Eg las bok i samlingsstunda i dag. 10 ungar som fyller to år frå juni til desember sat med lys i augene og høyrde på boka om «Storemonster gret ikkje». Kjempe moro!
Me har lese masse bøker i leiketiden, men det var første gong eg prøvde å lese bok i samlingsstunda saman med denne gruppa. Eg valgte ei av mine favoritt bøker.
Ungane vart kjempe engasjerte, og gjentok; Han va lei seg! Storemonster va lei seg.
Eg er av den oppfatting at du KAN lese bok i samlingsstunda med full gruppe, VISS du gjer det rett. Her får du mine sju tips til spennande lesing. Du må vere litt skodespelar og bruke stemma di for det den er verdt. Tilbake får du stjerner i augene og glede frå ungane!
Storemonster og Veslemonster
Storemonster og Veslemonster er fine bøker der ungane får sjå saka får fleire sider. Dei to første i serien, «Nei! sa Veslemonster» og «Storemonster gret ikkje» let oss følgje dei to monstera i kvar si bok. Bøkene handlar litt om det samme, men me får sjå det frå begge si side. Veldig lærerike, sikkert mange vaksne som kunne lært litt om andre sin ståstad av å lese desse….
Ha alltid med deg litt konkretar i samlingsboksen din. Viss du har ein boks med ting du likar, nokre handdokker og elles anna som kan knyttast til sangar og eventyr, slepp du gå tom for idear. I min boks er det sjølvsagt, handdokker av Mikkel Rev, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen (Larven har eigen boks) og dei tre små grisane-fingerdokkene frå nettbutikken
I tillegg har eg for tida, ei handdokke av ein sau og ei av ein krokodille. Eg har handdokker av ekkorn, apekatt, løve og tiger òg, men dei er ikkje i boksen no. Handdokker er eit fantastisk verktøy i samlingsboksen din.
Eg har ein leikebil, ein slange, mange edderkoppar med mykje, mykje meir. Det er aldri ei samlingsstund som er lik, nett slik både eg og ungane likar det.
Sjå her for facebook-sida til samlingsboksen og her for facebook-gruppa mi. Gruppa er lukka, og der legg eg av og til ut videoar som eg ikkje postar på den opne sida.
Klem
Gudrun