Føler at eg må få inn ein post i dag, men det har vore ein veldig lang dag, med tidlegvakt på jobb, personalmøte etter stengetid og foreldremøte etter det igjen. Men som sagt føler eg for å skrive ein pitte liten bloggpost, og tek med litt av dei enkle tipsa mine til samlingsstunda, som du kan få ved å svare på spørjeundersøkinga. Undersøkinga er heilt anonym, eg får ikkje opp enkelt svar som er knytta til evt. mailadresse!
Mottoet mitt er visst; det enkle er ofte det beste;
- Ver GLAD og SMILANDE!! (enkelt og genialt)
- Rørslesangar er MORO! Store og energiske rørsler!
- Sjå alle ungane inn i augene.
Svar på undersøkelsen, så får du fleire og meir utfyllande tips 🙂
Eg har tre postar liggande halvferdige på lager, ein om auditivpersepsjon/høyrselssansen, ein om haust sangar og ein om Thorbjørn Egner. Barnehagen vår har Egner som forfattar i år, og eg har tvinga med min favoritt-Egner-sang som månadssang. Den passar ikkje som septembersang, men så er den heller ikkje det 😉 Her kan de øve på vår månadssang i, ja, riktig, APRIL <3 <3 <3
Sidan eg er i det avslørande hjørne. Puslegrisen er favoritt Prøysen sangen min <3
Nokon som vil dele favorittsangane sine? Skriv ein kommentar <3