Korleis det heile starta.

I dag vil eg fortelje deg om korleis, eller kanskje heller kvifor, bloggen vart starta sommaren 2012. Kva som gjorde at eg fann ut at det var samlingsstund eg ville dele med verda.

Eg høyrer ofte om Livsoppgåve, eller gåva mi til verda. At alle liksom har sin plass å fylle, si oppgåve å oppnå her i livet. Eg veit, dette høyrest litt, eller veldig, alternativt ut, og det er det vel òg. Men like fullt; her er historia om då eg fekk ei openberring.

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.
Samlingsstund

Eg hugsar den dagen eg bestemte meg for at dette kan eg, her er mi røyst verdifull. Eg var vikar i ein barnehage. Eg hadde nettopp hatt permisjon med minsteguten, og hadde litt ulønna permisjon (Ja, eller 15-16 månadar faktisk), og sa ja til å hjelpe til som vikar i ein barnehage. Det var oppbrot på avdelinga, me venta truleg på frukt. Men ungane virra i alle fall litt rundt. Eg samla dei, og hadde ei spontan samlingsstund, og alle ungane var med. Det var ein skikkeleg «god følelse», for å bruke Erik Bertrand Larssen sitt uttrykk. Eg tenkte; dette er moro, her er mi stemme til verda, her har eg mykje å bidra med. Her kan eg hjelpe mange barnehagearbeidarar. Det gjekk nesten eit lys opp for meg. Dette vil eg gjere meir av, dette vil eg hjelpe andre til å oppleve.

For det er moro å få fullt fokus, få tilbakemeldingar, latter, stjerner i augene, få forslag, sjå smila når du skal ha samlingsstund. Det gir energi, det gir glede, du gløymer alt det travle, og de er saman – her og no.

Sjiraff i korg
Samlingsboks

Eg hugsar ikkje om eg hadde med meg ein boks denne sjelsettande samlingsstunda, men eg hugsar at ungane kosa seg, og at eg samla heile avdelinga som einaste vaksne. Og det var veldig fint, og kjempe moro. Og eg tenkte; Dette må eg gjere meir av!

Så kom eg borti diverse nettkurs, korleis bruke det du kan og det du er god på for å lære det vekk til andre. Og der blinka blogg seg ut, og på ei lita kveldsstund så vart ein blogspot-blogg ved navn Gudrun sine sangsskattar fødd. Etter eit par år på blogspot, kjøpte eg domenet, og begynte å blogge på samlingsboksen. Navnet kom av seg sjølv, eg er «avhengig» av å ha med meg ein boks i samlingsstunda, fyllt av konkretar og idear til ei spennande samlingsstund.

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Håpar du likar bloggen min. Del gjerne vidare, og kom med forslag til kva eg kan skrive om.

Klem,

Gudrun <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.