle Petter Edderkopp» og ikkje minst «Morsomme Petter Edderkopp»? Enkel og grei måte å «sprite» opp ein god, gammal slager.
Morsomme Petter Edderkopp ha-ha-ha-han kla-ha-ha-hatra på min ha-ha-ha-hatt! Så-hå-hå-hå begynt-he-he-he-he det å-hå-hå-hå r-he-he-hegne og Petter ned han da-ha-ha-hatt. Så-hå-hå kom so-ho-hola og ski-hi-hi-hinte på min ha-ha-ha-hatt, og morsomme Petter Edderkopp ha-ha-han kla-ha-ha-hatra på min ha-ha-ha-hatt.
Det er rett og slett umogeleg å syngje «Morsomme Petter Edderkopp» utan å le, berre prøv!
-Gudrun-