Vart eit litt «peikepinn»-innlegg forrige gong, og framstilling av meg sjølv som perfekt 😉 Det er eg ikkje, eg har ikkje alltid med meg alle som er på samling, ungane kan miste konsentrasjonen og engasjementet.
Viss det skjer, så gjer eg ein av to ting; anten trekker eg eit eller anna spennade ut av kassen, eller gjer noko sprøtt, eller så AVSLUTTAR eg samlinga. Det er ingen skam å snu, veit du. Avslutt med stil!
Eg har vel sagt det før; eg har fast start og fast slutt på samlinga, slik at ungane veit når me startar og veit når me sluttar. Eg var på ein førestilling her hin dagen, ein musikal, der det ikkje var nokon tydeleg slutt, eg var «lika vise» om det var slutt eller skulle fortsette. Det må me tenkje på når me «underheld» ungane òg, at det er faste rammer, slik at dei kva som skjer.
Eg var òg på eit stand up show forrige veke, har vore veldig kulturell av meg i det siste 😉 der stand up komikaren kom hoppande ut på scena, i rosa ticot. Kollegaen min snur seg automatisk og seier; «Det der, det er sånt som du kunne funnet på, du er sånn passe gal og kan gjøre sånt.» Ehe…javel, det stemmer vel for så vidt, eg trur eg hadde elska å stått på scena. Eg har jo for so vidt prøvd det, *knegg* på russerevyen i Sogndal i 1994 😉 og hadde det kjempe gøy! Hadde ein replikk; «Eg? Nei, eg skal til Kaupanger, eg…!!» Og hugsar det, gjer eg, nesten 20 år etter.
Men; innlegget var altså meint som ein unnskyldning til alle som har slike «skuletime»-samlingar, eller som har kjefta på ungane for at dei ikkje er i ro. Eg har gjort det, eg òg, men eg vert bedre og bedre, på å finne på sprell, eller avslutte samlinga. Gjer det du òg! Og lær for all del ungane om tresortar.
Og; gled deg til 1. desember, då begynner adventskalendaren min! Ungane valde Haribo kalendar, (eg gjer IKKJE pakkekalendar! Ungane får nok pakkar den 24.) Eg var veldig glad at dei tok godteri-kalendar i år, for dei andre plastræl-kalendarane vert liggande som rot og skrot i heimen. Godteriet vert iallefall oppete, og det er advent. Men den kalendaren eg driv og lagar her på bloggen, er meir som ein aktivitetskalendar, der eg deler juleoppskrifter og aktivitetstips. Var og handla litt stash på Søstrene Grene i dag, så no vert det masse fint 😉 Og det deler eg med deg! Og du, ikkje få dårleg samvittigheit over alt du ikkje får gjort, det er meint som inspirasjon! Første posten er nokre super gode italienske julekaker! Gled deg!!
Klem,
-Gudrun-