Eg klarar ikkje å dy meg, her er to sangar som eg er veldig glad i. Det er gamle sangar frå området her som eg lærde frå Toneskrinet. Kurrin bæ er ein av favorittane til dei to eldste ungane òg. Eg tok ei spørjeundersøking med dei i ferien, og begge to nemde denne <3
Kurrin bæ
Kurrin bæ,
kest e da du e?
Dilja pao rompa og seia bæ,
dao faor e vita kest e da du e.
Eg skjønnar at dette kan sjå litt gresk ut, så her er oversetting;
Kurre bæ = eit kalle navn på sauer.
Kest e da du e = Kor er du, Dilja pao rompa = rist på halen.
Og nok ein sauesang, denne har litt bevegelsar, som sjølvsagt gjer den endå meir spennande. For det er ein kjempe spennande sang, som heldigvis endar bra 😉
Guten på hauen
Det var ein gong ein liten gut som skulle gjete sauen.
Sauen inn i tjukka rust, og guten oppå hau’en.
So kom da ein rev og vilde ha seg eit lamb,
me-he-hen dao tok guten børsao si og skaut han midt i baken
-PANG-
Skulle gjerne hatt melodien ja. Må vere på lydspor, eg kan ikkje lese ut fra noter hvordan melodien er:)
Viss du er litt tolmodig, så skal eg nok ordne det til deg 😉 (Eg kan forresten heller ikkje lese notar, men har veldig lyst til å lære meg det)