Dei to eldste ungane går på speidaren, ein nyoppstarta tropp som har vore i drift i 1,5 år. Kvart år har me juleverkstad, der me blant anna lagar pepperkake leir som me får stille ut i den lokale pepperkakelandsbyen, som er hakket mindre enn den som er i Bergen. (OK, mange hakk mindre.) Men der har iallefall min barnehage, minsten sin barnehage og dei to eldste sin speidartropp eit bidrag, så me er godt representerte.
I fjor lærte me å brette boksar på speidaren sin juleverkstad. Og her kjem oppskrifta eg lova deg i 3. desember-posten.
Me startar med å klippe eit ark, kan godt vere frå eit blad, i eit kvadrat. Slik som når du brettar spå. Brett slik at det vert eit kryss. Brett alle hjørna inn på midten. Ta det så oppatt og brett inn til neste «strek».
No har du eit «rutemønster» (eg har streka det opp for illustrasjonen sin del, det skal ikkje du gjere). Du må brette ned dei ytterste kantane òg, men dei kan du godt brette andre vegen. Klipp så slik som eg har kryssa, fire klipp.
Så begynner du og brette til boksen slik som vist på bildet.
Lykke til! Spør viss det er noko du lurer på. Viss du lagar boksen, er det supert om du anten postar bilde på Facebook-sida eller taggar eit bilde med #samlingsboksen_no og @samlingsboksen på Instagram.
klem,
-Gudrun-