Oktober er ikkje heilt her endå, men det er på tide å tenkje på oktobersangane lell. Her hjå meg er det ein sang som ruler, og som alltid har vore med i oktoberrepertoaret dersom eg har fått bestemme:
Samina
Samina mina e e
waka waka e e e
samina mina sangelewa
anawa a a
Samina mina e e
waka waka e e e
samina mina sangelewa
anawa a a
Django e e
Django e e e
Samina mina sangelewa
anawa a a
Som så ofte med desse «utanlandske» sangane, anar eg ikkje kva det betyr, eg hadde faktisk ikkje peiling på kor den kom frå heller, før eg høyrde Shakira sin vm-sang 😉 Då fekk eg bekrefta at den var afrikansk i allefall, som eg hadde mistanke om. Så dei som vil ha melodi på denne, så finst den her, eller kor som helst på nettet 😉 Berre google waka waka.
Ein annan oktobersang, er sjølvsagt Lillebjørn Nilsens Barn av regnbuen, sjølv om den egentleg er vorten ein julisang no, tragisk nok. Men det er ein nydeleg sang, som fortjenar å verte henta fram i oktober.
Eg bør vel egentleg forklare litt om kva eg meiner med oktobersangar. Oktober pleier alltid handle om solidaritet i barnehagane. Grunnen til at dette er tema i denne månaden, er jo sjølvsagt FN-dagen, 24. oktober. Derfor vel eg sangar handlar om solidaritet og verdas barn, og sangar frå andre land.
Navnesanger i oktober, vert sjølvsagt Navnesangen frå Zaire, Oh Libala. Eg har skrive den i ein navnesangpost, og lurer framleis på kva sangen betyr. (Samina òg, forresten)
Ein sang me brukte på Knøttekoret i Frelsar Armeen er Hamba Nathi, morosam sang å syngje.
Hamba Nathi
Hamba nathi mkululu wethu.
Hamba nathi mkululu wethu.
Hamba nathi mkululu wethu.
Hamba nathi mkululu wethu.
mkululu, mkululu, mkululu wethu,
mkululu, mkululu, mkululu wethu,
mkululu, mkululu, mkululu wethu,
mkululu, mkululu, mkululu wethu.
I Song for deg og meg står det fleire vers på norsk òg, så då får eg reklamert for ei nynorsk songbok denne gongen *hurra*
Ein ring av gull,
ein riktig stor,
med plass til alle hender.
Det er ingen som er størst,
det er ingen som er minst,
det er ingen som er først,
det er ingen som er sist.
Me held godt fast,
så alle kjenner,
at ringen er smidd av gode venner.
Barnehagane eg har jobba i, har samarbeida med http://www.forut.no/ Dei har alltid mange flotte sangar!
Har du fadderunge? Me har ei jente på 10 år frå Somaliland. Ho er fødd 3 dagar seinare enn vår 10 åring. Stas! Det kostar jo ikkje so mykje, men det betyr mykje for «jenta vår» <3
-Gudrun-