Julekarameller, eller sommarkarameller, karamell er alltid godt ;)

Det vert jo inga jul utan karameller, og her kjem mi oppskrift! På «nettet» heiter den noko anna, men her vil eg kalle det Gudruns beste karameller. (Grunnen til at oppskrifta har eit anna navn på nettet, er at den florerer på diverse forum, og då *IKKJE* med mitt virkelege navn 😉 )

Gudrun sine beste karameller
250 g smør
125 g lys sirup
1,5 dl kremfløyte
250 g melis

Kok i 30-40 min (dråpetest), rør av og til. (Doblar du røra, må du doble koketida òg)

Kok og nyt! Dei er veldig gode, viss du kokar dei for lite, vert dei for mjuke og klissete. Kokar du dei for lenge, vert dei harde. Eg pleier koke mine til «Smørbukk-konsistens». Pakk dei helst inn i cellofan e.l. Eg pakka mine i matpapir i år, i mangel av andre ting, det heng ørlite fast i karamellen.

-Gudrun-

Én kommentar til “Julekarameller, eller sommarkarameller, karamell er alltid godt ;)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.