Eit innlegg om sjølvkjensle og sjølvtillit.
- Er eg elska? Er du glad i meg? (sjølvkjensle)
- Dug eg til noko? Tykkjer du eg er flink til dette? (sjølvtillit)
På eit rett ut spørsmål, er dette veldig enkelt å svare på. Men å hugse at det er desse to spørsmåla, om sjølvkjensle og sjølvtillit, som ligg bak når poden slår seg vrang, og då gi det rette svaret, er verre med.
Eg skreiv jo om ros i forrige post, fordi eg held på å lese «De utrolige årene». Og så har eg snakka med den tidlegare nemde barnepsykologen att, han med jonsok-bål av lesebøkene, veit du. Og han snakka om dette her, at alt egentleg bunnar i desse to spørsmåla, er du glad i meg? Og tykkjer du eg duger?
Hugsar me dette då, når ungen står og ramskriker at han vil ha saft? Eller når han, i mine auger, oppfører seg urimeleg? Når han set seg på bakbeina og ikkje vil legge seg? Eller når ho skrik og slamrar med dørane?
Øyøyøy, vanskelege saker, men viss me tel til 10? Går litt ut av situasjonen, ser litt objektivt på det? Me greier det då?
Avtale med meg sjølv; Prøv å sjå godt etter kva som ligg bak, kva barnet egentleg meiner, og svare på det. Og alltid tel til 10!! (Fekk ein test MENS eg skreiv innlegget…. Om eg «svara» rett, veit eg ikkje, men eg vart iallefall ikkje sint. **Flink**)
På eit kurs me hadde i fjor, om bl.a. «Tryggheitssirkelen», fekk me ei litt fin regle.
«Å vere ein god forelder kan oppsummerast i 25 ord: Alltid være: større, sterkare, klokar og snill. Når det er mogeleg; følgje barnets behov. Når det trengs: ta ansvar og bestemme.»
Og for å få inn litt sang òg, så avsluttar eg med ein av babysang-favorittane mine:
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Føler dette vart eit litt personleg innlegg, men eg reknar med at det er fleire enn meg som kranglar med ungane mine, og som har lyst til å late det vere, og heller klare å telje til 10 og vere ein god forelder. Blir veldig glad for kommentarar og tilbakemeldingar, anten her eller på Facebook. Skal snart begynne å synge att på bloggen 😉