Det har ikkje komme noko særleg blomar på Lauvhaug no heller, men snøen syng på siste verset. Takka vere alt regnet me har hatt siste veka 😉 Veldig sytete å snakke om regn, me som har hatt tidenes flottaste vinter, med klart og kaldt vær. Me trengde vel egentleg regn no.
Eg og 8 åringen min har øvd på Prøysen sin April-sang i kveld.
Den siste snøen som finst i skaret,
den tiner jeg, for jeg er april.
Jeg gir deg blåveis i bekkefaret,
og regn og solskinn og mere til.
Men som eg har avslørt tidlegare, er det ikkje dette som er min favoritt Prøysen-sang. Det er og blir
Puslegrisen. Viss du ikkje kan den, lær den! <3
Birte og Jan Sivert kom med forslag om «Ein fin liten blome i skogen eg ser» på
Facebooksida til bloggen. Det er ein så fin og god sang å synge, tykkjer eg. Sjølv om eg berre har sunge den i triste anledningar. Det er ein vanleg gravferdssang her, og den passar som oftast veldig bra til den som har gått bort.
Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Ånei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom han vil sjå.
Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Ånei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogsblome, eg.
Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din?
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.
Ein annan av mine (mange) vårsangfavorittar, og som fleire av Facebook-likarane kom med forslag om, er
Den første løvetann (Eg har starta lobby verksemd for å få Alf Prøysen inn som forfattar for neste barnehageår 😉 )
Men når eg tenkjer meg om, har eg vel vore lobbyist for lokale sangskattar òg…hmmm, kva skal «eg» velgje 😉
Eg fekk òg forslag om Bed of Roses. Den passa jo fint, sidan Bon Jovi er eit av mine favorittband 😀 For å nevne fleire av mine favorittar, så var Smokie mitt favorittband i oppveksten, eg kjøpte alle KASSETTANE!! 😉 Og Guns n’ Roses, sjølv om det helst var søstra mi sitt favorittband. Men eg har nemt det før, eg kan òg alle Sputnik-sangane, for der var broren min blodfan!
Her er min Smokie favoritt; My Woman (Og ja, eg VEIT at den er frå 1975, men alt som kom det året var bra, inkludert underteikna 😉 )
No syng me på siste strofane av Vårvisa, i morgo er siste dagen i april. (Men eg er ikkje framand for tanken om å syngje aprilsangen vår vidare heller, eg altså, det er jo Egner-favoritten min)
Eg elskar å få kommentarar og tilbakemeldingar, så ikkje nøl viss det er noko du vil seie til meg.
klem-
-Gudrun-