Alle innlegg av Gudrun

Regler om kroppen

Jenta mi vart storesyster til den minste broren sin då ho var 8 år, og ho sang sjølvsagt til babyen kvar kveld (mens han var inni magen). Ho sang Kari Bremnes sin «Berg og båre» som er ein aldeles fantastisk nydeleg sang, og gode gamle «Blåmann, bukken min». Den blivande storebroren, som var 5, sang «So ro lillemann» og diverse Bæ-bæ sangar.

Storesøstera laga ei lita fingerregle til vetlebroren som dei to brukar den dag i dag. Ho seier orda med rytme og tek på fingrane hans, og no seier er minsten med og seier orda.

Klovnen Kalle
går mot døra,
spiser på en 
liten BANAN.
Regler om kroppen er morsomme, både for babyar og eldre ungar. Her er eit lite utval av regler eg hugsar frå min eigen barndom og har lært seinare.
Pannebein
Augestein
Nasetipp
Øyreflipp
Munnelipp
Hakeslipp
ooooog Dikkedikkedikk
Banka pao (panne)
kik inn vindauga, kik inn vindauga (augene)
Vri om lykkelen (nasen)
Turka seg på føt’en (haka)
og gå inn (munnen)
Denne under her pleidde pappa å seie til meg 🙂 So denne er takk til pappa 🙂 Har sett denne i fleire versjonar, men dette er min.
Kjemme ein liten rev,
likkande lakkande,
oppette bakkane.
Leita ette eit lite hus,
ikkje der,
ikkje der,
men dikkedikke der.
Og her er ein for ryggen, som eg òg lærte som liten, trur det var av eit søskenbarn.
Fire bank i ryggen
Blodet strømmer.
Edderkoppen spinner,
krokodillen biter,
egget knuses…..
Regle for fingrane
Tommeltott
Sleikepott
Langemann
Gullebrand
og Lille Petter Spillemann
Og to tilslutt for føtene
Ei lita ært
ei lita ært
ei lita ært
ei lita ært,
og ei stor stor bønne.
(og her kiler eg alltid barnet på magen og seier;
Og ei store store BØLLA)
Denne siste er det òg mange versjonar av, mannen min brukar ein annan, men dette er den eg høyrde som barn: 
Little tå
Tå tilla
Tilla ros
Meggel fru
og store skrubbe hesten i skogen.
Alle desse har eg sagt i søvne tidleg tidleg på morgonen, for å få «sove» pitte pitte litt lenger 😉
Kos deg med siste sommar-resten! Las at Lærdal hadde hatt beste sommarværet i år… Så då har vel ikkje eg heller hatt så verst vær samanlikna med resten av landet (Stakkars resten av landet!!) I dag gjekk eg, unge flokken, søstra mi og mamma ein lang fjelltur, litt haustfølelse på toppen, men elles ein flott dag i fjellet!
-Gudrun-

Dag, månad, årstid, vær

Hausten er i gang, iallefall i jobbsamanheng, og «Kva dag er det i dag» er ein viktig del av samlingsstunda i dei fleste barnehagar. Sjarmtrollparty har ein flott kalendar, som viser dag, dato, månad, årstid, vær og har opne felt som kan brukast til å skrive kven som er ordensvakt denne dagen. Kjempe flott, brikkane som følger med er magnetiske og kan derfor flyttast rundt.

Eg var på eit kurs ein gong, der «Hvilken dag er det i dag?» fekk ein ny tittel, nemleg «Senile dement-sangen», føredragshaldaren var ikkje spesielt begeistra for denne sangen 😉 Men eg høyrer den framleis i bruk i barnehagar rundt om, på nynorsk går han slik:

Kva for dag er det i dag? 
Kva for dag er det i dag?
Er det måndag, er det måndag.
Sidan det er måndag i dag, så vert jo svaret ja, og sangen veldig kort. 😉
Det finst mange fine songar om dagen, datoen og månaden. Eg likar veldig godt månadssangane til Alf Prøysen, dei pleier eg ofte bruke i barnehagen.
Me har ofte ein ordensvakt som skal ta seg av kalendartrekk i barnehagen, og her er eit par Kalendartrekksangar.
Kalendartrekk-sang
Eg river av ein lapp,
med eit friskt og lite napp.
Ein dag det mindre blir,
til hausten/vinteren/våren/sommaren snart det lir.
(Melodien er «Se Norges blomsterdal»)
Denne går på samme melodi som Bustebartepinn.
I dag er det måndag,
kom skal me sjå,
falleralleri, fallerallera,
kven som skal trekke søndagen vekk,
fallerallerallera.
Gudrun skal trekka søndagen vekk,
skund deg kom og trekk,
skund deg kom og trekk.
Sjå no er heile søndagen vekk,
fallerallerallera.
Elles har me ofte sangar som passar til årstida, men det får verte i ein annan post. Og forresten, eg har ikkje gløymt at eg skal skrive ein post om «Mine oppstartssangar», eg vart berre så inspirert på jobb i dag at eg måtte skrive ein kalendarpost 🙂

Har du forslag til andre kalendar- eller årstidssangar, så gi meg eit lite vink, anten i kommentarfeltet eller på facebook.

Kos deg med siste rest av sommaren!!
-Gudrun-

1 månad, 1000 besøkarar :)

Yuhuu!!
Bloggen min har ein månadsdag i dag! Og i dag nådde han 1000 treff! Kjempe kjekt at so mange likar barnesangane «mine»! No har eg hatt ferie, i 4 veker, og på måndag er det tilbake til barnehagen! Gledar meg!

Eg har planar for bloggen framover òg. Ein sjølvsagt augustpost er sangar som passar til oppstart i barnehagen. I august og september pleier eg å syngje mest navnesangar, der alle ungane får eit vers med sitt navn, og full merksemd frå alle. Det er ikkje alltid like enkelt å finne att seg sjølv og sin plass i ei stor, ny barnegruppe, so då er det godt å få bekrefta at eg er her! Eg høyrer til! Det andre temaet eg har på sangane i august og september er, sjølvsagt, venner og vennskap. Gruppa er ny, alle ungane skal finne sin plass på nytt, og venner og vennskap er viktig! Eg greier sjølvsagt ikkje å halde meg til berre navnesangar og vennskapssangar, men eg har litt fokus på det i oppstarten. (Og så syng me alle dei kjekke, morsomme, vanvittige sangane som me pleier) Eg får heilt ny barnegruppe til hausten, 7 skjønne 2 åringar, og gledar meg til oppstart!

Oppstartssangane kjem i ein seinare post, eg måtte berre lage ein HURRA post for at bloggen var ein månad og hadde nådd 1000 besøkande. Viss du har ønskjer om noko eg skal skrive i bloggen, så ikkje nøl med å leggje igjen ein kommentar <3 Ha ein strålande laurdagskveld!! -Gudrun-

Pusekattar

Legger ved eit bilde av Minipusen vår, som me ikkje har sett på eit år. Han forsvann i fjor sommar, men han var ein gammal pusemann, så me kunne ikkje forvente å ha han evig. Men me sakna han veldig, og tenkjer fortsatt på han. <3 Men posten skulle handle om pusesangar. Dei fleste kan vel, eller har iallefall høyrt, om pusen som stjal mjølk frå mammaen sin.

Lille Pusekatt.
Lille pusekatt kor har du vert?
Eg har vert hos mammaen min.
Lille pusekatt kva gjorde du der?
Eg stjal mjølk frå mammaen min.
Lille pusekatt, kva fikk du da?
Eg fekk ris på halen min.
Lille pusekatt, kva sa du da?
Mjau, mjau, halen min.
(for ordensskuld, så veit eg at det er knota mellom nynorsk og bokmål, men slik går sangen inni mitt hovud, eg har nok lært den på bokmål og omsett den delvis til nynorsk)
To andre pusekattsangar, som eg ofte syng til minsten når han skal legge seg, og som begge dei store òg har vore veldig glad i er desse:
Pusekatt
Pusekatt, kest laog du i natt?
Laog du pao putao ti’ …. (ungen sitt navn el andre)
Aot du opp … sin mat?
Dao lyte du fao pisk i røvi.
Denne er litt lik på den forrige, handlar om stjeling og rising 😉 Denne sangen har eg òg sett på vossadialekt, men denne er sjølvsagt på sogning. Men viss du vil bruke den og ikkje synge den på mi dialekt, så kan du oversette den til di eiga 🙂
Den siste pusesangen i kveld, handlar om ein litt lat pus.
Katten bad pusen.
Katten bad pusen kveikja opp eld.
Ånei, sa vetle pusen, da vert’ ikkj’ i kveld.
Ånei, sa vetle pusen, da vert’ ikkj’ i kveld.
Katten bad pusen koka seg mat.
Ånei, sa vetle pusen, eg hev ikkje fat.
Ånei, sa vetle pusen, eg hev ikkje fat.
Katten bad pusen sauma seg sko.
Ånei, sa vetle pusen, da vert ikkje no.
Ånei, sa vetle pusen, da vert ikkje no.
Katten bad pusen reia si saing.
Ånei, sa vetle pusen, eg e’kje din draing.
Ånei, sa vetle pusen, eg e’kje din draing.
Begge desse siste sangane står òg omtrent slik i Skumringstimen, men eg har skrive dei opp slik eg lærte dei.
Kattar er fine dyr, me har alltid hatt pus her i huset eg bur no, bortsett frå eit halvt år frå då Minipusen, som budde med oss i 14 år, forsvann og til me fekk ny pus, Karamell. Me har aldri vore plaga med mus i huset 😉 Karamell er ein jaktar av rang, så ho treng iallefall ikkje stjele mat nokon plass 😉 (Ho får mat her heime òg, altså)
Eit lite bilde av Karamell då ho var kattunge <3 Sant ho passar godt til navnet sitt?
Ha ein fin kveld!
-Gudrun-

Internasjonale edderkoppar

Eg har lovt ein internasjonal Vesle Petter Edderkopp post, og den kjem her. Det er kjekt med slike sangar som betyr tilnærma det same, spesielt kjekt å bruke i barnehagen dersom det er ungar med fleire morsmål. Eit år så song me Fader Jakob på mange forskjellege språk, alle dei språka som var representerte i barnehagen det året. Me hadde òg tala frå 1-10 og dagsrytmen på alle språka.



Den engelske klatrar på eit vannrøyr.


Itsy bitsy spider klimed up the waterspout.
Down came the rain and washed the spider out.
Out came the sun and dried up all the rain,
and itsy bitsy spider climed up the spout again.


Den svenske klatrar opp tråden.


Imse vimse spindel klättrar upp för trå’n
ned faller regnet og spolar spindelen bort.
Upp stiger solen torkar bort allt regn.
Imse vimse spindel klättrar upp igjen.
(Takk til May Kristel for retting)


Den nederlandske er ei bille som klatrar på gjerdet.


Hanse panse kevertje,
Die klo meens op een hek.
Neer viel de regen
Die spoelde alles weg.
Op kwam de zon
Die maakte alles droog.
Hanse panse kevertje
Die klom toen weer omhoog.


Den finske klatrar opp tråden


Hämä-hämähäkki kiipes langalle
Tuli sade rankka, hämähäkin vei.
Aurinko armas kuivas satehen.
Hämä-hämähäkki kiipes uudelleen.


Den danske som klatrar på muren


Lille Peter Edderkop kravled op ad muren.
Så kom regnen og skylled Peter væk.
Så kom solen og tørred Peters krop.
Lille Peter Edderkop kravled atter op.


Den islandske klatrar på veggen


Kalli litli könguló klifradi’ upp á vegg
svo kom rigning og Kalli litli féll
Upp kom sólin og therradi hans kropp,
thá gat Kalli könguló klifrad upp á topp.
(denne stod med nokre bokstavar som me ikkje har i Norge, men eg «oversette» slik eg trudde det skulle vere)


Den tyske klatrar på eit vassrøyr


Die kribbel – krabbel spinne kriecht in wasserrohr,
dann kommt der regen und spult si wider vor,
dann komt di Sonne und trocknet das wasser ein.
und die kribbel – krabbel Spinne kriecht wieder ins Rohr hinein.
(Takk til Nina og Katja)


Den franske klatrar på rennesteinen.


L’araignée Gypsy monte à la gouttière.
Tiens voilà la pluie, Gipsy tombe par terre,
Mais le soleil a séché la pluie.
L’araignée Gypsy s’est endormie.
(Takk til Mette)


Den litauiske klatrar oppover.

Mažas mažas voras bando lipt aukštyn 
Čia palijo lietus, numetė žemyn
Pašvietė saulutė, lietų išdžiovino
Mažas mažas voras lipti vėl mėgino
(Takk til Irene)


Eg lærte ein russisk song ein gong, eller ein song som eg trudde var russisk og handla om kjærlegheit og soldatar. Superstolt song eg den til ei mor i barnehagen, som var frå Russland. Ho kunne fortelje meg at det ikkje var ein russisk song, men ein kviterussisk, og at den ikkje handla om kjærlegheit, men om kakkelakkar…

Går ikkje god for skrivemåten, men her er den «russiske kjærleiksvisa» 😉

Jemand jemand jemand kokkoratski,
jemand, jemand, jemand kokkora.
Sovjetski soldatski, jemand kokkoratski,
jemand, jemand, jemand kokkora.

Takkar for alle tilbakemeldingar, og dersom du har Lille Petter Edderkopp-teksten på endå fleire språk, så fortel meg det gjerne!


-Gudrun-

Meir boksar; Rim

Eg har jo skrive om boksar her tidlegare. Hjå meg finst det mange boksar, blant anna ein boks med Rim og rimord. Leik med rim og språkrytme er ein kjekk aktivitet, rim og regler er ein del av barnekulturen og det er nyttig som førebuing til lese- og skriveopplæringa. Det er ikkje nokon føresetnad for å lære å lese og skrive, men det er ein ferdigheit som godt kan oppmuntrast. Viss eit barn får gris til å rime på fis, har dei oppfatta at orda sluttar på same måte, dei er vortne merksame på formen til orda. Når du leser rim og regler for barnet, er det lurt å legge litt ekstra trykk på sjølve rimordet. Eller du kan stoppe opp litt og la barnet komme med forslaget, slik som me gjer i Gåtevisa til Torbjørn Egner. I ein startfase kan det vere enklare å lage tullerim enn å finne ordentlege rim. Tøysing med språk kan finne stad i alle kvardagssituasjonar der det vert naturleg. Det er vanleg at barna begynner å rimer sjølv ved 4-5 års alderen. Å leike med språket må vere lystbetont, noko barnet har lyst å vere med på.


Døme på morsomme rim;


Attmed ein do stod det ein….SKO
Ris er ikkje betre enn…IS
Ein katt fann ein…SKATT
Ein drage gjekk tur i min…HAGE
Ein dusj spruta vatn på ein…TUSJ
Ein hest kan ikkje bruke…VEST

Inni boksen ligg det to boksar med rimkort og songtekstar. Oppe i loket har eg skrive opp forslag til songar. (Teksten ligg vedlagt i boksen)


Sangar som går på rim

  • Gåtevisa
  • Haba haba
  • Hvor bor du lille råtte
  • Hvis dine ører henger ned
  • Er det ikkje rart?
  • Giraffen Laffen (Favoritt :D)
Kos dykk med tullerim og språkleik i veka som kjem 🙂

-Gudrun-


·        

Skumringstimen

Skumringstimen-boka!! Her fann eg endeleg boka eg snakka om. Eg har ikkje lært sangar frå denne boka, eg har lært dei slik folkemusikken skal lærast, frå person til person, og så vert sangen rett slik du hugsar den 😉

Mange av dei gamle folketradisjonssangane som eg har skrive om, finst i denne boka. For dei som bur i Sogn og Fjordane, finst sikkert boka på ein lokal bokhandel, så støtter du opp om ein butikk i nærmiljøet samtidig 😉

For ordensskuld så får eg ikkje betalt for å anbefale boka 😉 Men sidan ho er så fin, så anbefaler eg ho lell 😉

Kos deg med boka <3

Kaffi

Skulle egentleg skrive pusekattsangar i dag hadde eg tenkt, men då eg leita etter bilder av pusen min, fann eg kaffikoppen i staden for. Og eg kan ein kjempekul kaffisang, som eg lærde på mitt første Kan-ikkje-syngje-kor-kurs. Det er ein gammal song her frå området nok ein gong, og alle melodiane på «Toneskrin»-sangane finst nok i sangboka «Skumringstimen vokal folkemusikk frå Sogn og Fjordane». Ei sangbok der dei virkeleg har skjønt det; Legg ved cd med lydspor! 😉 Flott bok!!

Koke kaffien
Å hente, brenne, knuse, koke kaffien.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Åso henta me dan, å so knuse me dan.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Dette verset syng me tre ganger, og det siste går slik;
Å henta, brenna, knusa, koka og fortæra kaffien.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Åso henta me dan, å so knuse me dan.
Å henta, brenna, knusa, koka kaffien.
Ein enkel og morsom sang!! Som alle ungar elskar! Men når det er sagt, så kan du få ungane til å elske alle sangar, det betyr mykje korleis du legg den fram. Viss du viser at du likar sangen, og syng med energi og entusiasme, så vert sangen kjekk!
Og så tek me med ein sang til, sjølv om han ikkje handlar om kaffi, så vert det nesten, for det handlar om ei kanne 😉 Og det kan jo vere ei kaffikanne 😉 Denne sangen har ein dans, som står i parantes.
Jomfru Anne
Oppå land (oppå tå), nedpå strand (ned på hælen)
stod ei lita kanne (lag hank med ein arm og tut med den andre)
Åtte dagar føre jul, dansa Jomfru Anne.
Tralalalalalala (4 skrit hit)
Tralalalalaala (4 skritt tilbake)
Tralalalala (4 skritt)
Tralalalalalaa (4 skritt)
Og for dei som ikkje syng nynorsk eller sognadialekt; eg oversetter nesten alle sangar til mi dialekt, og det kan du gjere òg 😉
Kos dikka me’ kaffien i kveld! <3
-Gudrun-

Meir sauer

samlingsboksen_inspirasjon_dyr

Eg klarar ikkje å dy meg, her er to sangar som eg er veldig glad i. Det er gamle sangar frå området her som eg lærde frå Toneskrinet. Kurrin bæ er ein av favorittane til dei to eldste ungane òg. Eg tok ei spørjeundersøking med dei i ferien, og begge to nemde denne <3

Kurrin bæ
Kurrin bæ,
kest e da du e?
Dilja pao rompa og seia bæ,
dao faor e vita kest e da du e.

Eg skjønnar at dette kan sjå litt gresk ut, så her er oversetting;
Kurre bæ = eit kalle navn på sauer.
Kest e da du e = Kor er du, Dilja pao rompa = rist på halen.

Og nok ein sauesang, denne har litt bevegelsar, som sjølvsagt gjer den endå meir spennande. For det er ein kjempe spennande sang, som heldigvis endar bra 😉

rev

Guten på hauen
Det var ein gong ein liten gut som skulle gjete sauen.
Sauen inn i tjukka rust, og guten oppå hau’en.
So kom da ein rev og vilde ha seg eit lamb,
me-he-hen dao tok guten børsao si og skaut han midt i baken
-PANG-

Kos dykk med saue-sangane, og skriv ein kommentar eller kontakt meg dersom du lurer på noko. Eg kan synge på telefon 😉
-Gudrun-

Bæ bæ lille lam

Bæ bæ lille lam er ein sang som ungar er veldig glad i å syngje. I starten er det sjølvsagt den vanlege versjonen, men etterkvart som dei vert eldre, kjem dei til tiss- og besjfasen, ein fase som fengjer ei stund 😉 I barnehagane er det av og til konkurranse om kven som kan flest versjonar, og eg har til og med dikta eit vers sjølv, saman med ein gut i barnehagen. Guten er 15 år gammal no, og har sikkert gløymt verset vårt for lengst.

Her er vårt vers;

Bæ bæ lille lam,
klatra i eit tre.
Vesle treet knekte,
vesle lammet brækte.
Bæ bæ lille lam,
klatra i eit tre.

Vanlege bæ bæ lille lam
Bæ bæ lille lam,
har du noko ull?
Ja, ja, kjære barn,
eg har kroppen full.
Søndagsklær til far
og søndags klær til mor.
Og to par strømper til bitte vesle bror.

Nei-verset
Bæ bæ lille lam,
har du noko ull?
Nei, nei, kjære barn,
eg har ikkje ull.
Bonden var i går,
og klypte sine får,
så no har eg ikkje ull før til neste år.

Rømme-verset
Bæ bæ lille lam
ramla i ein dam.
Kunne ikkje svømme,
berre ete rømme.
Bæ bæ lille lam, ramla i ein dam.

Fise på restaurant-vers
Bæ bæ lille lam,
gjekk på restaurant.
Ville ikkje spise,
berre sitte å fise (eller grise)
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.

Onkel Skrue på fotballkamp-vers
Bæ bæ lille lam,
gjekk på fotballkamp.
Møtte onkel Skrue,
sparka han i hue.
Bæ bæ lille lam, gjekk på fotballkamp.

Skogsmaskin/akebrett-vers
Bæ bæ lille lam,
køyrde skogsmaskin (eller akebrett)
Skogsmaskina/akebrettet kresja
lille lammet besja.
Bæ bæ lille lam køyrde skogsmaskin.

Bleie på fotballkamp-vers
Bæ bæ lille lam gjekk på fotballkamp.
Kunne ikkje heie,
berre bruke bleie.
Bæ bæ lille lam, gjekk på fotballkamp.
(Takk til Gunnveig)

Tusse-tuss-vers, eit skikkeleg tabu-barnekulturvers.
Bæ bæ lille lam, møtte tusse-tuss.
Kutta av han tissen, gidde den til nissen.
Bæ bæ lille lam, møtte tusse-tuss.

Onkel Skrue på restaurant-vers
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.
Møtte onkel Skrue, berre spiste flue.
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.

Dette er eit knippe av dei versa eg kjem på med sommar-ferie-modus hjerne. Kan du fleire, så skriv dei i kommentar-feltet 🙂
Ha ein fin kveld.
-Gudrun-