Kategoriarkiv: samlingstips

Samling med nye barn

I dag fekk eg prøve meg med å ha samlingsstund med «nye» barn. Kjenner dei jo for so vidt, men dei går på ein anna avdeling, og me kjenner ikkje kvarandre så veldig godt. Alderen var 15 mnd-3 år.

Det som funka var «Mange slags edderkoppar» Slo virkeleg an! Alle ungane, 13 stk tilsaman, sat som lys, sang og gjorde bevegelsar. Andre bevegelsessangar funka òg fint, men me gira berre opp til 3. gir med Ford Escorten.

Prøvde òg å lese bok, om Moi. Dei er enkle og morosame bøker om monster 😉 Med mi vanlege gruppe, stille ungane krav om at eg må lese tre bøker, helst fleire gonger kvar bok. Men i dag vart det berre ei, for eit åringane klarde ikkje å halde fokuset så lenge. Men ei bok gjekk heilt fint.

Lengda på samlinga var ca 15 minutt, akkurat passe lenge. Og ein ting til som funka som fjell; BOKSEN!!

Kva funkar for deg med nye barn?

-Gudrun-

Dramatisering

Bjørnen og Reven som handdokker
Bamse Brakar og Mikkel Rev

Tenkte eg skulle samle mine beste tips til ei vellukka dramatisering.

1. Det enkle er ofte det beste. Utkledninga kan gjerne vere så enkel som mogeleg, berre ein hatt, eller eit teppe over ryggen, nokre enkle øyrer i papp, ein paraply (viss du ikkje er overtruisk som meg, og ikkje tek ein oppslått paraply over hovudet inne ;)) Det treng ikkje vere store greiene, faktisk bør det ikkje vere store greiene. Ungane skal ha muligheit til å kjenne deg att bak kostymet.

2. Det er veldig kjekt å vere to om det. Det vert morsomare for deg, og morsomare for ungane. (Og for dei vaksne som ser på, sjølv om det ikkje er dei du skal underhalde)

3. Bruk store bevegelsar, bruk heile deg, slå deg laus.

4. Rekvesitane kan òg vere enkle, berre for å gi ungane ein peikepinn; t.d. plastdyr, fisk i papp. Du er det viktigaste, det andre er berre med for å understøtte deg.

5. Blikket ditt er eit viktig verktøy, få augekontakt med alle ungane. (Eg er litt beskjeden, så eg unngår som oftast å ha augekontakt med dei vaksne, eg leikar egentleg at dei ikkje er der. Ja, det er sant!! Eg ER faktisk det!!)

6. Stemma di ER heile førestillinga; du kan ikkje dramatisere med ei monotom stemme, du må bruke stemma for å få fram den rette stemninga; i Storetroll og Vesletroll brummar Storetroll med djup, grov stemme, mens det livredde Vesletrollet piper med kjempe lys stemme. Viss du kviskrar høgt, har du ein hemmelegheit med ungane, dei er heilt med!

7. Få gjerne ungane med på ein eller annan måte. T.d. kan dei uuuule saman med reven i Hakkebakkeskogen, skoggele som nabotrolla i Storetroll og Vesletroll, bære mjølk osv. osv.

8. Dess yngre ungane er, dess enklare må du gjere det. Har du små ungar, må du ikkje bruke mykje kostyme.

9. Engasjement!! Du må vere engasjert! Du må leve det! Og du må gløyme dei andre vaksne, slapp av, dei tykkjer det er moro å sjå på deg dei òg.

10. Og eit avsluttingstips, som eg har plukka opp frå Snakkepakken, møt aldri tomhendt til ei samling. Eg drøymer om å lage ei spennande kassa ala Snakkepakken, men med fokus på samlingsstunda og kreativitet. Er godt i gang i mitt eige arbeid, med alle dei flotte boksane mine, men det er noko eg ønskjer å dele med andre òg. Samlingsstunda er den morosamaste tida i barnehagen!

Har du dramatiseringstips? Noko eg har gløymt? Del-del-del! Saman vert me sterke!

-Gudrun-

sjiraffen_laffen_samlingsboksen

Januarpostane

Eg har jo ei Facebook-side der eg har skrive litt om planane for bloggen framover. Men eg tenkte eg skulle skrive det her òg, i tilfelle eg har lesarar som ikkje «likar» Facebooksida mi 😉

Eg skal skrive to postar i jaunar, i tillegg til denne. Den eine skal handle om Snøsangar (sjølv om regnsangar hadde passa bedre hjå oss akkurat no…) og den andre, som eg gleder meg veldig til, skal handle om min nye boks, som er under utarbeiding. Boksen, som eg skal bruke i samlingsstunder, inneheld til no ABC-kort, 123-kort, kort om følelsar, ein liten edderkopp, og ein stor edderkopp, ei løve, eit rytmeinstrument og ein frosk. Ja, og ein heilt magisk, liten, raud boks. Den store boksen er pr i dag berre ei vanleg skoøskje, men snart skal den dekkast med ein fin papp, og KANSKJE kledast med eit flott stoff. Gledar meg til å vise dykk den, for eg veit den vert fin. Eg kan dette med boksar 😉

-Gudrun-

Samling med små barn

Eg hadde ein spørjeundersøkelse for ei tid tilbake, der det var fleire som hadde lyst til å få tips til samlingsstunder med eit åringar. Og med eitåringar tenkjer eg ENKELT! Du må ha enkle sangar, enkle eventyr, enkel dramatisering.

Dersom du skal ha eit drama med eit åringar, må du sjå nesten lik deg sjølv ut, berre med noko lite som gjer deg annleis enn vanleg. Td. ei hue, eit skjerf e.l. noko heilt enkelt, som ikkje gjer deg skremmande og framand. Og det må vere kort og enkelt. Du kan bruke eventyr, men kutt ut masse! Og gjer det enkelt. Og kort. Som eventyr, er jo Bukkane Bruse ein slager, men det er ingenting i vegen med å bruke teksten til ein sang som inspirasjon. Ha med nokre småting til å dramatisere med, dersom du ikkje brukar deg sjølv. Me brukte (med våre toåringar, rettnok) ein løve-bamse, ei lita tre-mus og eit nett som eg laga av piperensarar, til å illustrere ein fabel frå Malawi. Meir trengde eg ikkje, og ungane sat som tente lys.

Sangar med eit åringar gjeld jo mykje det samme. Gjer det enkelt, syng tydeleg og SAKTE! Ein sang eg lærte av ein logoped på PPT, er ganske enkelt. «Bil-bil-bil…osv» på Bæ-bæ melodien. Du kan bruke kva slags ord du vil. Bruke interessene til ungane. Elles er jo dei vanlegaste av dei vanlege barnesangane, som Mikkel Rev, Alle Killebukkane, Lille Petter Edderkopp (sjå ein av dei første postane i bloggen!!), Bæ bæ lille lam (Sjå òg her ein tidlegare post) osv.

Lag enkle sangar sjølv, denne lærte eg på eit kurs for mange år sidan, og tekst og melodi er av Sanne Agatz, sangen er genial til små barn og ein. (Kjære Sanne, håper det er greit at eg deler den, dersom du ikkje likar det, så ta kontakt 🙂 )

Tre små griser
Tre små griser
la-lu-la-lu-la-luDe sang på veien
la-lu-la-lu-la-lu
Så kom ulven
la-lu-la-lu-la-lu

Grisene ble redde
la-lu-la-lu-la-lu

Hva tror du så de gjorde
la-lu-la-lu-la-lu

De sprang hjem til mamma
ha-ha-ha-ha-ha-ha
samlingsboksen_inspirasjon_griser
Slik er ein perfekt småbarnssang, som passar veldig godt til eit åringar. Få ord, enkel tekst. Melodien finn du

Bøker til eitåringar; Pål-bøkene! Dei er virkeleg tilpassa små barn!
Reknar med det er fleire som har meir erfaring med eit åringar i barnehage der ute, del gjerne dine tips med kva som funkar!! Og dersom du har ein eit åring sjølv, kva likar han/ho? Kva er topp for tida? Saman vert me sterke! La oss hjelpe kvarandre med å utvikle oss vidare <3
Hugs å lik bloggen på Facebook og få eindå fleire tips til ein kreativ kvardag.
-Gudrun-

Mine beste samlingstips :)

 Her får du mine sju beste samlingstips, det enkle er ofte det beste.
Mine beste samlingstips
  1. Vær GLAD, SMIL, ha eit «VAKE» blikk

 

  1. Syng HØGT, KLART og SAKTE
    (med KLART meiner eg klar uttale, gjer ingenting om du syng som ei kråke, berre du er engasjert)

 

  1. Rørslesangar er moro! Gjer rørslene STORE og ENERGISKE.
    Rørslene gjer at det vert enklare for ungane å hugse teksten, gjer rørsla pitte litt i forkant, då hugsar ungane teksten lettare.

 

  1. SJÅ ALLE UNGANE INN I AUGENE!
    Hank dei inn med blikket, la kvar og ein føle seg spesiell. HEILT TIDA!

 

  1. Drama er moro!
    Du treng ikkje vere skodespelar eller ha eit fansy kostyme, ein skeiv hatt på hovudet, og du er eit troll. Og du får ungane med på ein heilt anna måte. Endre litt på stemma di, og du er plutseleg ikkje Gudrun meir, men ei gammal heks, eller ein liten frosk.

 

  1. Kom aldri tomhendt til ei samling.
    Ha med eit eller anna, noko for å få ungane fokusert. Ei lita kiste med spennande ting, nokre sangkort for å illustrere det du vil ha fokus på.

 

  1. Slutt mens leiken er god.
    Har du ikkje lenger fokuset til ungane, så avslutt, eller finn på noko sprøtt for å hente dei innatt.

 

Eit av dei viktigaste råda er faktisk det siste! Har du ikkje ungane med deg lenger, så avslutt. Du er ei servicebedrift, du skal gi ungane service, det er IKKJE dei som skal gjere noko for deg. Har du klart å underhalde dei i berre 5 minutt, slutt likevel! Har du ikkje fått lese alle bøkene du tenkte, slutt likevel!

Og GLØYM dei vaksne som er med deg, det er heller ikkje dei som betaler for å høyre på deg 😉

KOS DEG! Ungane merkar det, veit du! Ver tilstades mentalt.

Likar du mine samlingstips? Del dei gjerne vidare.

-Gudrun-

smil

Tal

1, 2, 3 – tal omgir oss over alt. Her i familien, har me ein 10 åring som gjer ALLE matteleksene på måndag, slik at ho er ferdig med det, og ein 7 åring som svarte på 3. klasse spørsmål når han gjekk i barnehagen. I barnehagen sniker me inn litt tal med toåringane våre med å telje kor mange vaksne som er der, kor mange ungar som er der og å telje til tre før me syng. (Me har forresten hatt foreldremøte i dag, og me fekk tilbakemelding på at ungane sang masse heime, YUHUU!!)

Kor me enn snur oss, møter me tal. Barn som leikar med tal lærer seg å stole på dei. Bruke dei. Nyfikenheita er medfødt, og du lærer aldri så fort og så mykje som du gjer i årene før du byrjar på skulen. Å lære om tal og teljing gjennom lek, gjer barnet kjent med tala – og trygg på dei før skulestart. Og guess what?? Eg kan nokre talsongar!! (BOMBE!!)

Indianarsangen
Ein og to og tre indianarar,
fire, fem og seks indianarar,
sju og åtte og ni indianarar,
ti indianarar små

Alle so hadde dei fjær på hovudet (håve)
alle so hadde dei pil og båge,
alle so var dei so stolte og krye,
for bamsen skulle dei ta.

Hysj, der høyrde eg noko som braka,
hysj, der høyrde eg noko som braka.
Der kjem bamsen so stor og diger,
kom la oss skunde oss heim.

So vart da ti og ni og åtte indianarar,
sju og seks og fem indianarar,
fire, tre og to indianarar,
ein indianar igjen.
Han var ikkje redd for den store bamsen,
han tok og skaut han og bums der falt han.
So tok han med seg heile hamsen,
og so gjekk han heim til dei ni.

So vart da
Ein og to og tre indianarar,
fire, fem og seks indianarar,
sju og åtte og ni indianarar,
ti indianarar igjen.

Min versjon, syng den med INNLEVELSE. Eg oppdaga det på jobb i dag (eller det er ikkje noko nyoppdaging, men fekk ei påminning), du må vere tilstades for å nå alle ungane, straks dine tankar vandrar til andre ting, forsvinn ungane si merksemd. Du må vere med sjølv, vere levande, energisk og leiken, sjå alle ungane og hanke dei inn med blikket. Du må vere der, her og no!

Ingebrikt Davik, igjen, har sangen Telja til ein og telja til to, ein morosam sang dersom ein høyrer på teksten 😉 Høna går ikkje med strømper og sko, liksom?? Telja til fem og telja til seks, er du eit troll, blir du gift med ei heks. Morosamt og spennande å synge! Og litt småskummelt.

7 åringen lærte ein 10ar sang på skulen no i 2. klasse.

Ti’ar venn sangen
(Tyven tyven)
Ein og ni er ti det ser du.
To og åtte like så.
Tre og sju, ja berre le du,
fire og seks skal saman stå.
Fem og fem er ti,
alle saman vi,
rekna kan til ti,
og vi skal flinke bli.

Det finst mange flotte talprodukt hjå sjarmtrollparty forresten, eg likar godt aktivitetskorta, med tal og bokstavar, der ein kan skrive med whiteboard penn på! (Skal få teke bilete)

Sjå etter tal rundt dykk i kvardagen, hadde me klart oss utan? Me er ganske avhengige!

-Gudrun-

Enkle tips

Føler at eg må få inn ein post i dag, men det har vore ein veldig lang dag, med tidlegvakt på jobb, personalmøte etter stengetid og foreldremøte etter det igjen. Men som sagt føler eg for å skrive ein pitte liten bloggpost, og tek med litt av dei enkle tipsa mine til samlingsstunda, som du kan få ved å svare på spørjeundersøkinga. Undersøkinga er heilt anonym, eg får ikkje opp enkelt svar som er knytta til evt. mailadresse!

Mottoet mitt er visst; det enkle er ofte det beste;

  1. Ver GLAD og SMILANDE!! (enkelt og genialt)
  2. Rørslesangar er MORO! Store og energiske rørsler!
  3. Sjå alle ungane inn i augene.
Svar på undersøkelsen, så får du fleire og meir utfyllande tips 🙂 
Eg har tre postar liggande halvferdige på lager, ein om auditivpersepsjon/høyrselssansen, ein om haust sangar og ein om Thorbjørn Egner. Barnehagen vår har Egner som forfattar i år, og eg har tvinga med min favoritt-Egner-sang som månadssang. Den passar ikkje som septembersang, men så er den heller ikkje det 😉 Her kan de øve på vår månadssang i, ja, riktig, APRIL <3 <3 <3 
Sidan eg er i det avslørande hjørne. Puslegrisen er favoritt Prøysen sangen min <3 
Nokon som vil dele favorittsangane sine? Skriv ein kommentar <3

A-B-C

I dag har eg gjort ferdig «Alfabetet» vårt som me skal ha på fagrommet; Språk, tekst og kommunikasjon. Og mens eg klipte og laminerte, sang eg på ABC-sangar. Skriv ikkje opp teksten på dei, sidan det stortsett er A-B-C osv. (Ungane lærte forresten ein morsom ein i 1. klasse; «A B C så lett som bare D E F…» Den er litt annleis, og veldig mykje morsomare, enn dei A B C sangane me sang)


Alle skal lære bokstavene, og det er ingen grunn til å vente. Barn er lærevillige, så begynn nå og la barnet få oppdage bokstaver på samme måte som alt annet du lar det få oppdage. Å gjenkjenne bokstavene er det første skrittet på veien til lesing. Eg var i praksis for mange år sidan som førskulelærarstudent, der fekk me vere med og observere eit barn som vart trena etter Domanmetoden. Barnet me såg trena, var 2,5 år, og las. Fasinerande å sjå! No meiner ikkje eg at me skal lære alle 2 åringar å lese, men å la dei leike med bokstavar er gøy. Sjarmtrollparty har fleire kjekke bokstavprodukt. Dei kan sjå, lese, telje og skrive, alt etter alder og utvikling. Alle sidene er laminert slik at barna kan skrive og vaske bort, om og om igjen.Her kan barna tilegne seg viktig kunnskap på en morsom og praktisk måteABC produkta tar utgangspunkt i barns naturlige nysgjerrigheit, entusiasme og lærelyst, og gjer læringen morsom! Det finst bøker, bokstavkort og memo-spel.

No skal iallefall Bokstavane opp på veggen på avdelinga. Sjølv 2 åringane finn «Min bokstav» og er kjempe stolte 😉 Me diskuterte så vidt om korleis me skulle henge opp bokstavane, skulle me henge dei opp alfabetisk eller skal me henge dei opp heilt villt. Me datt ikkje ned på nokon konklusjon, så det vert spennande å sjå. Eg har iallefall delegert vekk pynting av avdelinga. Dersom det skal vere mitt ansvar, så vert avdelinga veldig tom og naken, for eg manglar slikt pynte-rundt-meg-gen 😉

Google er min venn, så eg avsluttar med ein link til A B C, så lett som bare D E F Utruleg moro å syngje «og så en liten Q, muuh» 😉

-Gudrun-

God morgon

Det vert mykje «barnehagesangar» i bloggen no, men eg har ofte møtt foreldre som er frustrerte over å ikkje skjønne kva sang «skatten» syng på, og då med ein endå meir frustrert «skatt» sidan mamma og pappa ikkje skjønnar nokon ting.

(Bildet er frå virrevapp sin haustkolleksjon; flotte klær i god kvalitet = dagens reklame 😉 )

Samlingsstunda er nok ikkje lik overalt, (Hey, mine eigne samlingsstunder er ikkje like frå dag til dag ein gong 😉 ) men dei fleste samlingsstunder startar med ein God morgon sang.

God morgon alle sammen.
God morgon alle sammen, 
god morgon far og mor.
God morgon vesle syster,
god morgon store bror.
God morgon trær og blomster,
god morgon fuglar små.
God morgon kjære, lyse sol på himmelen klar og blå,
HEI HÅ!
God morgon alle sammen er med bevegelsar. Eg kan skrive dei opp dersom nokon vil det, berre skriv i kommentarfeltet så fiksar eg det 🙂 Dette er den mest brukte sangen til opningssang, svært uoffisiell undersøking av meg. Men det finst mange andre fine også.
Kom no her
Kom no her, set deg der,
kva skal me no gjere?
Synge litt og lese litt og eventyr få høyre.
God morgon, god morgon
God morgon, god morgon, 
her er me igjen.
Me kjemme so glade til barnehagen hen.
Me syng og me leikar, me har det so godt.
Me vil ikkje byta med kongens eige slott.
God morgon.
Og ein av mine all time favorittar, fordi den er så morsom å syngje:
Her i barnehagen
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy
Mykje rart å gjere – Mykje rart å gjere
Og så mykje skøy – Og så mykje skøy
Skvi skva skvadulia – Skvi skva skvadulia
Skvadulia åh- Skvadulia åh
Ari ari ari – Ari ari ari
Ari ari åh – Ari ari åh
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det kjedeleg – Her har me det kjedeleg
Mykje seigt å gjere – Mykje seigt å gjere
Å so mykje dumt – Å so mykje dumt
Skvi ska…..
Og første verset ein gong til
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy..
Det kan virke kjedeleg, men det er ganske OK å ha samme opningssangen kvar dag (evt. ein heilt anna til fellessamling, t.d. eller andre temasamlingar) Men å høyre den samme opningssangen kvar gong, gjer at ungane skjønnar kva som skjer, dei forbinder sangen med samlinga og veit kva som vert forventa. For meg, og sikkert andre, er det kjekt å synge forskjellige sangar, men eg vil halde meg til den samme, verfall ei stund framover. Så kan me skifte til ein ny etterkvart. Omtrent slik det pleier vere på treningar; når du først har lært programmet, så skifter leiaren til eit nytt program 😉
Eg er jo ein ivrig sangsamlar, så dersom de har andre opningssangforslag så ikkje nøl med å dele dei med meg 🙂 Eg elskar å lære nye sangar!
-Gudrun-

Sangleikar om troll ;)

Sangleikar er morsomt. Her kjem ein «skummel» sangleik om eit troll 😉 (Skummelt er eit flott ord å bruke med ungane, for då berre ler dei av deg, som er så rar at du til og med tykkjer sangar er skumle…)

Trylle troll

Eit troll, eit troll, kan trylle med kva det vil.
Korleis, korleis, korleis kan det no gå til?
Eit hopp, eit hopp, han gjer med sin trylle kropp,
og so, og so, og so vert han til ein frosk. (eller andre dyr)

Og mens han hoppar omkring, hoppar omkring,
hoppar alle med,
og mens han hoppar omkring, hoppar omkring,
hoppar alle med.

Og her kjem ein endå skumlare troll-sang:

Trylle-rylle sang

(syng med litt skjelvande stemme…)
Eg er ein dyktig trylle mann,
som alle her forvandle kan.
Eg har eit trylle-rylle ord,
har sterke krefter på vår jord
ABRA-KADABRA no er du ein frosk.
(Hoppe rundt mens de nynnar på verset)
Tra-la-la-la…
ABRA-KADABRA  no er du deg sjølv.

Når eg syng med ungane, brukar eg heile meg, med stemme, bevegelsar, masse drama (bortsett frå når eg syng godnattsangar, då er det ganske roleg og monotont 😉 ) Eg avsluttar alltid sangstunda når eg mister merksemda til ungane. Å sitte og lese eller synge for ungar som ikkje har lyst til å høyre på, det ser eg ikkje heilt vitsen med, det er for å gi dei noko eg gjer det, ikkje for at dei skal gjere meg ei tjeneste. Tenk på det neste gong du har samling eller les med eigne ungar; gi deg mens leiken er god!

-Gudrun-