Kategoriarkiv: små barn

Kva treng ungane i barnehagen?

Mange nye foreldre er usikre på kva ungane faktisk treng å ha med seg i barnehagen. På planleggingsdagen fredag, sette me på avdelinga oss ned og skreiv ei «Utstyr som trengs i barnehagen»-liste.

Her er den:

  • 2-3 sett med byteklær. (Dersom ungen nett har slutta med bleie, må de ta med mange truser og bukser. Hugs dessutan på å fylle på med det som vert brukt. Ofte vert berre buksa blaut, då treng du berre ta med bukse, ikkje eit heilt sett. Det pleier nemleg ofte å hope seg opp med gensarar og teskjorter i bytekorgene 😉 )
  • Regnklær og støvlar
  • Tynn dress (haust/vår-dress)
  • Bleier, ikkje Up and go! Stellekrem.
  • Vogn/vognpose for dei som treng det.
  • Koseklut/smukk for dei som brukar det.
Vinteren
  • Ulltøy/fleece til å ha under dressen
  • Tjukk og romsleg vinterdress
  • 2 par vottar (viktig at dei ikkje er for store!! Strikka vottar er supre til små hender.)
  • Hue med god passform/halshue
  • Hals eller buff, ikkje skjerf.
Ønskjer alle ungar og foreldre ein fin oppstart i barnehagen, og avsluttar med det viktigaste; MERK ALT, ALLTID!! 😉

Del gjerne med andre som treng det, og følg gjerne bloggen på Facebook.

-Gudrun-

Samling med nye barn

I dag fekk eg prøve meg med å ha samlingsstund med «nye» barn. Kjenner dei jo for so vidt, men dei går på ein anna avdeling, og me kjenner ikkje kvarandre så veldig godt. Alderen var 15 mnd-3 år.

Det som funka var «Mange slags edderkoppar» Slo virkeleg an! Alle ungane, 13 stk tilsaman, sat som lys, sang og gjorde bevegelsar. Andre bevegelsessangar funka òg fint, men me gira berre opp til 3. gir med Ford Escorten.

Prøvde òg å lese bok, om Moi. Dei er enkle og morosame bøker om monster 😉 Med mi vanlege gruppe, stille ungane krav om at eg må lese tre bøker, helst fleire gonger kvar bok. Men i dag vart det berre ei, for eit åringane klarde ikkje å halde fokuset så lenge. Men ei bok gjekk heilt fint.

Lengda på samlinga var ca 15 minutt, akkurat passe lenge. Og ein ting til som funka som fjell; BOKSEN!!

Kva funkar for deg med nye barn?

-Gudrun-

Å prøve noko nytt.

Eg har jobba på mange forskjellege avdelingar og barnehagar i løpet av dei siste 16 åra. Eg starta min karriere med å dele mellom ein 1-6 ein avdelingsbarnehage og ein 0-3, med overtall av 2-3 åringar i ein tre avdelingsbarnehage. Eg har jobba i rein 3-6, med 18 barn, med 24 barn, blanda 1-6 avdelings med tilsammen 27 barn, liten 1-3 avdeling med 6 barn, 2-4 års avdeling med 12-14 barn, rein 2 års avdeling med 8 barn. Med andre ord masse forskjelleg, men til hausten skal eg likevel prøve noko nytt. Eg skal jobbe med ei gruppe med berre 1 åringar.

Mange små nøster som skal ha sitt første møte med barnehagen. Eg har jo allerede skrive eit innlegg om å jobbe med små barn, men no ønskjer eg hjelp til ein idèbank; kva funker med 1 åringar, kva funker med 2 åringar, kva funker med tre åringar, kva funker med 4 åringar, kva funker med 5 åringar, kva funker med 6 åringar?

Med eit åringen, tenkjer eg at Vrimlebøkene må vere perfekte. Dei har ialle fall slått godt an i heimen på den tida, dei funker jo godt oppover i alder òg, set berre litt krav til historieforteljaren. Pål-bøkene likar eg òg veldig godt til små barn, passe enkelt med 2-3 ord i kvar setning. Eg gledar meg til å fylle på denne lista, kva som er moro med 1 åringar. Har du erfaring? Vil du dele? Kva funker ikkje?

Eg jobba saman med ei veldig flink dame for 11-12 år sidan. Ein ting ho hugsa med meg, var at sangane me sang skulle vere skikkelege. Eg er ikkje fan av det eg, litt stygt kanskje, men dog, kallar Labbetuss-sangar. Sangar av typen «Kva for dag er det i dag? Kva for dag er det i dag?» Sangane me syng skal vere morosame, skal gi oss noko når me syng, skal engasjere oss. Eg likar lite monotome sangar som går bortover og som ein nesten gruer seg for å synge. Så eg kjem nok ikkje til å synge slike med eitåringane heller….

Med fare for å ha skremt deg: Kva syng de saman med eit åringar? Kva likar dei?

Og har du tips som fungerer med 2, 3, 4, 5 eller 6 åringen? Skriv ein kommentar, eller ein melding på Facebook Del gjerne posten med andre du trur kan bidar til idebanken <3 -Gudrun-

Sol – sol

Om det ikkje passa så veldig med snøsangar i januar, så er iallefall SOL sangar på sin plass no <3 Bildet er frå i går, og viser korleis me har hatt det siste veka! Me kosar oss!! Januar var tung, mørk og kald, men no er sola tilbake og varmar oss på dagane sjølv om det er kaldt på natta. Eg veit mange solsangar, t.d den som Maria nemde for meg på Facebook-sida til bloggen; «Viss eg fekk verra sola di» og «Soltrall«, Alf Prøysen sin klassikar. Men desse er jo opphavsbeskytta, så eg vil ikkje skrive ned teksten før eg evt. får lov.

Ein sang eg skal lære meg, er Skin på meg sol. Ungane har hatt den som vekessong på skulen, men eg har aldri heilt lært meg korleis den er, men det er ein sang eg likar. (Jepp, det vart ein rar setning, og gav vel ikkje meining i det heile, men eg skal lære meg denne sangen når eg får sjansen…) Eg kan den nesten 😉

Skin på meg sol
Skin på meg sol,
skin på min arm,
skin på mi hand,
sol gjer meg varm.
Skin på meg sol,
skin i denne stund,
skin på mitt auge, mitt kinn og min munn.
Sola er god
Sola er god,
sola er toppen.
Sola er varm
og ho brunar på kroppen.
Sola som skin her,
kvar morgon for meg,
sola i Sogndal er best, tykkjer eg.
Sol, sol
Sol, sol, kom igjen.
Sola er min beste venn.
Vekk med sky og paraply,
hald no opp med regnet.
Sol, sol, kom igjen,
sola er min beste venn.
Varm meg her og varm meg der,
og varm meg alle stader.
Det finst mang sol sangar, lovsangar til sola. Og dette er berre eit lite knippe. Kva er din favoritt sol-sang? Er du glad i sola? Eller likar du best mørk vinter?
Eg må innrømme at eg er veldig glad i sol, men endå meir glad i månen! Eg er ikkje nattperson i det heile, men ingenting er så vakkert som månen på klar himmel. Eg vert heilt trollbunden!
Kos deg i sola, som eg håper varmar heile landet no i kalde vintermånadar. Kommenter gjerne i bloggen, kjekt å høyre kva du som er innom meiner. Og takk for at de jevnleg besøker bloggen min sjølv om eg no berre oppdaterer to gonger i månaden. Kjekt å sjå at bloggen vert besøkt <3
-Gudrun-

Gudruns favorittar del 1

Dette vert nok ein del 1, del 2. ….del 10 post-overskrift. Sidan eg skreiv nokre gamle favorittar i forrige post, fekk eg inspirasjon til å starte på ein eg har tenkt på lenge. Mine favorittsangar.

La oss starte med babysangar. Kva eg har sunge til mine når dei var babyar.

Eg har gått på babysang på Frelsesarmeen med alle mine tre, og der har me hatt nokre gjengangar-sangar. Nye for meg, men eg trur det er sangar dei brukar på babysang på Armeen rundt om. Eg dristar meg til å skrive ned teksten på nokre av dei, nynorsk-sogningifisert sådann.

Du er så fin
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Nydeleg sang å synge mens du vugger babyen og snuser inn babylukta.
Får eg gråte med deg
Får eg gråte med deg når du gråter?
Får eg halde deg når du er redd?
Får eg trøyste på mange slags måter?
Får eg sjå deg når du vil bli sett?
Du får gråte med meg når eg gråter.
Du får halde meg når eg er redd.
Du får trøyste på mange slags måter.
Du får sjå meg når eg vil bli sett.
Til minsten var det jo storesøster og storebror som sang godnatt-sangar når nurket låg i magen. Storesøstera (7-8 år) sang «Berg og båre» (sjå tidlegare post) og «Blåmann bukken min», mens storebroren, som då var 4-5 åring sang div Bæbæ sangar, Roro din båt og So ro lillemann.
Til storesøstera sang eg tre sangar kvar kveld (nesten), Den fyrste song, So ro lillemann og Byssanlull koka kittlen full. Og til mellomgutt vart det felles synging med storesøster om kvelden 😉 Hans favoritt sang som liten var Ro ro din båt. Det er ein flott «nærheit»-sang og synge med babyen, halde han (i og med at mine to siste har vore han) tett inntil og vugge med sangen. Søskenbarnet til ungane mine, hadde «Kven kan sigla for utan vind» som favoritt, men bytta om åror med Håvard.
Det er ikkje nøye kva du syng til babyen, eller korleis du syng det. Babyen elskar å høyre stemma di, og at du held han tett inntil deg mens du syng <3
Til babyen er det rolege favorittar eg har, eg lovar deg at når me veks til, er det meir tjo og hei! Med store bevegelsar og meir liv!
Kva syng du til babyen? (Eller sang for dei fleste av oss, sidan babytiden er så utruleg kort…)
-Gudrun-

Samling med små barn

Eg hadde ein spørjeundersøkelse for ei tid tilbake, der det var fleire som hadde lyst til å få tips til samlingsstunder med eit åringar. Og med eitåringar tenkjer eg ENKELT! Du må ha enkle sangar, enkle eventyr, enkel dramatisering.

Dersom du skal ha eit drama med eit åringar, må du sjå nesten lik deg sjølv ut, berre med noko lite som gjer deg annleis enn vanleg. Td. ei hue, eit skjerf e.l. noko heilt enkelt, som ikkje gjer deg skremmande og framand. Og det må vere kort og enkelt. Du kan bruke eventyr, men kutt ut masse! Og gjer det enkelt. Og kort. Som eventyr, er jo Bukkane Bruse ein slager, men det er ingenting i vegen med å bruke teksten til ein sang som inspirasjon. Ha med nokre småting til å dramatisere med, dersom du ikkje brukar deg sjølv. Me brukte (med våre toåringar, rettnok) ein løve-bamse, ei lita tre-mus og eit nett som eg laga av piperensarar, til å illustrere ein fabel frå Malawi. Meir trengde eg ikkje, og ungane sat som tente lys.

Sangar med eit åringar gjeld jo mykje det samme. Gjer det enkelt, syng tydeleg og SAKTE! Ein sang eg lærte av ein logoped på PPT, er ganske enkelt. «Bil-bil-bil…osv» på Bæ-bæ melodien. Du kan bruke kva slags ord du vil. Bruke interessene til ungane. Elles er jo dei vanlegaste av dei vanlege barnesangane, som Mikkel Rev, Alle Killebukkane, Lille Petter Edderkopp (sjå ein av dei første postane i bloggen!!), Bæ bæ lille lam (Sjå òg her ein tidlegare post) osv.

Lag enkle sangar sjølv, denne lærte eg på eit kurs for mange år sidan, og tekst og melodi er av Sanne Agatz, sangen er genial til små barn og ein. (Kjære Sanne, håper det er greit at eg deler den, dersom du ikkje likar det, så ta kontakt 🙂 )

Tre små griser
Tre små griser
la-lu-la-lu-la-luDe sang på veien
la-lu-la-lu-la-lu
Så kom ulven
la-lu-la-lu-la-lu

Grisene ble redde
la-lu-la-lu-la-lu

Hva tror du så de gjorde
la-lu-la-lu-la-lu

De sprang hjem til mamma
ha-ha-ha-ha-ha-ha
samlingsboksen_inspirasjon_griser
Slik er ein perfekt småbarnssang, som passar veldig godt til eit åringar. Få ord, enkel tekst. Melodien finn du

Bøker til eitåringar; Pål-bøkene! Dei er virkeleg tilpassa små barn!
Reknar med det er fleire som har meir erfaring med eit åringar i barnehage der ute, del gjerne dine tips med kva som funkar!! Og dersom du har ein eit åring sjølv, kva likar han/ho? Kva er topp for tida? Saman vert me sterke! La oss hjelpe kvarandre med å utvikle oss vidare <3
Hugs å lik bloggen på Facebook og få eindå fleire tips til ein kreativ kvardag.
-Gudrun-