I morgo (eller i dag då, for dei andre, men eg hadde fri i dag ;)) startar me med juleførebuingar i barnehagen (MERK dette gjeld kun i barnehagen, her heime er det leeeenge til jul 😛 )
I min barnehage deler me alle barnegruppene (4 avdelingar) i 4 nye, blanda grupper. Og 4 dagar i veka er me anten på baking, utegruppe, lesing/synging og forming. I morgo har eg ansvaret for lese/synge-gruppa (eg skal, hinsides all fornuft, òg ha ansvar for eit par formingsgrupper og ei utegruppe, men den tid, den sorg…) Synge- og lesegruppa eg skal ha i morgo, har eg planlagt i dag 😉
Tenkte å lese/dramatisere Alf Prøysen si historie om «Bygda som gløymde det var jul«, det er ei koseleg og morosam historie. Og så skal eg lære dei ein julesang som eg lærte for mange, mange år sidan. Eg googla den, og fann ein variant på bokmål, eg har skrive den på nynorsk, slik eg hugsar den frå då eg lærte den. Men dette er nok litt min versjon dette her. Men den er inspirert av Ingeborg Björk/Carl-Bertil Agnestig sin sang.
Ein juletrall
Me skal laga stakar og sette dei på rad.
Me skal baka bollar, store og små.
Me skal laga snippar med melis på.
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann.
Ja, her er nok å gjera for
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann
Pynte det med lenkjer når det i stova står.
Me skal sette lys på, raude og blå.
Me skal møta nissen som bankar på.
Putte i oss godteri, so mykje me vil ha.
Me skal feira jula, skjønar du no.
Me kan ikkje unna oss rast eller ro.