Ja, i dag spreier eg om meg med framandord. 😉 Me pedagogar er alltid opptekne av å snakke folkeleg slik at alle forstår kva me seier, som jo er viktig det òg. Men får me auka yrkesstatus dersom me ikkje alltid er so folkelege? Me kan jo mykje, og skal vere stolte over det!
Vel, taktil persepsjon, eller berøringssansen, er enkelt sagt evne til å registrere – og reagere på- berøring, temperatur og smerte. Berøring er viktig med tanke på barna si fysiske- og psykiskeutvikling gjennom heile barndommen, faktisk er berøring ein viktig forutsetning for at me skal kjenne oss vel gjennom heile livet. Me kan aldri ta på ungane våre for mykje, derimot kan me ta for lite på dei.
«Ro din båt» er ein fin sang berøringsmessig, ungen sit på fanget til den vaksne, og så ror dei att og fram i første del av verset, og vuggar fram og tilbake i andre del av verset. Regler med berøring, som «Kjemme ein liten rev» er òg lure til taktil stimulering.
Ylva Ellneby (som har skrive fleire fine bøker om barn) seier i boka «Se hva jeg kan!» at det kan vere lurt at dei vaksne har nokre vanlege berøringsleiker i sitt leikerepertoar. Dømer til små barn
- Bake bollar; Barnet er deig som vert rulla og elta på golvet.
- Kile leikar; td. «Kjem ein liten rev»
- Katt og mus; «No kjemme eg og teke deg» Jage og fange – og gi ein god klem.
- Huskeleik; sitte på fanget til ein vaksen og huske opp og ned eller fram og tilbake, som i «Ro din båt»