Alle innlegg av Gudrun

Hakkebakkeboksen. Inspirasjon.

Me jobbar kvart år med eit eventyr eller ei historie som tema i januar og februar, med ei teaterframsyning som mål. Me viser berre teateret til oss sjølv, men me er det beste publikumet.

I år er det Thorbjørn Egner si bok Hakkebakkeskogen som er tema. Heile barnehagen er med, og me har fått utdelt kvar våre rollar. Me sju to-tre- åringane skal vere Mikkel Rev og Petter Pinnsvin.

Torsdagane har me 2 års klubb der me samlar alle to åringane på tvers av avdelingane. Her er samlingsboksen eg brukar for å halde på 11-14 ungar i alderern 2-3 år.

12631498_10153189974861431_174295162888508802_n

Det heile startar med ein boks. Eg har sett mange flotte boksar, som er innreia som «Hakkebakkeskogen» med kulissar, lys, trer, dyr osv. Desse er fine til å leike Hakkebakkesogen. Min er heilt enkel og grå inni, det er konkretane som er i fokus.

12553045_10153189974836431_3476774376096683862_n

Eg er jo veldig glad i handdokker, så ikkje overraskande har Mikkel Rev og Bamse Brakar fått plass i boksen, mi avdeling er Mikkel Rev og Petter Pinnsvin, mens dei fire som er på den yngste gruppa skal vere Brumle Mann.

12592688_10153189974811431_3344324349937671509_nrev

Klatremus og dei andre musene er illustrert med denne, som eg trur opprinneleg er ei katteleike.

12592405_10153189974741431_6117578490932439341_n

Og så har eg nokre illustrasjonar, som eg ikkje hugsar kor eg har i frå, men dei er omtrent 15 år gamle, frå første gong eg jobba med Hakkebakkeskogen. Dersom du som har teikna dei første gong ser dette, gi meg beskjed, slik at eg får kreditert deg 🙂

samlingsboksen_hakkebakkeskogen

Eg har fargelagt og laminert dei, og tek dei fram att kvar gong me har Hakkebakkeskogen som tema.

12565496_10153189974456431_1190546420433259938_n

Eg har òg laga sangkort i a5 format, der eg bruker dei samme illustrasjonane på framsida og teksten på baksida.

 12417992_10153189974676431_7384241854085302733_n

Forrige torsdag skulle me lage grønsakssuppe i to årsklubben, så eg tok med nokre grønsaker i boksen òg.

samlinga gjekk omtrent som dette;

Starta med «God morgon alle saman», den vanlege opningssongen på begge gruppene. Deretter gjekk me over på Hakkebakkeskogen. Eg kan historia ganske godt, takka vere at eg har høyrt Hakkebakkeskogen på cd veldig, veldig, mange gonger.

Eg starta med scena då Mikkel jagar Klatremus opp i eit tre. Her song me Mikkel Rev si vise og So ro lille mann. Alle saman «sovna».

Så gjekk me kjapt over til bakeriet, der Mikkel lærer at det ikkje er fint å stjele. Her syng me ikkje, for me øver berre på «våre» songar.

Så kjem Petter Pinnsvin og Bestmor Skogmus på bana, då syng me både Petter Pinnsvins vise og Når en liten mus. Bestemor flyg til værs og landar framfør Morten sitt hus. Her vert dei saman med Klatremus enige om å gå til Bamsefar med eit forslag.

Der møter me Brumlemann og syng Vaskevise for små bjørner. Alle dyra har møte og vert enige om at dei skal vere venner og ikkje ete kvarandre.

Mikkel likar ikkje grønsaker, så han går til staburet og stjeler spekeskinke frå Mannen og Kona på gården. Dei spring ut i skogen og leitar etter Mikkel, men finn berre Vesle Brumlemann. Dei tek han til fange, og alle dyra får dårleg tid og må samarbeide om å få Brumlemann fri før mannen og kona sel han til sirkus.

Mikkel (alle ungane og dei vaksne) må ule for å få hunden Hanibal til å springe inn i skogen, slik at Klatremus kan hente Brumlemann. Etter eit par ul, spring Hanibal, mannen og kona inn i skogen, og Brumlemann er fri.

Alle dyra samlar seg til fest for å feire at Brumlemann er fri og at Bamsefar fyller 50 år. Så her syng me Bamses fødselsdag.

Lykke til, og del gjerne bloggen vidare viss du lærte noko.

Klem,

-Gudrun-

Bråkete kvardag? 5 tips til konflikthandtering i skulen.

Ein lærer så lenge ein lever. Og denne hausten har eg lært ein heil del. Av og til møter du ungar, i skulen eller barnehagen, som utfordrar deg. Her har eg samla mine personlege tips, tips eg har lært mest som mamma, men også ting eg har teke med meg gjennom jobben min som barnehagelærar. Kan godt vere at eg berre ser mitt eige synspunkt her, men eg håpar at råda kan ha litt univesell kraft, at du kan ta med deg noko og bruke i din kvardag. Tipsa er skrivne med tanke på skulen, men eg håpar du kan bruke det uansett kor du møter på konflikt.

samlingsboksen_gudrun_2

Har du utfordringar med ein unge i klassen din, så prøv dette;

Tips nr 1. Bygg RELASJON til ungen. 

Minn ungen på kjekke ting de har gjort i lag. Når som helst – kor som helst. Har du treft ungen på fritida? På fjelltur, sykkeltur, fritidsaktivitetar? Har de gjort noko kjekt på skulen? Kjenner du bestefaren? Har du gått på skule med mora? Veit du kva ungen likar å gjere på? Kva interesser har ungen? Korleis ser huset til ungen ut? Kjenner du naboen? Onkelen? Har han ein katt? Minn ungen på at du egentleg er ein kjekk person, at du egentleg er kjempe grei. SMIL!

smil

Tips nr 2. MEDVIRKNING og medbestemmelse. 

La ungen få vere med å medvirke til skulekvardagen sin, la han få fortelje korleis han vil ha det, korleis han vil lære. Korleis ser draumeundervisninga hans ut? Med fokus på læring, korleis trur han at han lærer best? Kva vil han ha meir av? Korleis kan alle få det bedre, han sjølv, lærarane og resten av klassen. Korleis kan de få gjort det de skal gjere på skulen? På ein bedre måte? La ungen verte høyrd. Men; Ungen skal ikkje bestemme, og det må vere med fokus på læring, det må vere seriøse forslag.

ikkje la deg knekke

Tips nr. 3. Ta på ROSA BRILLER

Du må gjere ei endring hjå deg sjølv, vondt, men sant. Er du i konflikt med ein av ungane i klassen, så kan du ikkje halde fram på samme måte som du alltid har gjort og forvente ei endring hjå eleven. Leit etter det som er bra! Ta på deg rosa briller og sjå alt i rosa skjær. Ja, ja, kallar han deg julegris, så er det iallefall mykje bedre enn hore. Og skriv han eit dikt på rim om ein lærar som er sær og manglar klær, så er det super bra og flott rim. Drit i bagatellane. Gi skryt på det som er bra nok. Det du fokuserer på, får du meir av. Det gjeld alltid, over alt! Og viss du endrar litt på synet du har på eleven din, så endrar kanskje han oppførselen òg?

Tips nr. 4. Hald på eit positivt FORELDRESAMARBEID

Dette er eit tips sett frå foreldre sida, og mine tankar om korleis foreldresamarbeidet bør vere, eller ikkje bør vere.

Ikkje gjer dumme ting overfor foreldra og deira unge. Ha fokus på ei løysning og ikkje berre less over på foreldra problema de har på skulen. Foreldra har ingenting med om du søv dårleg, om du ikkje har nokon plass å avreagere. Dette er ting de får ta opp innad i teamet, eller i samtale med rektor. Relasjonen mellom foreldra og skulen vert svekka, og relasjonen mellom foreldra og deira eigen unge vert svekka.

Ta det ved rota, ikkje la det utvikle seg. Er det problem dei tre første dagane etter sommarferien, ta kontakt, ikkje vent ein månad eller to før du snakkar med foreldra. Involver dei tidlegare, slik at de saman kan finne ein veg ut. La foreldra få vere foreldre òg. Dei må av og til ta ungen sin sitt parti. Og dersom du mistenkjer at ungen ikkje har det bra heime, så gjer noko med det, og la skulekvardagen vere so bra som mulig i ein slik situasjon.

Og når du involverer foreldra, ta det steg for steg. Personleg får eg bakoversveis og set på bremsen, dersom eg vert overvelda og brukt som søppelspann. Det er ungen min du snakkar om! Begyn med starten, og fortel litt og litt. Ikkje vent til du har fått meir enn nok.

Tips nr 5. Tenk over korleis du snakkar.

Tenk over kva uttrykk du bruker. Finst ordet PROBLEMELEV i ditt vokabular? Visk det vekk! Jobb med deg sjølv og dine eigne haldningar til ungar og medmennesker.

Veit du heile sanninga?

Ja, eg brukte konsekvent han om eleven/ungen. Det gjorde eg med vilje, for det er EIN unge og EIN elev, og fordi det kjendes rett å gjere det.

Kva meiner du? Er eg heilt på jordet? Lærte du noko? Har du fått tips til eigen praksis? Har du andre tips? Vert glad for tilbakemeldingar. Og del gjerne bloggen vidare, viss du trur andre kan ha nytte av å lese det.

 

-Gudrun-

Krakksetebruri – ei segn frå Sogn

Heilt frå eg var lita jente, har eg høyrt segna om Krakksete brura eller Hausesølvet.

Steinen som vert kalla Huldrekyrkja.
Steinen som vert kalla Huldrekyrkja.

Inga var budeie på stølen til truloveden sin, Ivar frå Hausa. Dei andre budeiene på Krakksete hadde reist ned att, men Inga vart att på stølen for å gjere ferdig veven sin.

Medan ho dreiv på med veven, fekk ho besøk i stølshuset, det var eit heilt fylgje med huldrefolk som kom inn.

Huldrefolket pynta Inga til brud, og ropte at han dei ville ho skulle gifta seg med skulle «Nysse ho!» Huldrefolket kunne ikkje seie kyss ho.

Inga tok ei stålnål mellom tennene, for ho visste at dette verja ho mot trollskapen.

På stølsvollen gjekk hesten til truloveden hennar, han Ivar. Hesten fatta at noko var gale, og reiste heim etter husbonden sin. Ivar og hesten for tilbake til stølen på Krakksete so fort dei kunne.

Ivar reiv opp seldøra og skaut inn i rommet, slik at eit av spira på brurekruna som Inga hadde på seg, fall av.

Huldrefolket skreik opp og freista å riva av Inga både kruna og anna pynt, men rakk det ikkje før Ivar bar den komande brura si ut. Dei to rei ned att til bygda med huldrepakket etter.

Då dei kom ned att til gardane, rei dei gjennom ein byggåker, der vegane gjekk i kors. Der kunne ikkje huldrefolket ferdast.

Huldrefolket svor hemn fordi Ivar og Inga drog av med huldresølvet; «Det skal verte eit tøle i kvart bøle i ni til ti ledd!» (Det skal verte fødd ein tulling i kvar generasjon i ni til ti ledd. Eg er gift med ein av etterkommarane, og kan bekrefte at i den slekta er det berre tyl og tullingar….)

Brurekruna vart på garden i lang tid, men det avskotne spiret nekta å verte feste på kruna att, sjølv kor mykje dei beste sølvsmedar i Bergen prøvde. Kruna står no utstilt på museet i Bergen.

masse_smart 402

Dette er ikkje huldrefolk, men dei er etterkommarar av Krakksetebruri.

Håpar du kosa deg med segni frammaotte Sogndalsdalen. Kom gjerne med forslag til andre segn som ikkje må gå i gløymeboka.

klem,

Gudrun.

 

 

 

Eit av mine tidlege barndomsminner.

Eg er medlem av forskjellege «barnehage»-grupper på facebook, og i ein tråd på ei slik gruppe, dukka ein sang som eg lærte då eg gjekk på «førskulen» for 34-35 år sidan.

Eg brukar sangen ofte i barnehagen i dag òg, ikkje så mykje i samlingsstunda, men meir som «ventesang», mens me ventar på mat, på kviling eller liknande.

Tombai

Tombai – tombai – tombai – tombai
tombai – tombai – tombai.

Tombai – tombai – tombai – tombai
tombai – tombai – tombai.

(me slår oss rytmisk på låra)

Trallala – trallala – trallalala – lalla

(me klappar i hendene)

Trallala – lalla – trallala – lalla
trallala – lalla – lalla.

(me slår på låra og klappar i hendene)

Artig å finne songen på youtube, frå eit heilt anna land, men likevel så likt.

DSC01295 (800x600)

Ynskjer deg ein flott sommar, del gjerne bloggen min, og følg meg på Facebook. Du finn meg òg på instagram, snapchat og pinterest, som Samlingsboksen <3

klem,
Gudrun

Songleikar

Eit av mine første minner om songleikar, er frå Jonsok-feiringane heime. Me leikte slå på ringen, både ungar og vaksne. Det var moro! Alt vart meir moro når dei vaksne var med.

Slå på ringen

Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på kjærasten din om du vil.

Me song aldri «Den du slår…» Me stod i ein ring, ein gjekk utanfor, og slo på «kjærasten din om du vil», og så sprang begge, i kvar sin retning, så fort som berre pokker. Det var grisespennande!

Det var fint med eit slikt fellesskap av vaksne og ungar.

rosehagetorn

Eg føler at songleikar er ein del av barnekulturen som har gått litt i gløymeboka, ungane no til dags leikar ikkje songleikar, ikkje hoppar dei strikk heller, når eg tenkjer meg om. Det var det me gjorde i friminutta, leikte songleikar og hoppa strikk.

Eg fortalte ganske tidleg om mine første skuleår, på ein fådelt grendaskule med til saman 27 elevar, viss det var gode år. Det var år med berre ein i kullet òg, altså, men det var veldig skjeldan, eg veit berre om ein gong.

Men me leikte altså songleikar i friminutta. Og i gymtimane på grendaskulen min. No offence, men det er kanskje like greit at skulen vart nedlagt for 26 år sidan.

DSC01292 (600x800)

Mitt kull bestod av seks jenter og ein, stakkars, gut, men med så få elevar, så leika me saman med alle. Dei to klaraste minna frå songleikar-friminutta, har eg fortalt om tidlegare ein gong, men eg gjentek dei her. Begge er frå eg gjekk i første klasse.

Me hadde ein stor, flat leikeplass, me held kvarandre i hendene og starta på den eine enden, med «Lang- lang- rekke». På hin enden av plassen, gjekk den høggravide læraren til 3. klasse. (Hugs eg var i første klasse, så ho kjente eg ikkje.) Eg var jo litt bekymra for korleis det skulle gå når me tok ho att, og, gode venner som eg alltid har hatt, enda det jo sjølvsagt med at eg vart most inn i rumpa til denne svære dama.

Lang lang rekke,
Gudrun ut av rekka gå.
Lang lang rekke,
Hilde ut av rekka gå.

Det andre minnet, handla om Berget det blå. Eg går framleis i første klasse, og det var gutar i 3. klasse. Desse kjenner eg sjølvsagt ikkje, er du gal! Eller eg kjenner sjølvsagt søskenbarnet mitt, som går i tredje. Men han er ikkje med i dette minnet. Berget det blå handlar om kjærestar og slikt, og det er ein som skal velge seg ein kjærest. Og ein av desse gutane i tredje, som er veldig skumle, velger vesle meg. Kjenner framleis kor pinleg det var.

Det kom to jenter frå Berget det blå,
og dei spurte jo som så,
er det kjærestar å få.
Og vil du vere kjæresten min,
så rekk meg handa di.

Eg skal skrive eit innlegg med fleire songleikar, både nye og gamle. Har du ein songleik du ikkje gløymer? Del han i kommentarfeltet, eller på Facebook, så kjem han med i neste songleik-innlegg.

Ønskjer deg ein flott forsommar. Me hadde sommarfest i barnehagen til guten min i dag, og der vart «Du skal ikkje tru det vert sommar» framført. Og eg må seie, med nattefrosta som var faretruande nær i natt, så var dette ein svært passande tittel.

-Gudrun-

Gratulera med dagen!!

036 (2)

Neidå, eg har ikkje sett feil på datoane. For meg er alltid 17. mai den dagen som kjem etter 16. mai.

16. mai er min dag – og i år er det min store dag! Eg går over i eit nytt tiår, til 40 åra. Som 20 åring var eg ny i livet, hadde brukt opp ein femte del, følte eg. 25 var heller ikkje så verst, ein fjerdedel, ganske grei fjerdedel. Hadde utdanna meg til førskulelærar, hadde bygd hus, var sambuar. Livet var der det skulle liksom.

samlingsboksen_gudrun_2

Jaudå, som 30 åring, gift på fjerde året, to barn, den yngste var baby. No slo det meg skikkeleg. Å herrebåddn, eg var ferdig med ein tredjedel! Hadde ein treåring, med dei utfordringane det gir, og ein baby som skulle ha mat annakvar time døgnet rundt. Eg var nok mest i koma. Men overgangen frå 20 åra til 30 åra var litt tøff.

Men i dag då, då går eg over i 40 åra, halvparten av livet er over. (Eg veit eg rekna 100 år på 20 og 25, 90 år på 30, og 80 no, men du skjønnar kva eg meiner.)

samlingsboksen_gudrun

Kva tenkjer eg no då? Eg har store ungar, ein tenåring, ein ti åring og ein fem åring. Eg jobbar som pedagogisk leiar, og det er 18 år sidan eg var ferdig utdanna førskulelærar. No byrjar det å surre tankar, er dette alt? Eg byrjar å tenkje at dersom eg vil gjere noko, så kan eg like godt gjere det no, tida ventar ikkje på meg.

profil_london

Kva gjer eg då? Jau, eg bloggar, om det eg føler eg har ein del å tilføre andre på, dvs. korleis ha artige samlingsstunder. 40 års krisa slo meg egentleg i starten på 30 åra, då eg heseblesande prøvde å halde følgje med 60 åringane som eg jobba med. Så eg byrja å trimme. (Hey, eg har til og med musklar i leggene!) Ikkje det at eg overdriver treninga altså, men eg er i mykje bedre form enn eg var i 20 åra.

Ungane er store vortne, så store at eg og gubben, som eg har vore saman med over halve livet, fann ut på familieferien (don’t know why dei tankane dukka opp akkurat der, på ferie med ungane… go figure…), at me burde hatt oss ein sydentur åleine, berre me to. Så no må me berre få barnevakt til tre galne ungar, samt ferie til å reise i… Jaudå, men neidå…

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Vel, denne flotte dama fyller altså 40 år i dag, gratulasjonar er virkeleg på sin plass! På førehand takk.

Klem, Gudrun <3

Samlingsboksen – inspirasjon

samlingsboksen_inspirasjon_pakka

Dersom ein skal få plass til alt, må det pakkast godt.
Men du har eit vell av idear, inspirasjon, improvisasjon,
ingen samling treng verte lik, det poppar opp
songar og eventyr, kun fantasien set grensene.

samlingsboksen_inspirasjon_fullt

Mikkel, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen er sjølvsagde i mine samlingsboksar.
Her er òg eigenproduserte songkort.

samlingsboksen_inspirasjon_fullt2

Boksen er ei gammal skoøskje, som eg har kledd med papp og «Mc Gyver»-tape.

samlingsboksen_inspirasjon_griser

Dei tre små grisane, Puslegrisen, Sporty Bust og Pelle Gris, og ulven, Missjø Grybin
må jo sjølvsagt òg få vere med i samlingsboksen.
Me syng Alf Prøysen sin «Puslegrisen», me syng «Tre små griser»,
«Med krøllet hale» og så brukar eg dei til å dramatisere eventyra mine.
Den raude boksen brukar eg kun som underhaldning. Det vert so
mykje meir spanande å trekke frå samlinsboksen når
konkreten ligg opp i denne raude boksen. (Ja, eg veit mange har
julekuler oppi slike, men mi julekule overlevde ikkje diversse juletre-fall.)

samlingsboksen_inspirasjon_dyr

Eg og misten rydda på rommet hans,
då fekk eg arve mange flotte plastdyr. Slike finst det flust av
i barnehagane rundt om, stapp dei oppi boksen din.
Det er mykje meir spanande å synge «Be be lille lam» når du
trekker fram ein sau, mot som berre å seie;
«No syng me Be be lille lam».

samlingsboksen_inspirasjon_insekt_dyr

Eg likar visst dyr i samlingsboksen min.
Musa er ei katteleike, kjøpt på ein matbutikk, i anledning Skinnvotten-prosjektet me hadde i fjor. Eit åringane var Pilemus Silkehår.
Fisken fekk plass i boksen under Olav Stedje-prosjektet vårt.
Eg fann han i lagerutsalet mitt. Det var egentleg ein fiskekrok.
Men han funkar flott som konkret. Me brukar han, sjølvsagt, til «Bobb-bobb-dedi-dedi» (Dei tre små fisk), men me har òg sunge «Fiskeskjer». Ingebrigt Davik og Taremareby er òg ein ide i fiske-konkreten.
Kyllingen høyrer påsken til. Billig påskepynt frå Europris.
Viss du bruker augene godt, så ser du ein liten edderkopp attmed fisken. Eg må ha med edderkopp i samlingsboksen min, for det er rett og slett den artigaste songen eg veit om. Det finst eit vell av forskjellege edderkoppar rundt om. Eg har arva edderkoppen frå dotter mi, som  har utstyrt samlingsboksen min med mykje rart oppgjennom.
Frosken er frå Forut sin barneaksjon. Me syng «Små froskene» og «M-Æ» når me trekker fram denne.

samlingsboksen_inspirasjon_jungel

Når desse tre kjem ut av samlingsboksen samtidig, er det sjølvsagt «Gå ein tur i jungelen» eg har lyst til å syngje. Og dette er alltid ein ønskjesong frå ungane, så her er me bra på nett. Eg har framsnakka rørslesongar både tett og ofte. Litt rørsler gjer songen mykje betre å syngje.
Av og til kjem berre tigeren fram, då syng me «Ein tiger er for diger», kjem berre krokodillen, er det «Nyss så møtte jeg en krokodill» eller «Krokodille i ditt badekar» som poppar fram.

samlingsboksen_inspirasjon_køyretøy

Køyretøy er òg alltid moro! Har du ein båt, kan du syngje «Sortebill» og «Sabeltann», du kan innom «Ro til Siraland», «Ro din båt», «Kven kan segla for utan vind», «Ro til fiskeskjer» og alle andre båt-songar du kan. Mine to toåringsgutar påstår alltid at dette er ei skute, så me startar med Sabeltann før me går over til robåtane våre.
Eit tog er alltid kjekt å ha i samlingsboksen, me syng «Tøffe toget» og «Nede på stasjonen». Dette mini-toget trur eg kom i eit kinderegg ein gong. Det er eit knøtt lite tog frå Thomas-toget. (Eg veit ikkje akkurat kva dette heiter…) Bilen er ein gjengangar, me syng alltid «Ford Escort», men du kan kanskje andre bil-songar? 

samlingsboksen_inspirasjon_kort

Desse ordkorta om følelsar likar eg godt. Kjøpte dei gjennom go’boken. Det er ein liten tekst på baksida òg, for å underbygge illustrasjonane.

samlingsboksen_inspirasjon_tal

Tal- og bokstavkort er fine å ha i boksen. Desse har eg laga sjølv, men både sjarmtroll og Alfabetika har ABC og 123 kort som er fine.

Dette var min boks pr i dag. Nøtteliten og Bolla Pinnsvin har òg plass, pga Alf Prøysen-prosjektet vårt. Dessutan ligg det eit rytme-egg eller ein marakass, som ungane spelar på når me syng navnesongar.

Har du boks i samlinga? Kva har du oppi samlingsboksen din? Dersom du fekk idear frå innlegget, er det flott om du deler det med andre, og eg set stor pris på nye idear!

Kos deg med samlingsstunda.

Klem, Gudrun

Kyllingen – høner og haner

samlingsboksen_vår_collage

No er det skikkeleg påskestemning i barnehagen vår. Kyllingane våre har komme ut, me har starta med påskegrupper og i dag gav til og med sola oss den rette stemninga.

Me er fire avdelingar, og i to veker før påske, deler me ungegruppa og personalgruppa i fire grupper, på tvers av alder. Ei gruppe driv med forsking, ei gruppe har lesestund i lavvoen, ei gruppe bakar til påskefrukosten og ei gruppe lagar påskepynt. Forskargruppa forskar på egg som ikkje fekk levande kyllingar og korleis rense vatn, spennande saker.

Men attende til mine gamle påskesamlingnotatar, 20 år gamle. Som eg lova i forrige innlegg, skal eg gå vidare på mammaen og pappaen til kyllingen. Veit du kven det er? Mine to åringar har lært seg at det er hanen og høna. «Hanen stend på stabburshella» er ein song me har lært frå før, så den har fått vere med oss no i før-påsketida.

samlingsboksen_påske_høne

Skal eg fortelje dykk noko anna? Høner har ikkje tenner. Men korleis får dei då tygge maten sin? Dette kan me filosofere litt over. Ungane kjem sikkert med mange spennande forslag. Kva trur du?

Høner et masse grus og småstein som knuser maten nede i magen. Er ikkje det rart? Tenk om me hadde måtta ete småstein for å tygge maten! Jammen godt me har tenner til å tygge med!

Men du, veit du kvifor høner ikkje kan fly, sjølv om det er ein fugl?

samlingsboksen_påske_hane

Jau, no skal du høyre; Høna er for tung! Andre spennande fakta om høner; dei badar i sand og mold for å rense fjærene. Vert du rein av å rulle deg i sandkassen? Og når høna søv, likar ho å vagle, eller balansere, på ein pinne. Korleis klarar ho å sove mens ho sit slik?

Som du kanskje hugsar frå forrige innlegg, så teikna eg og medstudenten min desse illustrasjonane i første klasse praksisen i -95. Eg har teke vare på både teikningane og notatane mine, og her deler eg dei med deg. Det er visse fordelar med å vere samlar…

Likte du bloggen, så del han med andre, det er engasjement som gjer det moro å blogge. <3 Kan du andre spennande ting om høner, hanar, egg og kyllingar, så del gjerne i kommentarfeltet.

Klem,

-Gudrun-

Kyllingen, ei vårsamling.

Snøen minkar på Snøhaugen min, og det er vår i lufta. I barnehagen er rugemaskina i full gong med utruginga av vårens kyllingar, i år skal dei få halde fram med å bu i barnehagen i eit splitter nytt hønsehus. Det vert eit spennande prosjekt, å få følgje kyllingane framover. (Eg har gitt beskjed om at eg ikkje vil ha noko ansvar viss eg må ta i dei…. Er litt småredd slike små skapningar… Ikkje sei det til nokon!)

samlingsboksen_vår_collage

 

Teikningane over her laga eg og ein medstudent då me hadde praksis i ein barnehage før påske, i 1995, altså for 20 år sidan. Eg har vokta og pleia dei, og brukt dei kvart år i barnehagen.

Me hadde laga ei samlingsopplegg som gjekk noko slikt som dette.

samlingsboksen_vår_egg_kylling

 

Kven var først? Høna eller egget?

Etter å ha starta samlinga, viste me fram eit egg, og spurde om ungane visste kva dette var. Me sende det rundt så alle fekk ta på det. (Dagens aktivitet var å måle på egg, dette fortalte me òg.)

Så byrja me med flanellografane våre. Hjå oss kom egget først.

samlingsboksen_påske_6

 

Deretter gjekk me vidare på korleis det ser ut inni.

samlingsboksen_påske_egget

Moro å forske, men for ein kvar pris?

Her er det òg sjølvsagt spanande å sjå korleis eit ekte egg ser ut inni, både rått og kokt. Ein ørliten historie frå barnehagen vår i fjor; Me forska, på dei egga som ikkje hadde levande kylling inni seg…. Tips; MÅ gjerast utandørs og med veldig mange lag gummihanskar på. Og ver førebudd på brekningar. Det luktar heilt hinsides. SÅ til samlinga; bruk ferske egg!

Inni egget er det ei oransje plomme, rundt ligg det noko blankt. Når me koker egget, vert dette blanke heilt kvitt.

Etter å ha sett på korleis egget ser ut inni, måtte me jo snakke om kva som kunne vekse inni egget.

Her ser de den vesle kyllingen som prøver å komme seg ut av egget. Han bankar og bankar.
Her ser de den vesle kyllingen som prøver å komme seg ut av egget. Han bankar og bankar.

Kyllingen har ei spesiell tann som han brukar til å hakke hol i egget med, og han er ferdig og klar til å komme ut etter å ha vorte ruga, anten i rugemaskin (slik som me har i barnehagen) eller av ei høne, som ligg oppå egga og varmar dei, i tre veker. I vår barnehage, har me kylling kalendar.

Songar om kyllingen høyrer påska til.

Her passar det godt med ein song, sjølvsagt slageren;

Ein liten kylling i egget låg,
han banka og banka og banka på.
Her er so trangt,
eg vil ut og gå,
peip han og ynka seg der han låg.
Hakk, hakke, hakk,
egget det sprakk,
og eit lite hovud ut av det stakk.

samlingsboksen_påske_kylling

Eg kan forresten ein annan song om kyllingar òg, og den handlar om kyllingane i hønsegarden.

Hanekyllingane

Veit du, veit du kva eg såg,
såg eit tidle morgon?
Hanekyllingane små,
sloss der uti garden.
Tvi, tvi, tvi,
men eg var først!
Tvi, tvi, tvi,
men eg er størst!
Kry av hanekammen
var dei alle sammen.

Heilt til slutt.

Likte du bloggen? Lærte du noko nytt? Del gjerne posten vidare! Neste post skal handle om mammaen og pappaen.

klem,
Gudrun