Eg deler jo barnehageåret inn i sangar… (Er det berre eg som gjer det?? ;)) I august og september er barnegruppa heilt ny, og nye vennskap skal knytast. Overskrifta kjem frå min aller første haust i barnehagen, eg jobba på ei blanda avdeling (alders) og hadde stort spenn i barnegruppa. Det var ein del knuffing, og me sette oss saman og lagde «Reglar». Ein gut på 5,5 år kom med denne; «Vi vil vere venner», me skreiv det opp med kjempe store bokstavar og hengde det opp i samlingskroken <3 Bæstevenna er ein skikkeleg augustsang. Og Forut/Geirr Lystrup sin «Nei, nå ble jeg gla'» frå Omis er ein favoritt! Og Skal vi være venner? Denne lærte eg på Lærarskulen for mange mange år sidan, men no har han fått ein oppsving med NrkSuper 🙂
Fleire augustsangar kjem 😉 Har du eit tips til ein VENNE-sang?
-Gudrun-