Nesten i mål. Veit at ingen bakar kakemenn i dag, men eg vil finne att oppskrifta til neste år, og fortelje deg ein litt artig historie.
Kakemenn
3,5 dl vatn
3,5 dl lys sirup
4,5 dl sukker
60 g smør
Bland dette, kok opp og avkjøl
1 ss hornsalt
Bland med litt mjøl, tilset i blandinga
ca 1,5 kg kveitemjøl
til passe deig.
Kjevle til ikkje alt for tynn leiv, stikk ut kaker, evt juster med meir mjøl.
Steik midt i ovnen på 175 grader til dei er gylne.
Kakemenn har ungane som tradisjon å steike saman med farmora si, så eg kan ikkje hugse at eg har steikt kakemenn med ungane. Men første året eg budde i huset vårt, då var eg flink til å steike kaker skal eg fortelje deg. Mannen min fortalte meg at han likte kakemenn, og eg set i gang. Me hadde nettopp steikt kakemenn i barnehagen, og eg adopterte oppskrifta (denne) og størrelsen på deigen, altså trippel oppskrift meiner eg. Klart at me skulle ha like mange kakemenn som ein heil barnehage!! Veeel, kan seie det slik at me hadde kakemenn heilt til neste jul, tre store, fulle boksar.
Neste år skal me lage kakemenn heime òg, tenkjer eg. Me har allerede ete opp kakemennene som ungane laga med svigermor, så me har plass til meir i skapet.
I morgo kjem jula, uansett om du er klar eller ikkje. Håpar du får ein fin innspurt!
-Gudrun-