Ungane kjøpte seg iPad før ferien, og ein hit i sommarvarmen har vore eit spel som heiter Dumb ways to die. Eg kjenner spelet kun ved kjenningsmelodien, og kan ikkje uttale meg om kva det går ut på. Men det handlar iallefall om dumme måtar å dø på, reknar eg med.
Dumme måtar å leve på
Kjenningsmelodien på spelet, som eg har høyrt både frå baksetet og inne i campingvogna, får meg til å tenkje på dumme måtar å leve på. (Ja, det er ein svært irriterande song!! ;))
Eg og nokre venninner starta ein boksirkel tidlegare i år, der me les bøker me kan lære noko av. Den første me las, var var «Bli best med mental trening» av Erik Bertrand Larssen. Så du skjønnar sjangeren.
No les me Dale Carnegie si bok «Lev livet uten bekymringer», ei bok han gav ut første gong i 1944. Den norske oversettinga er frå 2010, så det er ikkje berre me som les gamle bøker.
Dette er den dagen da jeg vil vere lett å ha med å gjøre. Jeg vil ta meg så godt ut som jeg kan, kle meg skikkelig, snakke lavt, handle høflig, gi rikelig med ros, ikke kritisere noen, ikke finne feil hos noen, ikke søke å rette eller dirigere noen. (s 145)
Boka handlar om å kvitte seg med unødvendige bekymringar, og leve livet på den beste måten uansett kva som hender. Det er aldri for seint å begynne på nytt. Og uansett, så er bekymringar berre eit energisluk som ikkje tjener deg i det heile teke.
Eg treng å lese slikt! Og er trur slett ikkje eg er åleine om å ha unødvendige bekymringar! Til dømes før kvar einaste legetime, trur eg at eg er kjempe sjuk. EG! Eg har knapt hatt feber i vaksen alder og veit ikkje kva influensa er. Og viss gubben er for sein heim frå jobb (noko han har vore kvar einaste dag i snart 20 år), trur eg at han har krasja bilen og er kjempe skada, eller død.
Krasja bilen trur forresten han at eg gjer kvar dag òg. Høyr no her, for 12 år sidan var eg høggravid (veke 36) og førstegongsfødande. Eg var ikkje heime då vatnet gjekk, eg ringer heim til gubben, og hue-gaular i telefonen, sjølvsagt. Og kva spør han meg om; «Har du krasja bilen?» Jepp, bil er det einaste mannfolk bekymrar seg for, heldige som dei er!
Her i vår fekk eg vont i ryggen. Eg gjekk som vanleg inn på Google og søkte «Vont i halebeinet». Og der dukkar «og kreft» opp som alternativ før eg har tenkt tanken. Så det viser vel at det slett ikkje er berre meg som bekymrar meg i tide og utide? Sidan det er er eit so vanleg søkeord at Google føresler det, meiner eg.
Greit nok at fæle ting kan skje, eg seier ikkje at det er ingen som får kreft, eller at ingen krasjar i trafikken. Men det er mykje sant i uttrykket; «Livet mitt har vore fyllt av tragiske hendingar. Dei aller fleste av dei har ikkje skjedd!»
Og det hjelper meg ikkje å takle fæle ting bedre om eg har bekymra meg aldri så mykje på førehand. Ein er aldri førebudd uansett.
Førebur meg på det verste, då vert eg ikkje så skuffa
Det er dei som trur dei får det bedre med å førebu seg på det verste, for då vert ikkje fallhøgda så stor. Men eg trur ikkje det. Eg ville ikkje fått det bedre viss eg forventa det verste heile tida, då ville eg jo fått det fælt alltid. Mottoet mitt er; «Eg har det mykje bedre mens eg ventar, viss eg håpar på det beste.»
Viss du førebur deg på at det skal gå bra, sparer du deg for bekymringane i ventetida, om det er ei ventetid du veit om, eller ei ventetid du ikkje er klar over. Då kan du heller ta slaget når det kjem, då har du iallefall ikkje kasta vekk verdifull tid i førekant. Og viss det går bra då, tenk så bortkasta bekymringane har vore!
Vær positivt innstilt og gjør det du skal med godt humør, og du vil føle deg glad.
Dale Carnegie
Dette flotte motivet fann eg i nærområdet mitt, det er enkelt å la seg bryte ned, men du er like vakker uansett.
Ha ein fortsatt fin sommar. Likar du bloggen, så del den med fleire <3
Klem,
-Gudrun-