Eg har, overraskande nok (eller ikkje overraskande i det heile tatt, i og med at eg likar boka så godt at eg har kjøpt fleire hundre Lille Larven Aldrimett handdokker), valt boka om Lille Larven Aldrimett som første bok i haust. Eg har lese ho, for heile gruppa, to gonger i samlingsstunda. Ungane sit som tende lys.
Det er litt diskutert dette angåande å lese i samlingsstunda, men så lenge den vaksne som les gjer det underhaldande nok, går det heilt fint.
Korleis gjer du det underhaldande nok?
1. Du kan boka så godt at du ikkje er bunden av teksten, dvs at du kan lese boka mens du viser ungane bilda.
2. Du bruker deg sjølv, stemme, kroppsspråk osv, mens du les. Du speler litt skodespel fpr ungane mens du les. Eg hadde hengt opp eit eple, to pærer, tre plomer, fire jordbær og fem appelsiner på veggen. Desse klipte eg ut av papp og laminerte. Og så brukte eg handdokka Larven Aldrimett og åt meg gjennom frukta på veggen. For å få inn litt tal, talte eg kvar frukt, eit eple, ein, to pærer, ein, to, tre plomer osv.
3. Sjå på ungane, få augekontakt og fang dei inn i historia. La alle ungane kjenne seg sett.
Larven Aldrimett
I boka om Lille Larven Aldrimett kan me finne masse læring.
- Vekedagar; Larven Aldrimett et seg frå søndag til søndag.
- Tal; Larven et seg frå eit eple til fem appelsiner.
- Sunn mat; laurdagen et Larven Aldrimett alt for masse og får vont i magen. Dei andre dagane et ho frukt.
- Fargar; kva farge er det på frukta?
- Natur, teknikk, miljø; Korleis Larven Aldrimett utviklar seg til ein sommarfugl. Ungar og vaksne. Me skal ha Larven som tema på gebursdagskalendaren vår i år; ungane skal vere larver og dei vaksne skal vere sommarfuglar.
- Osv. Kom gjerne med dine tips i kommentarfeltet.
Bestselgar
Larven Aldrimett vart som forventa bestselgaren i nettbutikken, i den grad ein kan seie det etter så kort tid og med relativt få varer. Men Larven Aldrimett er jo spesiell då, kanskje fordi dette er ei bok me kjenner frå då me var små, og så er boka minst like populær no. Det er kjekt å lese ei bok du sjølv høyrde når du var lita, til dine eigne små. Eg reknar med at det er grunnen til at nettopp denne dokka slo så pass godt an. Både barnehagefolk og foreldre kan gjere lesestunda mykje meir spennande med denne dokka, den vert ein skikkeleg bestevenn. Mine toåringar krever at dokka skal ha ein koserunde kvar gong ho er framme.
Kva er dine favorittbøker? Kva alder passar dei til? Larven Aldrimett passar godt frå 2 år, andre favorittbøker er Store Monster gret ikkje og Vesle Monster seier nei, som òg er fine frå 2-3 års alderen. Bøkene om Moi, 2-3 år og oppover, Pål-bøkene er fine første bøker, for 1-2 åringar. Eg har mange favorittar! Ja, og Vrimlebøkene! Sluttar no 😉
Kos deg med kjekke lesestunder. Lik gjerne samlingsboksen på Facebook, og del bloggen med andre viss du likar den <3
Klem,
-Gudrun-