Taktil persepsjon

Ja, i dag spreier eg om meg med framandord. 😉 Me pedagogar er alltid opptekne av å snakke folkeleg slik at alle forstår kva me seier, som jo er viktig det òg. Men får me auka yrkesstatus dersom me ikkje alltid er so folkelege? Me kan jo mykje, og skal vere stolte over det!

Vel, taktil persepsjon, eller berøringssansen, er enkelt sagt evne til Ã¥ registrere – og reagere pÃ¥- berøring, temperatur og smerte. Berøring er viktig med tanke pÃ¥ barna si fysiske- og psykiskeutvikling gjennom heile barndommen, faktisk er berøring ein viktig forutsetning for at me skal kjenne oss vel gjennom heile livet. Me kan aldri ta pÃ¥ ungane vÃ¥re for mykje, derimot kan me ta for lite pÃ¥ dei.

«Ro din bÃ¥t» er ein fin sang berøringsmessig, ungen sit pÃ¥ fanget til den vaksne, og sÃ¥ ror dei att og fram i første del av verset, og vuggar fram og tilbake i andre del av verset. Regler med berøring, som «Kjemme ein liten rev» er òg lure til taktil stimulering.

Ylva Ellneby (som har skrive fleire fine bøker om barn) seier i boka «Se hva jeg kan!» at det kan vere lurt at dei vaksne har nokre vanlege berøringsleiker i sitt leikerepertoar. Dømer til smÃ¥ barn

  • Bake bollar; Barnet er deig som vert rulla og elta pÃ¥ golvet.
  • Kile leikar; td. «Kjem ein liten rev»
  • Katt og mus; «No kjemme eg og teke deg» Jage og fange – og gi ein god klem.
  • Huskeleik; sitte pÃ¥ fanget til ein vaksen og huske opp og ned eller fram og tilbake, som i «Ro din bÃ¥t»
Grunnen til at eg tek opp dette temaet no, er at det er oppstartstid i barnehagen. Og det å oppleve nærheit og kontakt er det aller viktigaste for små barn, særleg i situasjonar som kjennes utrygge. Derfor er det viktig å hugse på å gi dei eit fang å søke inn til, både heime og i barnehagen. 
So sagt er det oppstartstid i barnehagen, og litt travlare tider. Så eg rekk ikkje oppdatere bloggen så mykje no før ting har roa seg litt.
Har du fine berøringssangar eller regler, ikkje nøl med å skrive det i ein kommentar 🙂
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.