Jepp, takka vera Veronica, så har eg lært ein ny versjon av Vesle Petter Edderkopp, som vist nok er den opprinnelege? I allefall rimar den, og er meir «korrekt» enn den andre versjonen som berre brukar «Hatt» som rimeord.
Alle innlegg av Gudrun
Eg har shoppa :D
Litt «feigt» å fortelje dette her, sidan eg har brukt nettverket mitt til å få tak i noko som er utseldt… Men iallefall; eg har kjøpt meg «Dokketeater» *hipp hurra* Det var tidlegare i kolleksjonen til www.sjarmtrollparty.no og ein av forhandlar kollegane mine hadde eit liggande, som eg fekk kjøpe! Hurra!!
Gledar meg til det kjem i posten og eg får teke det i bruk!!
Lovar fristande bilder 😉
-Gudrun-
(OBS; alle treleikene er på veg ut av kolleksjonen vår, dagens reklame-tips)
Å kosa seg på jobb
Me hadde personalmøte med innleigd inspirator forrige veke, og eg tenkte eg kunne skrive ned litt av tipsa ho kom med.
Ho starta med at det var viktig å vere
- Stolt over seg sjølv,
- Bruke det den enkelte er god på,
- Bruke ord som gjer at ungane vert interessert,
- Dei vaksne må vere med, på lik linje som ungane, t.d. utkledning, skigåing osv.
- Vere glad og stolt over jobben sin.
- Leve litt på sparket, «Den døde mus-pedagogikk», følgje ungane sitt initiativ.
- Og; Jobben vert det du gjer den til. Du har ansvaret sjølv, for å ha det kjekt på jobb.
- Bruke humor, og ikkje ta seg sjølv så høgtidleg.
Prøvde ut den nye måten.. Ei oppskrift på ein superlett måte å lage sangkort på.
…for å lage sangkort;
Funka supert!
Nye sangkort
Eg har laga nye sangkort, ved hjelp av word. Skreiv inn teksten, søkte etter passande illustrasjonar på «sett inn» og vidare til «Utklipp»
Så skreiv eg ut dei ut med ein fargeskrivar, klipte dei til A5 storleik og laminerte dei. Sangane som fekk vere med var Vesle Petter Edderkopp, Bringebærslått, Hei på deg og Tre små griser. Neste gong skal eg gjere det endå enklare. Eg bruker liggande papirretning og to kolloner på skrifta, og tek tekst på eine sida (kollona) og illustrasjon på andre, skriv ut, brettar og laminerer. I staden for slik eg gjorde denne gongen, der eg klipte og la på eit anna ark. Ein lærer så lenge ein lever. Lenge leve effektivisering!
Eg fekk lamineringsmaskin hjå mamma og pappa til jul eit år, trur den var kjøpt på Europris, lamineringsarka kjøper eg òg på Europris, meiner dei kostar 1,50 pr ark. Til mitt bruk treng det ikkje vere så veldig fancy, men det er veldig flott å ha det her heime, klar til bruk, når eg vil.
Reknar med det vert mange, flotte sangkort utover dette barnehageåret òg <3 Korleis er det hjå deg? Lagar du sangkort? Trur jammen eg må lage oss nokre sangkort til å ha heime òg. Minstemann på 3 år har fått ein ny favorittsang; "Gå i jungelen" Har sunge den omtreng kvar dag i barnehagen heile året, men han høyrde den for første gong i vår... Har nokre barnehagesangar og nokre heimesangar. Er det slik hjå deg òg? -Gudrun-
Småbarns boks
No har det gått 2 veker sidan barnehageoppstarten, og det er på tide å innføre sangstund til verdens skjønnaste eit åringar. Og, sjølv om eg allerede har ein (HAHHA; prøv snart 10) boks, så må eg nesten ha ein ny samlingsboks til eitåringane mine.
Hjarteboksen skal få vere med inn på besøk til dei store treåringane som eg hadde i fjor, me må inn til dei å synge litt òg.
Boksen har fine gullstriper på sidene. Som eg skreiv på Facebook sida mi, så såg eg boksar på Søstrene Grene, viss du ikkje vil ta jobben med skoøskje. Og med tanke på prisane det er i den butikken, reknar eg med at det ikkje kosta stort.
Her skal det fyllast inn mykje spennande. Eg veit iallefall at det skal komme oppi ein gris. For eg har tenkt å innføre «Tre små griser» sangen. Eg søkte litt på nettet i går, og fann melodien på youtube. Og edderkoppen får nok, sjølvsagt, fast plass. Eg har funne meg ein liten båt, som skal oppi, og har nokre små venner som allerede ligg og ventar på morgodagen:
Den vesle musa har ei bjølle, som eg ser føre meg vert spennande for dei små.
I tillegg til «Tre små grise», så har me òg ein månadssang me skal bruke litt tid på. Det er «Bringebær-slått». Det er ein «ny» sang for meg, eg kan den, men har aldri brukt den i barnehagen før. Men det er ein passande sang no om hausten, dei andre ungane i barnehagen har plukka masse ville bringebær no i haust. <3
Det er alltid to spørsmål som vert stilt.
Eit innlegg om sjølvkjensle og sjølvtillit.
- Er eg elska? Er du glad i meg? (sjølvkjensle)
- Dug eg til noko? Tykkjer du eg er flink til dette? (sjølvtillit)
På eit rett ut spørsmål, er dette veldig enkelt å svare på. Men å hugse at det er desse to spørsmåla, om sjølvkjensle og sjølvtillit, som ligg bak når poden slår seg vrang, og då gi det rette svaret, er verre med.
Eg skreiv jo om ros i forrige post, fordi eg held på å lese «De utrolige årene». Og så har eg snakka med den tidlegare nemde barnepsykologen att, han med jonsok-bål av lesebøkene, veit du. Og han snakka om dette her, at alt egentleg bunnar i desse to spørsmåla, er du glad i meg? Og tykkjer du eg duger?
Hugsar me dette då, når ungen står og ramskriker at han vil ha saft? Eller når han, i mine auger, oppfører seg urimeleg? Når han set seg på bakbeina og ikkje vil legge seg? Eller når ho skrik og slamrar med dørane?
Øyøyøy, vanskelege saker, men viss me tel til 10? Går litt ut av situasjonen, ser litt objektivt på det? Me greier det då?
Avtale med meg sjølv; Prøv å sjå godt etter kva som ligg bak, kva barnet egentleg meiner, og svare på det. Og alltid tel til 10!! (Fekk ein test MENS eg skreiv innlegget…. Om eg «svara» rett, veit eg ikkje, men eg vart iallefall ikkje sint. **Flink**)
På eit kurs me hadde i fjor, om bl.a. «Tryggheitssirkelen», fekk me ei litt fin regle.
«Å vere ein god forelder kan oppsummerast i 25 ord: Alltid være: større, sterkare, klokar og snill. Når det er mogeleg; følgje barnets behov. Når det trengs: ta ansvar og bestemme.»
Og for å få inn litt sang òg, så avsluttar eg med ein av babysang-favorittane mine:
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Føler dette vart eit litt personleg innlegg, men eg reknar med at det er fleire enn meg som kranglar med ungane mine, og som har lyst til å late det vere, og heller klare å telje til 10 og vere ein god forelder. Blir veldig glad for kommentarar og tilbakemeldingar, anten her eller på Facebook. Skal snart begynne å synge att på bloggen 😉
Å rose barna, og korleis gjere rosen meir effektiv.
Eg driv og les ei veldig nyttig bok for tida, «De utrolige årene» av Carolyn Webster-Stratton. Ho gir mellom anna råd om å rose barna og korleis gjere rosen meir effektiv.
- Ver spesifikk; beskriv åtferda du likar.
- Gi ros på rett stad til rett tid.
- Vis entusiasme; energisk, omsorgsfull og ærleg.
- Unngå å kombinere ros og irettesettelse.
- Gi ros straks; ofte og konsekvent.
- Åtferda treng ikkje vere perfekt for å fortjene ros.
- Oppmuntre barna til å rose seg sjølv.
Eit pitte lite oppstartstips :)
Kva treng ungane i barnehagen?
Mange nye foreldre er usikre på kva ungane faktisk treng å ha med seg i barnehagen. På planleggingsdagen fredag, sette me på avdelinga oss ned og skreiv ei «Utstyr som trengs i barnehagen»-liste.
Her er den:
- 2-3 sett med byteklær. (Dersom ungen nett har slutta med bleie, må de ta med mange truser og bukser. Hugs dessutan på å fylle på med det som vert brukt. Ofte vert berre buksa blaut, då treng du berre ta med bukse, ikkje eit heilt sett. Det pleier nemleg ofte å hope seg opp med gensarar og teskjorter i bytekorgene 😉 )
- Regnklær og støvlar
- Tynn dress (haust/vår-dress)
- Bleier, ikkje Up and go! Stellekrem.
- Vogn/vognpose for dei som treng det.
- Koseklut/smukk for dei som brukar det.
- Ulltøy/fleece til å ha under dressen
- Tjukk og romsleg vinterdress
- 2 par vottar (viktig at dei ikkje er for store!! Strikka vottar er supre til små hender.)
- Hue med god passform/halshue
- Hals eller buff, ikkje skjerf.
Del gjerne med andre som treng det, og følg gjerne bloggen på Facebook.